Kordraumen

Anne Lise Vervik Barka frå Jørpeland gjekk med ein draum om å få synga i kor. Oppvaksen som ho var i pinsemenighet var ho klar for å etablera eit kor uavhengig av trusbakgrunn.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Så byrja ballen byrja rulla. Dei fekk tak i pianist og dirigenten Hege Tungland.

— Jungeltelegrafen gjekk, fortel Barka. Frå fyrste øving til andre øving auka medlemstalet i koret frå 25 til 40 stykk.

Frå skulelokalet vandra dei vidare til hallen til Lyse, der Strandbuen i dag held til. Derifrå gjekk turen til Folkets Hus og til auditoriet i Resahaugen skule, der øvinga mot julekonserten er i full gong når Mitt Ryfylke vitjar dei.

Synnøve Keilegavlen Nygård har vore dirigent for koret dei siste 12 åra. Saman med pianist Svein Terje Fjelde styrer ho medlemmene i Kornelius med mynde og glimt i auga.

Tempo. Det er viktig å få til dynamikken og halda energien oppe. Dirigent for Kornelius dei siste 12 åra har vore Synnøve Keilegavlen Nygård. Ho er tilflyttar frå Stavanger og rektor i kulturskulen i Strand. Med seg i bagasjen har ho lektorutdanning i musikk med kordireksjon, så her er det ingenting å utsetja på kompetansen.

Det er godt når nokon kjem inn og stiller høgare og høgare krav til oss, seier Barka.

De må tenka at de bevegar dykk i takt, formanar Nygård. Ahhh… Ohhh… Åhhh… Dirigenten trampar og klappar for å halda intensiteten oppe i koret. Det hjelper og nå er det like før taket lettar.

Det nå sytten år sidan oppstart og koret Kornelius har i dag ei hovudstamme på rundt femti medlemmer, fordelt på vel tretti kvinner og åtte menn i alderen 18 til 60 år.

— Me har den siste tida opplevd at fleire menn har starta i koret. Her er mykje lått og løye og ein veldig kjekk gjeng, understrekar Barka. Me har det både sosialt og så er det jo godt for helsa. Mannen til Barka, Bjørn Sølve, har vore med sidan oppstarten og har vore pådrivar og til god støtte for Anne Lise.

Steminga er lett og god sjølv om det nærmar seg konsert. Humor og sosialt samkvem er viktig for kormedlemmene i Kornelius.

Kornelius opplever å få fulle hus på dei årlege konsertane sine. Barka er særs glad for at dei lokale stiller opp. Konsertane held dei for det meste på Jørpeland og i tillegg til fast pianist, Svein Terje Fjelde, leiger dei inn profesjonelt apparat til konsertane. Kornelius er og kjende for å hanka inn gjesteartistar frå øvste hylle.

Frå juletonar opp mot årets store julekonsert er koret nå i full sving med nytt repetoar for den årlege vårkonserten, der Åge Sten Nilsen, kjend frå Wig Wam er hyra inn som gjesteartist. Så her er det berre å få gong på rockefoten og koma seg på konsert.

Kva er draumen i dag? Svaret kjem kontant – å få foreviga ei plate av koret vårt, smiler Barka. ■

Tilbake til toppen