Askeladden

Asbjørn Birkeland (33) drøymde aldri om å bli ordførar. Det var før Senterpartiet gjorde eit brakval i industribyen.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 1
Mitt Ryfylke 2016 1

Det er tidleg morgon. Skydekket ligg tungt over Sauda. På Brekke er det ein vanleg morgon for familien Birkeland. Frukosten er så vidt

ferdig, på golvet i stova leikar Rasmus (3 år) og Alma (6 år). Far Asbjørn og mor Tone (33) pakkar barnehage- og skulesekk og klargjer nok ein hektisk dag. Rasmus er hakket meir interessert i togbanen enn å få på seg barnehagedressen, men når far Asbjørn lokkar med at dei kan renne på kjelke til barnehagen er minsteguten lett å overtale. På veg ut dørene får og Alma vise oss både kanina Henry og hønene som bur i garasjen – tenk heile fem egg kunne seksåringen hente inn før ho reiste på skulen.

— Det er reine småbruket dette, me er snart sjølvberga, seier far Asbjørn og smiler.

For Asbjørn Birkeland har kvardagen endra seg betrakteleg sidan lokalvalet i haust. Etter eit brakval for Senterpartiet vart Asbjørn ordførar, dermed var livet som offshorearbeidar slutt.

— Plutseleg måtte eg ringe til jobb og seie at eg ikkje kom dei neste fire åra, seier han og ler. Dei har merka overgangen på heimebane og.

— Før var han på jobb lenge om gongen, men då han var heime, var han skikkeleg heime, no er han meir heimom, seier kona Tone og ler. Tone sjølv arbeidar som helsesøster i kommunen.

— Fordelen er at eg er meir tilstades i kvardagen no enn før, men ja, det blir mykje reising i denne jobben og, seier den nyvalde ordføraren.

Han og sonen Rasmus er klare til å setje seg på rattkjelken og renne ned den korte vegen til Veslefrikk barnehage, ein barnehage som no snart skal over i heilt nytt bygg, 300 meter lenger vekke.

— Det er slett ikkje kvar dag me har tid til dette lenger, som regel var dette noko me gjorde då eg jobba offshore og hadde fri. Då var dagane litt annleis, då kunne eg levere i barnehagen og ta ein skitur etterpå viss eg ville. Eg kan ikkje det no.

‍I full fart til barnehagen. Det er ikkje kvar dag far Asbjørn har tid til å levere Rasmus på kjelke.

Vel nede på kontoret har Asbjørn sett seg til rette med sin heilt eigen ordførarkopp, som borna har laga til han. Han er klar til å fortelje om vegen mot ordførarkontoret og om kunsten på veggane som heng igjen frå den tidlegare ordføraren, kva han skal smykke veggane med er ikkje heilt klart. Det einaste han veit er at det bør vere saudamotiv.  Og at teikninga som Alma har laga skal få henge på heidersplassen.

Vegen inn i politikken har ikkje vore snorbein for 33-åringen. Asbjørn og broren Eirik har nok fått ein del politisk interesse heilt naturleg, kanskje aller mest frå bestefaren som var aktiv for KrF. Men det var broren som hadde politisk karriere, han vart valt inn i kommunestyret  for fire år sidan, etter kvart vart oppgåvene i politikken litt for mange.

Då fekk Asbjørn spørsmålet om han kunne avlaste litt og vere lokallagsleiar i Sauda. Så byrja snøballen å rulle, det blei tid for val og Asbjørn fekk spørsmål om å stå på lista, og ikkje berre det, om han kunne stå øvst på lista, noko han såg på som ganske så ufarleg. Med ein historikk på om lag åtte prosent av røystene, var det ingen som kunne drøyme om at Senterpartiet skulle ta ordførarstolen i industribygda tilbake. Det er trass alt 14 år sidan Sauda hadde ordførar frå Senterpartiet sist, då var det Anne Marie Brekke som sat i stolen.

Men vinden hadde snudd. Eit par veker før valet forsto Asbjørn og resten i Senterpartiet at det kanskje kunne gå vegen, men ingen hadde spådd at dei skulle vinne valet med heile 44, 5 prosent. Satsinga i sosiale medium gav truleg Senterpartiet fleire unge og utradisjonelle Sp-veljarar, trur ordføraren.

— Eg uttalte vel at eg var i sjokk rett etterpå, det skulle eg sikkert ikkje gjort, men det var iallfall sant. Det var heilt uverkeleg, eg sov ikkje mykje den natta, sto tidleg opp og reiste rett ned til forhandlingar.

— Hadde de gått nokre rundar på heimebane i forkant, slik at familien var med dersom du skulle vinne?

— Det hadde me, me hadde snakka litt om det å stå på topp av ei liste, men det var jo så lite sannsynleg at eg vart ordførar at me tok det ikkje heilt alvorleg. Me lo litt av det i venneflokken, tenk om eg blir ordførar liksom.

Familien på Brekke har mange dyr, blant anna kanina Henry.
‍Far Asbjørn er meir med i kvardagen no når han er blitt ordførar. Han var sjeldnare heime då han jobba offshore.

Alvoret kom tidsnok.

— Eg har jo minimalt med politisk erfaring frå før, så eg har lært mykje dei siste månadane, om korleis kommunen fungerer, og korleis det politiske livet fungerer.

— Er det gunstig med erfaring frå næringslivet når ein kjem inn i ordførarstolen?

— Ja, det trur eg. Eg har vore med på mange store prosjekt og hatt mykje ansvar i offshorebransjen. Og tru det eller ei, me som har jobba ute i olja kan faktisk seie at dei kommunale budsjetta ikkje er avskrekkande store, me har sett budsjett med mykje større tal.

Som liten drøymde han om å jobbe offshore, han hadde nemleg ein onkel som gjorde det. Etter automasjonslinja ved Sauda vidaregåande skule vart det læretid i offshorebransjen, i ei tid som faktisk var verre for bransjen enn den er no.

— Då stengde dei ned gamle plattformar, og ingen hadde tilsett nokon på ti år, det handla berre om å få opp siste rest av olja og kome seg tilbake til Amerika. Så snudde det, og eg fekk vere med på heile oppturen. Eg kjenner det igjen, det vil nok snu igjen, men det kan ta tid.

Ordførarjobben er ei rolle han skal fylle. Det er snorer som skal klyppast, det er debattar ein må styre, og det er upopulære vedtak ein må stå inne for.

— Eg er ikkje van med å stå fram slik, eller tale på sparket, eg må alltid ha med ein liten lapp. Det som har overraska meg mest i jobben er kanskje kor proft det kommunale stystemet eigentleg er. Korleis alle i systemet står på, kvar einaste dag.

Aller helst drøymer han om å få vere med å byggje opp Sauda, om å skape arbeidsplassar og til å klare dei utfordringane som ligg fremst i rekkja. Han brenn for saudasamfunnet og gler seg over det som blir skapt av attraksjonar og verdiar inst i fjorden. No handlar det mykje om flyktningmottaket som Hero etablerte i Sauda i desember. Her er det rom for 180 flyktningar.

— Eg trur me har klart å ta imot dei på ein fin måte, og at apparatet vår innan helse og omsorg og har klart det fint. Tone kjenner ein del på det sidan ho er helsesøster, det har blitt ein del ekstra på dei.

‍Asbjørn brenn for Sauda. Aller helst vil han etablere fleire arbeidsplassar og skape vekst.

Asbjørn er ikkje berre ordførar. I vennegjengen får han framleis vere Asbjørn, og i helgene set han familien høgt. Kan han velje vil han nyte ein fin soldag ute i skiløypene, eller på sykkel. Gjerne med heile familien, dei likar seg best alle fire då, når dei kan vere ute i aktivitet.

— Er du uredd?

— Nei, eg trur det handlar om å lytte til erfarne fjellfolk og klare å gjere noko nytt sjølv. Me skal først og fremst forvalte det som står i programmet, slår ordføraren fast. ■

Tilbake til toppen