Kommune på friarferd

Forsand er brura alle vil ha. No vil dei gifte seg med Sandnes.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 2
Mitt Ryfylke 2016 2

Forsand kommune har bestemt seg, no vil dei slå seg saman med Sandnes. Folket har lenge delt seg i to leirar, dei som vil at kommunen slår seg saman med Sandnes og dei som vil til nabokommunen i Ryfylke, Strand. Nokre ymta også frampå med Gjesdal som giftepartnar medan andre ville vere åleine, slik som i dag. Men til slutt sto løpet om dei to første alternativa.

Ordførar Bjarte S. Dagestad er ein av dei som har støtta Sandnes–alternativet heile tida. Han trur ei samanslåing med ein større bykommune uansett ville blitt utfallet i løpet av ein tiårs–periode.

– Viss me hadde slått oss saman med Strand no trur eg berre det hadde vore eit tidsspørsmål før me igjen hadde blitt for små. Saman med Sandnes blir me stødigare, og kan tilby eit betre tilbod til innbyggarane våre.

Sjølv om kraftkommunen Forsand har stabile og gode inntekter, er dei etter ordførar Dagestad si meining for små og har med sine 1200 innbyggarar for få innbyggarar til å halde fram som eigen kommune.

– Kostnadar for oppgåvene kommunane blir pålagde framover blir for store. No må gjere oss i stand til å møte framtida, meiner han.

Me møter ordføraren på ferjekaien på Oanes. Ferjesambandet har blitt eit heitt tema i striden om kommunesamanslåing, dei fleste i Forsand vil behalde sambandet over Høgsfjorden, også etter at Ryfast etter planen opnar i 2019.

– Denne ferja er viktig for oss, den er ei livsnerve i bygda her, meiner ordføraren.

Han viser til at Sandnes kommune og ordførar Stanley Wirak har lova å arbeide for ei privat drift av ferjesambandet. Det er også noko Strand har støtta i sitt framlegg til samarbeidsavtale. Strand–ordførar, Irene Heng Lauvsnes, har også vore ute i Strandbuen og meint at det er trist for Ryfylke dersom Forsand vel å satse på Sandnes. Også tidlegare ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, har vore ute å støtta Strand–alternativet.

– Eg tenkjer at Forsand blir ein naturleg del av Ryfylke uansett, ryfylkeidentiteten er naturleg for dei som bur i Forsand. Ekteskap med Sandnes treng ikkje å endre på det, meiner ordføraren.

Å realisere den planlagde tunnelen mellom Espedal og Frafjord, legevaktsamarbeid som i dag fungerer greitt saman med Sandnes kommune og sjølvsagt framtida til Høgsfjordferja har vore sentrale politiske tema i Forsand over lengre tid. ■

Tilbake til toppen