Historisk gardsbesøk

– Utan historia om fortida går me fattige inn i framtida, meiner Reidunn L. Botnehagen. På garden Haukali gir ho turistane ein smak av kvardagen anno 1850.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

For fem år sidan kjøpte Reidunn L. Botnehagen garden på odel frå bestefaren. Sonen hennar Ola med kona Kariann og barna var klare til å drive garden, og sjølv kunne ho godt tenkje seg å flytte frå Jørpeland til Forsand. Ho haldt fram med jobben på kulturkontoret i Strand, og flytte til Haukali der ho etter kvart byrja med turisme. Ved å leige ut ei hytte som høyrde garden til, trefte ho menneske på reise. Det skapte grobotn for fleire reiselivsidear.

– Eg byrja å gå rundt her i nærmiljøet og tenkte på dei som hadde drive her, som sleit i kvardagen og levde eit liv som er veldig annleis frå det me kjenner. I dag er alt tilrettelagt, og alle behov blir dekka. Etter kvart kom ideen om å skape historia om att, for at andre skulle få leve i ein annan kvardag og oppleve det eg kjende på var magisk, fortel gründeren.

– Dei som kjem her skal ikkje berre sjå idyllen frå gamle dagar, men også slitet og alt arbeidet. Det er viktig.

Huset på Haukali er omlag like stort som husmannshusa var i Ryfylke.

Haukali

Reidunn L. Botnehagen har starta opp med gardsturisme på garden Haukali i Forsand. Her lar ho turistane få ein smak av kvardagslivet i 1850.

På garden sto det eit bygg som var falleferdig, Reidunn bestemte seg for å reise opp att huset. Her kunne ho ta i mot turistar som søkte seg vekk frå hotellstandard og by-weekend. I dag ligg det vesle husmannshuset der som ei perle, ei lafta stove med torvtak, rosa dørkarm og lyseblå glaskarmar. På loftet er det innebygde senger, i stova er det parafinlampe, langbord og slagbenk. I grua kan ein fyre opp med ved ein har hogd sjølv og her kan ein også steike brød etter gamal oppskrift. Ute er det eige bad under friluft, med badekar i sink, blåmønstrete krukker og dusj. Inne heng det også gamle klede som ein kan låne for å ta tidsrette bilete av familien.

– Huset er om lag like stort som husmannshusa var i Ryfylke, sjølv om dagens krav gjer at ein må modernisere det litt. Huset har ei stove, eit kammers, ein gang og ein hems. Men det er ikkje innlagt vatn, dusjen er ute med kaldt vatn og ein må sjølv hogge ved for å få varme i stova. Det er litt av vitsen, slår Reidunn fast.

Reidunn L. Botnehagen har skapt eit unikt reiselivsprodukt i Forsand.

I arbeidet med huset fekk ho god støtte av Innovasjon Norge og Kari Sand i Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke.

—  Eg byrja å gå rundt her i nærmiljøet og tenkte på dei som hadde drive her, som sleit i kvardagen og levde eit liv som er veldig annleis frå det me kjenner
[Reidunn L. Botnehagen]

– Det var Kari Sand som oppmuntra meg til å satse på dette som ei spanande tilleggsnæring. Innovasjon Norge har også losa meg trygt gjennom dette, skapt ei kundereise og gitt støtte til å få bygget opp igjen. Dei har tru på konseptet, det er kjekt, meiner Reidunn.

I forprosjektet reiste Reidunn til Ryfylkemuseet og las om dei som arbeidde lange dagar for å få maten på bordet, om husmenn på små gardar i Suldal som hadde mange barn og lite mat. Om heimar der dei gamle døydde i stova og vart liggande der til gravferda. Om mødrer som døydde i barsel, også dette i den vesle stova. Ho las og lot seg inspirere til å fortelje desse kvardagslege og ærlege historiene vidare. Husmannshuset sto ferdig til jul, og no startar første sesongen der turistar kan leige seg inn. Allereie har ei indisk gruppe vist interesse for konseptet, og eit tysk magasin har varsla at dei gjerne vil lage reportasje frå husmannsplassen. Etter kvart vil dei også tilby guida turar i nærområdet, det kan vere ein rusletur på gamle tufter, eller ein båt på fjorden for å setje garn.

– Mange kjem jo også til Lysefjorden fordi dei skal på fjelltur, til Preikestolen eller Kjerag. Mange byrjar også å få auga opp for andre turar rundt oss.

– Det aller kjekkaste er å bygge dette opp, eg er ikkje så god til å tenkje kommersielt og ta betalt for desse opplevingane. Heldigvis tar dotter mi, Maria, seg av den jobben. For meg handlar det mest om å vise fram skattane frå fortida, seier Reidunn og smiler. ■

Tilbake til toppen