Padlar på turismebølga

Kvar sesong byr på fleire eventyrlystne turistar for Lysefjorden Kajakkutleie. Dette merkar dei på både språkkunnskapane, kulturforskjellane og det auka samarbeidet mellom reiselivsaktørane i området.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. I år er bedrifta klar med utvida tilbod om guida turar. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur. Morgontimane går då til å hjelpe dei som leiger kajakk med pakkinga og vise praktiske ordningar. Klokka 12 er han ute på guida tur rundt Jørpelandsøyane i to og ein halv time, der han fortel om alt frå fugl til fisk.

– Det er alltid like spennande kva ein ser, seier Stuvik. Om du har vore der hundre gonger før er det alltid fint på turen. Kva ein ser av fuglar og fisk varierer. Det gjer også vêret. Han gjerne tar seg ein tur utpå fjorden med kajakken aleine også. Då finn han roen og slappar av.

Stuvik fortel at mange er fascinerte over at ein kan ha så mykje urørt natur rett utføre tettstadane og byane. Det er også enklare å ta seg ut i naturen i Noreg enn andre stader. Han minnest ei gruppe han hadde med seg frå India:

–  Dei var heilt overraska over at det ikkje var farlege dyr her. Dei spurde meg «you really don’t have a gun?» Det at dei kunne ta i vatnet, og gå på land utan fare for å møte tigrar var ei ny oppleving, seier han.

Storparten av kundane hjå Lysefjorden Kajakkutleie er frå utlandet, og kjem i hovudsak frå Tyskland, Nederland, Sveits og Danmark for å oppleve norsk natur. Årleg kjem det og grupper frå Kina og Australia. Dei får nokre henvendelsar frå nordmenn, men mest i form av teambuildingturar for bedrifter.

– Telefonen ringer i eitt gjennom sommaren. Eg blei til og med kontakta av telefonoperatøren for å bekrefte telefonloggen min. Det var ein god del land på lista, ler Stuvik.

Med auken i utanlandske turistar har han også fått trent engelskkunnskapane, og fortel at han ikkje såg seg sjølv som best i klassen på dette feltet.

– Når ein blir tvinga til å snakke engelsk blir ein berre betre, og du verda som ein lærer! Han fortel at han lærer om lag eitt nytt ord per guida tur.

Dei besøkande kjem med ulik erfaring i padling og med forskjellig forståing av sikkerheita som trengs. I Lysefjorden Kajakkutleige forhøyrer dei seg om erfaring, redningsteknikkar og sertifikat på førehand. Om turistane ikkje kan vise til at dei har den kunnskapen som trengs, får dei ikkje leige kajakk og ta ut på eiga hand. Det er ein av grunnane til at bedrifta tilbyr guida turar.

– Me har vore strenge på sikkerheita sidan fyrste året. Nokre kan nok kjenne seg snytt om me nektar dei, men me vil helst vere på den sikre sida. Til no har det vore lite uhell og tull, fortel Stuvik fast.

‍Dei besøkande kjem med ulik erfaring i padling og forståing av sikkerheit. Lysefjorden Kajakkutleie tilbyr difor både utleige og guida turar.
‍Det er mange attraksjonar å få med seg på guida tur til Jørpelandsholmane. Her padlar dei mot Solspeilet på Klungholmen.
‍Kunstverket og landemerket Solspeilet på Klungholmen utanfor Jørpeland blei ferdigstilt i september 2016 og er ein av stoppane på dei guida turane.

Nytt av året er overnattingsturar i telt der Lysefjorden Kajakkutleie tek seg av utstyr til tur og overnatting. Turen går frå Forsand inn til Dørvika som byr på utsikt til Preikestolen, og er samstundes godt skjerma frå vêr og vind. Der har dei tilgang til fasilitetar og bilveg om nokon skulle få kalde føter. Lysefjorden Kajakkutleie har opplevd god respons på dette tilbodet og har allereie fleire større grupper booka for tur.

Store turistattraksjonar som Preikestolen (300 000 besøkande årleg i 2016), Kjeragbolten og Lysefjorden har skapt ein god grobotn for fleire turistaktivitetar. Kajakkutleige og skreddarsydde opplevingar har freista mange eventyrlystne turistar. Det var i 2007 at Øyvind Stuvik såg dette potensialet, og bytta ut matrosjobben i Rødne Fjord Cruise med utleige av kajakk ved ferjekaien i Forsand, som blei til Lysefjorden Kajakkutleige.

Sidan Preikestolen er ein av dei store turistmagnetane i Forsand, var det her han satsa først på ringverknadane av turistindustrien med drop–in kundar.

– Før var det lite organiserte tilbod om opplevingar i Lysefjorden. Fleire har kome ned frå Preikestolen og spurt «What to do now?», forklarar han. Me har opplevd meir pågang år for år, eg tenker kvart år at eg håpar det er like mange som i fjor, men det er alltid fleire, seier Stuvik engasjert.

No opplever Stuvik at besøkande tek direkte kontakt med dei utan nødvendigvis å ha gått fjellturane eller sett Lysefjorden først.

– No kjem fleire kun for å padle. Dette er ikkje drop–in kundar, men folk som har planlagt eit halvt år fram i tid.  

Lysefjorden Kajakkutleie fekk raskt ei rolle som turistinformasjonssenter, der besøkande etterspurde informasjon om overnatting, matbutikkar, og andre aktivitetar i området. Stuvik byrja etterkvart også å vere med på planlegginga av hotell, mat og utstyr etter turistanes sitt ynskje.

– Dei vil lande på Sola, så vil dei ikkje tenke på planlegging og organisering meir, seier han og fortel vidare at dette passar han godt. Han trivs med å skreddarsy turane.  

Dette har vidare ført til god kontakt og samarbeid med ulike reiselivsaktørar i Lysefjorden. Stuvik fortel at kommunane og Region Stavanger legg opp til samhandling på tvers av bedriftene for å gjere det enklast mogleg for turistane. Lysefjorden Kajakkutleie har nyleg inngått samarbeid med opplevelsesbedrifta Outdoorlife Norway på bookingnettside, og saman kan dei tilby turistane gode opplevingar i og rundt Lysefjorden via fjordexpedition.com.

– Me har funne ut at me er over middels engasjerte i det me driv på med, og nokre ting kan me gå i lag på, seier han og viser og til at nokre prosessar som HMS–sikring og marknadsføring er lettare om ein er fleire i lag.

– Ryfylke er knøttliten i verda, difor er det berre ein fordel med samarbeid mellom aktørane.

‍Øyvind Stuvik, eldsjela bak Lysefjorden Kajakkutleie, er stort sett å finne i kajakken frå sesongen startar etter påske og fram til september.

Sjølv med aukande interesse frå både nasjonal og internasjonal turisme er det alltid eit spørsmål om ein skal satse og i så fall, kor mykje. For Lysefjorden Kajakkutleige har det vore ei gradvis satsing med åra der dei no har samla 35 kajakkar, og tilsett to nye guidar slik at dei til saman er fem tilsette gjennom sesongen 2017. Stuvik er takksam for at kommunen leiger ut lokalet ved ferjekaien til han, som er ei gunstig plassering for bedrifta. Vidare fortel han at om sesongen i år går bra, blir neste steg å få eit lokale på Jørpeland og.

– Ein veit ikkje korleis det går før ein har prøvd, konkluderer Stuvik. ■

Tilbake til toppen