Urbant Hytteliv

I Sauda kan ein kombinere det urbane bylivet med lange dagar i skibakken. Det passar heilt perfekt for Judith Synnøve og John Eirik Svendsen.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 2
Mitt Ryfylke 2017 2

I eit nostalgisk, gult hus med raude glaskarmar har familien frå Hjelmeland funne sin hyttedraum. I huset på Engja i Sauda har dei alt dei treng, her har dei terrasse til å nyte lange kveldar med god mat og trivelege samtalar rundt trebordet. Hagen er ikkje av dei største, men meir enn stor nok, på baksida av huset har dei laga ein ekstra platting. Her står også den populære trampolinen som dei er så heldige å få låne av naboen. Nabolaget er triveleg og det er kort veg over gjerdet, enten for å låne noko eller ta ein kaffikopp i godt lag.

– Me ville ha ei hytte i sentrum, me er ikkje nokre utprega fjellmenneske. Og her trivest me så godt, saudabuen kan det der med å ta imot hyttefolket på ein god måte.

Judith Synnøve Svendsen rettar litt på dei mørke solbrillene før ho kikkar bort på resten av familien som nikkar. Dei kjøpte huset for sju år sidan, og framleis likar dei seg godt her, midt i Sauda sentrum, her er det kort veg til skibussen, til kino, basseng og butikkar.

– Om det er noko me saknar? Nei, kva skulle det vore?

– Fleire klesbutikkar, seier Iselin (12) kjapt.

– Tja, treng me verkeleg det, seier mor før far skyt inn:

– Det er klart me hadde brukt tilbodet viss det dukka opp endå fleire aktivitetar me kunne nytte som familie. Men det er slett ikkje dårleg det tilbodet som allereie er her, seier han og viser til det nye ute-bassenget og oppgraderinga av kulturhuset Folkets Hus som skal stå klar i ny drakt i september neste år.

– Me er bevisste på at me kjøper det me treng her inne, me pakkar ikkje bilen full med varer heime før me reiser, fortel Judith Synnøve.

I dag er barna Niklas (15) og Iselin Svendsen (12) med på hyttetur. I tillegg er søskenbarnet Natthawut Sinthuwat på besøk. Familien har totalt fire barn, men Alexander (18) og Serine (17) er ikkje med til Sauda no i haustferien. Hytta i industribyen er blitt eit samlingspunkt, søster til John Eirik har også hytte her, dermed kan familien treffe kvarandre jamleg. På sommaren brukar familien hytta store deler av ferien, elles i året blir det gjerne i alle fall ein månadleg tur. Huset er frå 1927 og familien er samde om at dei ynskjer å ta vare på den gamle stilen, både på utsida og innsida av huset. Inne har dei pussa opp fleire av romma, no står taket for tur, og ikkje minst draumen om å setje inn gamaldagse og smårutete vindauga igjen. Dagane i Sauda gir rom for ein litt anna kvardag enn elles.

— Saudabuen kan det der med å ta imot hyttefolket på ein god måte 
[Judith Synnøve Svendsen]

– Her er me ikkje så opptekne av å sjå på ein skjerm alle. Me speler spel og snakkar meir saman her enn me gjer heime på Hjelmeland, seier Judith Synnøve.

– Eg er sjølvsagt kongen av monopol, slår Niklas fast medan resten av gjengen ler godt. Til slutt kjem det fram at konkurranseinstinktet er ganske så velutvikla i resten av familien og.

Hyttelivet i Sauda kombinerer urbant byliv med flotte naturopplevingar. Her blir det leik på naboen sin trampoline, middag laga ute på bål og koselege spelekveldar.

Til dagleg arbeider Judith Synnøve med promotering og sal av jærstolar i Aksel L. Hansson AS medan John Eirik arbeider i Marine Harvest. Kvardagen er travel, difor set dei og pris på turane til Sauda der dei kan gire litt ned. Her går dei turar, dei kosar seg i sentrum, og på vinteren er det slalåm og brettkøyring i Sauda Skisenter i Svandalen som tel aller mest.

– Det var nok mykje av grunnen til at me valde Sauda. Her er det stabilt med snø og eit flott trekk me kan renne i, seier John Eirik.  

HYTTER I SAUDA

I Sauda er det om lag 1350 fritidsbustadar, der om lag 800 har ekstern adresse. Hyttefolket legg truleg igjen om lag 35–40 millionar kroner i lokalsamfunnet og handelsstanden årleg. I tillegg kjem langsiktige investeringar i hyttene som er gjort over fleire år.

Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid slår fast at hyttefolket er viktige for næringslivet i kommunen, han anslår at hyttefolket truleg legg att om lag 35–40 millionar kroner i lokalsamfunnet og handelsstanden. I tillegg kjem langsiktige investeringar i hyttene som er gjort over fleire år, noko Fosstveit meiner blir om lag ein milliard. Han viser også til at kommunen tar ein del grep for å styrke satsinga på hytter og fritidsbustadar.

– Siste helga i haustferien har me hyttefrukost for hytteeigarar med ekstern adresse, i tillegg til arrangementet Bønder i Byn. Her kan hyttefolket kome med innspel til kva som er bra, og kva Sauda bør gjere meir av. Me prøver også å samle hytteforeininga ein gong i året for å ta opp felles saker som går på infrastruktur og andre problemstillingar som rører seg. Då stiller  som regel Sauda Kommune, Sauda Vekst, Sauda Ferie & Fritid og Sauda Sentrums-

utvikling, fortel Ragnar.

I tillegg sender dei ut informasjon via hytteforeininga og har eiga nettside for å vise fram kva som rører seg av tilbod og aktivitetar i Sauda. Ragnar nemner også arbeidet med meir faste tilbod som kjem både fastbuande og gjester til gode, som til dømes turløyper og skiløyper.

Familien på Engja har fyrt opp i bålpanna, det står pølser på menyen og middagen skal nytast ute i det fine haustvêret. Iselin viser oss imponerande kunster på trampolinen, medan hunden Dennis svinsar rundt oss.

– Samfunnet vårt endrar seg. No er jo hytta snart som ein bustad nummer to å rekne. Det er noko godt med det, at me kan jobbe frå hytta og ha den fleksible kvardagen, meiner Judith Synnøve før ho kikkar på klokka. Haustferie betyr nemleg fleire gjester som skal hentast på båtkaien. Familien er glade i folk og liv rundt seg.

– Me er litt slik heile gjengen. Me likar det best når det skjer noko heile tida. ■

Tilbake til toppen