Næringslivet om nye Stavanger

1. januar 2020 slår Finnøy, Rennesøy og Stavanger seg saman til nye Stavanger kommune. Kva meiner næringslivet om den nye kommunen? Me tok ein prat med nokre av bedriftene som held til på Judaberg.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1
  1. Korleis blir det å drive bedrift/butikk på Finnøy etter samanslåinga med Stavanger og Rennesøy?
  2. Kva er dei største fordelane med samanslåinga? Og dei største ulempene?
  3. Korleis trur du dette påverkar Finnøy?

(Foto: Privat)

Geir Asbjørn Saupstad

Banksjef, Sparebank1 SR-Bank.

  1. Eg tenkjer at samanslåinga med Stavanger ikkje vil medføre noko veldig stor endring for dei aller fleste bedrifter på Finnøy. Lokale butikkar vil alltid vere avhengig av at lokalsamfunnet støttar opp, også i nye Stavanger. Få stadar har ein slik herleg lokalpatriotisme som Finnøy og den er eg heilt sikker på vil leve vidare også etter samanslåinga.
  2. Eg trur at ei av dei store fordelane med samanslåing er større fagmiljø for dei tilsette i kommunen. Reint økonomisk vil ein nok få mange stordriftsfordelar og målet er jo at ein samla kan gi eit betre tilbod til innbyggarane i nye Stavanger. Ulempene kan vere at avgjerslevegen blir ein del lenger og at lokal påverknad er mindre i eit bystyre. Kanskje vil ein sjå at nokre tenestetilbod blir sentralisert.
  3. Trur at samfunnet ikkje vil bli endra i særleg stor grad og at dette ikkje vil medføre noko stor endring for det lokale næringslivet.

(Foto: Hilde Hauge)

Kjell Augestad

Rekneskapskonsulent, Finnøy Økonomi.

  1. Me er digitale og ser ingen geografiske grenser for verksemda vår. Me har kundar frå nord til sør i landet vårt. Sjølv om mesteparten er lokale bedrifter med tilknyting til Finnøy.
  2. Som bedrift vil me ha gode høve til å konkurrera med rekneskapskontor i Stavanger, som har mykje dyrare kostnader enn oss på Finnøy og Sjernarøy. Ulempene er den personlege kontakten med nye kundar frå byen som går elektronisk i forhold til fysisk frammøte med overlevering av dokumenter.
  3. Eg trur at dette gir alle øyane i  Finnøy større sjans til utvikling av både næringsliv og busetjing. Me har flott natur som vert eksponert for ein større marknad og samanslåinga vil gi oss større tilhøyre til Stavanger.

(Foto: Hilde Hauge)

Sven Inge Goa

Dagleg leiar, Coop Extra.

  1. Å drive butikk er ganske likt enten du driv her eller der. Med andre ord så tenkjer eg at vi ikkje vil merke noko spesielt frå den eine dagen til neste dag etter ei samanslåing.
  2. For storkommunen vil det nok opplevast som meir rasjonelt og effektivt. Ein kan jo og håpe at det lokalt kan bli skapt nokre fleire arbeidsplassar og ikkje minst at fleire ser syn på å flytte til vakre Finnøy. Eg trur me i større grad kan miste noko av kontakten mot kommuneadministrasjonen. I dag er det kort kommunikasjonsveg til der kor avgjersler blir tatt i kommunen. Det kan bli eit sakn.
  3. I dag er det mykje dugnad i kommunen, også frå kommuneadministrasjonen. Dette ser ein blant anna under Tomatfestivalen. Det er ikkje sikkert at dette vil ha like stort fokus frå ein administrasjon som sit ein annan stad og ikkje føler på pulsen kva som går føre seg.

(Foto: Privat)

Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø

Finnøy Blomster.

  1. Det blir veldig viktig å halde liv i mindre sentrum og framleis vise på kartet i ei framtid som storkommune. Men me har god tru på at fastbuande og turistar held fram med å handle lokalt og støtte lokale bedrifter på Finnøy, også etter samanslåinga.
  2. Breiare kompetanse er ein fordel, mindre lokaldemokrati og større avstandar til tenestetilbod er ei ulempe.
  3. Me vel å vere positive, sjølv om me veit det blir utfordringar. ■
Tilbake til toppen