Annleis, men det same

Eg var på ein konferanse i Haugesund for ei tid tilbake. Tema var framtida.

Eg var på ein konferanse i Haugesund for ei tid tilbake. Tema var framtida. Om kor me bør gå, om kor verda går og om kva me må gjere for å halde på vår posisjon på toppen av den globale kransekaka.  

Sjølv om det var ein god konferanse hugsar eg ikkje så mykje frå han. Eit føredrag festa seg likevel godt.  Føredragshaldaren var noverande direktør for Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre. Då han haldt føredraget var han dagleg leiar ved litteraturhuset i Oslo (trur eg).

Aslag Sira Myhre hadde ein robust, viktig men likevel velkjent tittel på sitt føredrag. «Kva skal me leva av i framtida». Dette er føreseieleg tenkte eg. Her får salen høyra eit politisert innlegg prega av tradisjonelle skiljelinjer innan norsk politikk. Kanskje litt meir polert og tannlaust som følgje av den nye rolla til talaren, men krydra med dei tradisjonelle døma om merkelege og eksotiske jobbar som enda ikkje er funnet opp.

Men eg gjorde ein klassisk feil. Eg undervurderte talaren. Aslak Sira Myhre har ikkje fått verv og jobbar som følgje av slump. Han er – som mange andre engasjerte unge menneske til Høgre, Venstre og i Sentrum i Noreg – eit dyktig menneske.  

«Kva skal me leva av i framtida» – spurde Aslak. Bodskapen var klar, enkel og elegant. Me skal først og fremst leva av det same som me lever av i dag.

Også i framtida skal me leva av å laga mat. Det blir kanskje litt annleis, som då store drivhus og oppdrettsanlegg skapte nye vilkår for å laga mat i Hjelmeland og Finnøy. Me skal leva av industri og teknologi som me har gjort, både i form av smelteverk, mekanisk industri og anleggsverksemd. Det blir kanskje annleis, som til dømes når teknologiutvikling og betringar lagar nye behov for kompetanse og arbeidskraft på verka i Sauda og på Strand.

Me skal leva av kraft og energi, me skal leva av å tilby opplevingar til besøkande frå inn- og utland. Me skal leva av å byggja hus, hytter og velferdstilbod. Me skal leva av tenester me yter til kvarandre innan helse, utdanning og velvære.  

Det me skal leve av blir kanskje litt annleis, men det blir truleg

mest variantar av det same.

Men, me må vere opne for sjansar og høve som byr seg. Også Aslak var tydeleg på dette. Nokre gonger kjem det unike sjansar. Noko nytt, noko me ikkje har levd av før.  

Ein slik sjanse byr seg i Ryfylke nå. Det handlar om infrastruktur, kanskje det største infrastrukturprosjektet Ryfylke nokon gong kan drøyma om.

Ein internasjonal motorveg frå Suldal til verda, og frå verda til Suldal. Det handlar om sjansen til å få lagt fiberkabel saman med Statnett sin strømkabel mellom Blythe i England og Kvilldal i Suldal. Kan det bli noko å leva av? Ja – utan tvil.

Verda etterspør sikker datalagring i stadig større omfang. For at stadig fleire skal kunne vera online og i «skya» trengs store serverparkar og raske digitale motorvegar. Helst skal desse moderne arkiva vera drivne av rein, fornybar og rimelig energi. Datasentra veks rundt oss, men enda ikkje så mykje hos oss (eit heiderleg unntak er Green Mountain på Rennesøy og Rjukan!) Facebook har landa i Luleå i Sverige, Google har landa i Hamina i Finland og Apple har landa i Athenry i Irland og Viborg i Danmark. Dei har gitt desse regionane og lokalsamfunna noko meir å leve av.

Eg veit at Ryfylke kan og har det som trengs for å vera vertskap for store datasenter. Store mengder energi, areal å byggja på, gode samfunn å leva i og ikkje minst kommunar og næringsliv som

vil våga å satsa på ein slik sjanse. For å skapa sjansar for ny vekst og utvikling må Statnett eller regjeringa fatta avgjersler som sikrar at fiberkabel blir lagt saman med strømkabelen mellom

England og Noreg som skal byggjast i perioden 2017-2021. For Rogaland og Ryfylke er dette eit høve som gir oss noko annleis å leva av, men som likevel handlar mest om å få høve til å bruka ressursar og kompetanse me allereie har og kan vidareutvikla.