100 år med kraft

I Flørli har det vore kraftproduksjon i 100 år. No er det blåst nytt liv i kraftbygda og den imponerande historia skal fram i lyset igjen.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Krafthistoria er ein viktig del av attraksjonsverdien som Flørli har, noko me jobbar med å få fram. Flørli må stå på eigne bein som turmål og skilje seg ut blant toppattraksjonane i regionen. Då har me trappene, unik plassering i Lysefjorden og krafthistoria som tre solide utgangspunkt. Me prøver å synleggjere og ta vare på desse, og utvikle tilbod til gjestene våre basert på det. Difor har me og store forhåpningar knytt til arbeidet som Lysefjorden Utvikling no skal gjere med historia om Flørli som levande kraftsamfunn, samt istandsetjing av turbinhallen, seier Hessel Haker.

Haker og Oscar Zaalmink driv kafe i den gamle kraftstasjonen i Flørli, dei driv og hostel og pub i bygda. Bedrifta deira Flørli 4444 har også fått namn etter dei 4444 trappetrinna i bygda som er ein stor turistmagnet og blitt ei populær rute for dei som er glade i å gå i bratte fjell i Lysefjorden. Reiselivsbedrifta i Flørli har ope frå april til og med september og har hatt ein eventyrleg sesong i år. I hovudsesongen er dei fire tilsette, turistar frå heile Noreg er den viktigaste gjestegruppa, men også mange utanlandske turistar finn vegen.

– Bedrift, lag, familiefestar og vennegjengar vel stadig oftare å legge turen til Flørli. Me tilbyr eit jordnært og folkeleg reiselivsprodukt utan luksus, der godt stell, det sosiale og dei idylliske omgjevnadane står sentralt, fortel Hessel Haker.

FLØRLI

Flørli kraftstasjon vart sett i drift i 1918. I 1999 vart kraftstasjonen auto-matisert og dermed vart bygda fråflytt. No er det på ny aktivitet i bygda og Lysefjorden Utvikling vil vise fram krafthistoria på ein ny måte.

– Stadig fleire av oss bur i byar. Då er det lett å gløyme ut at Noreg inntil ganske nyleg hadde mange slike grender og bygder utan vegsamband, der primærnæringa og handverk var viktig. Krafthistoria og den industrielle utviklinga som følgde med var drivkrafta bak Noreg sin framvekst som industrinasjon og ikkje minst eit velutvikla bygde-Noreg. Skal ein forstå landet vårt, er samfunn som Flørli verdt å ta i betraktning for det står stor respekt av det folk fekk til for hundre år sidan. Det er ein stolt arv verdt å ta vare på, slår Hessel fast.

I 1916 starta bygginga av Flørli kraftstasjon, som vart sett i drift i 1918. I 1927 kjøpte Stavanger kommune eigedomen og dreiv kraftstasjonen fram til Lyse tok over i 1992. I 1999 vart kraftstasjonen automatisert og dermed vart bygda fråflytt. Diskusjonane i etterkant har vore sterke på om ein burde rive den gamle kraftstasjonen eller ikkje. No har også Lysefjorden Utvikling mål om å vise fram krafthistoria i bygda på ein ny måte.

– Me har vore i kontakt med dei som har jobba og dei som har budd i Flørli gjennom tidene. Me jobbar med å skrive ned desse viktige historiene, målet er at ein skal få på plass ei utstilling i Flørli som viser det levde livet i bygda, fortel Åshild Hus i Lysefjorden Utvikling. Ho viser og til at utstillinga skal vere synleg over heile bygda, slik at gjestene skal møte drypp frå den gamle krafthistoria fleire stadar.

– Dette skal vere eit fotavtrykk frå den tida som har vore, og så er me jo glade for at det også i dag er liv i Flørli, Eg håpar at dei som ser utstillinga skal få eit innblikk i korleis det var å leve i ei veglaus grend langs fjorden her, seier Hus.

Ho håpar utstillinga i Flørli kan vere på plass innan eit par år, og jobbar no med å få finansiering på plass.

– Lysefjorden er ein magnet for turistar, ingen tvil om det. Det er truleg ei blanding av den mektige naturen som Preikestolen, Kjerag og Flørli, samt den sterke kulturhistoria som er her langs fjorden. Mange av gjestene som kjem vil gjerne teste eigne grenser, ein blir liten når ein går i desse fjella.

Åshild Hus viser også til at dette prosjektet passar godt inn i strategien til Lysefjorden Utvikling framover, ikkje minst sidan Lysefjorden nyleg fekk Merket for berekraftig reisemål frå Innovasjon Norge. Merket er eit verktøy for å arbeide langsiktig for auka berekraft over tid.

– Eg trur me har mykje å lære av fortida der dei klarte seg med eit særs enkelt liv, og med mykje mindre enn det me treng. På dette viset er me også med på å ta vare på natur- og kulturressursane våre.

– På nokre av turistpunkta våre, som Preikestolen, Kjerag og Flørli kan me regulere straumen med folk, og legge til rette for at ein kan ta imot mange gjester. Andre produkt me har, til dømes å vandre rundt Lysefjorden, er slett ikkje for alle, og noko me kan spisse meir mot dei få. Det er i stor grad vandrarar og dei som vil oppleve naturen som besøkjer oss, slår Åshild Hus fast.

Det er stor skilnad på kraftproduksjonen i Flørli frå 1918 til 2018. (Foto: Lyse)

– Krafta betyr mest der ho blir levert, ikkje der ho blir produsert. Slik er det i dag, og slik var det den gongen, fortel Tora-Liv Thorsen som har ei sterk interesse for lokalhistorie.

– Kraftstasjonen var ein trygg og god arbeidsplass for folk frå 1917 til 1999, då den nye stasjonen inne i fjellet blei opna. Frå då av blei alt fjernstyrt frå Tronsholen, Lyse energi sitt hovudkontor. Der krafta fekk stor betydning var i Stavanger. Krafta som i starten var tenkt til eit tysk stålverk, blei frå 1917 levert til Stavanger kommune, og frå 1926 seld til dei for 3,75 millionar. Stavanger som var mellom dei fattigaste byane i landet etter århundreskiftet, fekk no ein oppsving. No kunne alle verksemder få tilgang på elektrisk kraft. Dermed blei byen og folket der løfta ut av arbeidsløyse, elende og knugande fattigdom, fortel Thorsen.

Kraftstasjonen i Flørli er med maskinhallen, trallebanen, røyrgata og damanlegga på fjellet eit gedigent monument over dei slitarane som løfta eit heilt samfunn, meiner Tora-Liv Thorsen og viser til at anlegget i stor grad blei bygt med rå muskelkraft. Frå fjorden og opp til Ternevatnet på 740 moh, måtte alt av sand, sement, stål, spiker, materialar, mat med meir berast på ryggen. Først under monteringa av røyrgata kunne dei ta ibruk trallebanen.

— Krafthistoria er ein viktig del av attraksjonsverdien som Flørli har
[Hessel Haker]

– I Flørli finn me bustadar som er bygde i jugendstil og syner at det var eit tydeleg klassedelt samfunn. Her budde maskinmeisteren øvst oppe og i det største huset. Arbeidarane budde i fellesrom på brakker, seinare hus, heilt nede ved fjorden. I maskinhallen står ennå ein peltonturbin og ein generator, eit aggregat, som fortel sin del av industrihistoria. Røyrgata som blei klinka først, i 1916-17, ligg godt synleg, og var mellom dei lengste røyrgater av dette slaget. Tretrappa ved sida er verdas lengste med 4444 trinn. Den elektrisk krafta blei til stor vinning for landet, men vegen fram til straumen kunne leverast var lang. Flørli kan for all tid minna oss om dei som ofra både liv og helse, og løfta den unge nasjonen Noreg opp og fram. Difor må Flørli vernast som ein juvel ved Lysefjorden, meiner Thorsen.

Tidlegare i år var det hundreårsfeiring i Flørli. Her presenterer Hessel Haker og Jorunn Stokka frå Stiftelsen Preikestolen flørli-ølet som er produsert av Lilland Bryggerihotell.  (Foto: Lysefjorden Utvikling)

Administrerande direktør i Lyse Produksjon AS, Bjørn Honningsvåg, er også imponert over den innsatsen som er lagt ned i Flørli gjennom tidene.

— Det var nokre tøffingar som jobba med kraftproduksjon i den tida, når me skal til fjells på jobb tar me anten helikopter eller bil, her bar dei alt utstyr, det står det respekt av, meiner han.

Honningsvåg fortel at det nye kraftverket i Flørli er plassert 750 meter inn i fjellet, og er fjernstyrt frå Lyse sin driftssentral på Sandnes. Når alt går utan problem er det arbeidsfolk berre innom ein gong i veka, for å sjå til alt. Når det er større vedlikehaldsjobbar på gong blir den gamle messa som Lyse har bruksrett til for å overnatte i trappebygda brukt. Honningvsåg er også oppteken av at dei først og fremst skal produsere straum, medan reiselivet skal dyrke Flørli som attraksjon.

— Det betyr jo ikkje at me ikkje skal delta, me er ein aktør i Flørli me også, og me heiar på all næringsaktivitet som kan bidra til meir liv i bygda, slår Bjørn Honningsvåg fast.

Tidlegare i år var det storstilt 100-årsfeiring i Flørli. ■

Tilbake til toppen