Sceneliv

Ho er dårleg på small talk, men blir inspirert av djupe samtalar. – Å få lov til å kome ned i kjensledammen til folk, det er mat for ein skodespelar, meiner Ellen Dorrit Petersen (42)

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

Ellen Dorrit er jenta som aldri snakkar, no ligg ho under kateteret i klasserommet på Tau, det er tidleg på 80–talet og førsteklassingen Ellen Dorrit vil spele dokketeater for resten av elevane.

– Då eg låg der med dokkene i lufta og brått oppdaga at eg hadde gått vekk frå heile manuset og latt meg drifte av garde i ein leik utan særleg tanke for publikum, lærte eg og noko om kor viktig det er å gjere det ein har blitt samd om, fortel ho.

Som barn drøymde ho om å bli berømt, og om å bli sett. Ho var ikkje meir enn sju år då ho byrja å ane at skodespelar var kallet hennar, det var så tidleg at ho ikkje eingong visste kva teater var.

– Då eg plutseleg lærte å skrive og lese, byrja eg også med å skrive ned replikkar og små stykke. Då eg byrja på skulen hadde eg allereie lang trening i å gi regi, mi eit år yngre besteveninne gjekk heller ikkje i barnehagen, og eg hadde instruert henne i rolleleiken så lenge eg kunne hugse, seier Ellen Dorrit og mimra tilbake til oppveksten på Tau. Ein oppvekst i ei bygd med få menneske og få barn rundt seg. Sjølv meiner ho at ho var litt sosialt analfabet godt fram til i vaksen alder. Likevel sette barndomsåra solide avtrykk i henne, og gav henne rom til å bli kreativ.

– I 2. klasse fekk me tjukke lesebøker, kvart år ei ny. Det var alltid eit teaterstykke i dei bøkene, og eg reiv opp boka og lette det opp så fort eg fekk boka på pulten. Eg lærte replikkar ved å så vidt kaste eit blikk på dei, alle sine, og så var det berre å gå å vente på den dagen me skulle byrje å øve på eit av stykka.

Ho kan framleis kjenne på sorga som breidde seg i magen då dei skulle spele Prinsesse Blåklokke, og Ellen Dorrit vart valt ut til å bli forteljar, sidan ho var så god til å lese, og så god til å hugse. Då blødde skodespelar–hjarta litt ekstra. Ellen Dorrit vaks opp i ein heim som etter hennar eiga meining var som tatt ut av eit landskap hjå både Astrid Lindgren og Roald Dahl. Med heimeverande mor og mormor i andre–etasjen var livet forutsigbart og roleg. På den andre sida var far hennar naturfaglærar og hadde fylt opp både hus og hage med fuglar og dyr av ymse slag. Ofte overnatta ho og veninnene i eit syttitals–telt i hagen.

– Det er vel eit av mine sterkaste minne. Å vakne til lyden av fasanane og påfuglane, berre få meter frå hovudputa. Då ein som barn kan kjenne at det kriblar i kroppen fordi ein skjønar at ein lever i noko som er ganske eksotisk, då sit det i resten av livet.

Oppveksten i Ryfylke har gitt henne ein trygg ballast, og tru på ein kan få oppleve draumane sine.

– Om Ryfylke har gjort noko for meg og karrieren som skodespelar må det vere den lengta som blei skapt i meg. Lengta etter noko større, noko fantastisk, noko der folk lever og pustar til ein kvar tid, der det er musikk, liv og moglegheiter. Eg kan så godt hugse kjensla av å sykle gjennom den varme Oslohausten som ny student på teaterhøgskulen. Kjensla av at livet til ein kvar tid kan bli endra og påverka.

– Krafta som finst i utferdstrongen, i suget ein kan ha i magen over tanken på kva som finst der ute i verda, den trur eg ikkje ein får om ein veks opp med alle tilbod rett utanfor stovedøra.

‍Ellen Dorrit ynskjer å portrettere menneske så kompleks som mogleg.

Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og Statens Teaterhøgskole, og var ferdig der som 30–åring. Etter det vart det mange år på teater, først på Rogaland Teater, deretter til Det Norske Teateret. I dag er ho frilansar, og har dei siste åra arbeidd seg opp til å bli ein mykje brukt skodespelar i film.

– I kombinasjon med familieliv vart det til slutt eit enkelt og uungåeleg val. Etter åtte år på Det Norske Teatret tok eg hatten min og gjekk ut i fridomen. Eg har ikkje hatt eit sekund med tvil om at eg gjorde det rette. Og det beste av alt er at eg er viss på at det om nokre år igjen vil melde seg eit nytt driv for å ta med kunnskapen eg har fått frå filmjobbinga, tilbake til scenen. Eg gler meg til det.

Me kjenner henne som Ingrid i Blind, filmen om den blinde kvinna som kom ut i 2014 og som på mange måtar vart gjennombrotet hennar på film. Etter det har me sett henne i tv–seriane Frikjent og Aber Bergen for å nemne noko.

– Blind var ein viktig film for meg, fordi eg hadde vore usikker ei stund, etter å ha fått barn og kjent på ulempene omkring å måtte gå på teateret kvar kveld før dottera hadde lagt seg. Etter Blind fekk eg mot til å tru på at det kunne gå an å leve av å vere filmskodespelar. Det gjekk endå eit år eller to før eg sa farvel til teateret, men det var startskotet.

Ho veit kva ho ynskjer å formidle til publikum.

– I all hovudsak ynskjer eg å portrettere menneske så komplekst som mogleg, for alle menneske handlar ut i frå ein logikk, sjølv om dei kan virke manipulerande, fæle eller redde. Å gi publikum eit lite vindauga inn til eit anna menneske, som dei vanlegvis ikkje ville få tilgang til, fordi me er så gode på å skjule det for kvarandre.

Blind og Iskyss gav henne også Amanda for beste kvinnelege skodespelar, i tillegg har ho fått Kanonprisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla i Blind. Ei av dei beste opplevingane som skodespelar var likevel då ho som niande–klassing våga seg på scenen under ei juleavslutning med ein eigenskriven monolog.

– Det var det første steget på ein lang veg, men det var det første av verkeleg betydning, seier ho.

‍Etter mange år på teaterscena har Ellen Dorrit gått over til filmverda. Men ho nektar ikkje for at det kan bli meir på teateret etterkvart.

Ho er busett i Oslo, langtidsforlova med musikar Ola Fløttum og saman har dei Elia og Rakel. Sjølv meiner ho at ho er blitt eit betre menneske som mor, litt mindre svart/kvit og i betre stand til å gle seg over dagen som er i dag.

– Kva er ein perfekt laurdag for deg?

– Sol. Varme. Hagearbeid. Grilling. Gjester på kvelden når syrinlukta omkransar oss.

Livet med to frilansarar i heimen kan vere utfordrande.

– Ulempene er at det aldri lar seg gjere å planlegge framtida økonomisk. Me klarer oss godt, men det har vore periodar tidlegare det har vore skrante i pengesekken. Likevel har me klart oss utan NAV.

Ho elskar fridomen, å kunne styre sin eigen arbeidsdag.

– Det er topp, eg elskar å ha fri. Eg treng å ha fri, då går det an å kome i kontakt med drivkrafta igjen. ■

Tilbake til toppen