Hardhausen Hilde

For Hilde Sandvik (44) går det ein raud tråd frå karikaturstriden til mormoras brenning av nisseteikningar.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Sandvik, opphaveleg frå Erfjord i Suldal, har som redaktør forsvara ytringsfridomen djervt og ofte dei siste vekene.

Ytringsfridomen er den verdien alle dei andre fridomane er tufta på. Ein redaktør kan ikkje la seg styra av frykt. Heller ikkje i ei lokalavis, kor det verkeleg kan kosta å avsløra noko, seier ho.

Sjølv fekk ho som ung eit ublidt møte med lokalsamfunnets «grenser» for ytringsfridom etter å ha skrive ei negativ vurdering av ein lokal restaurant i Suldalsposten. Etablissementet som tok mål av seg å vera ein slags lokal gourmetrestaurant fann ingen nåde for den unge journalistvikarens blikk.

Hilde Sandvik refererte både om sigarettsneipar og frosne erter i avisa.

Slaktinga av restauranten fekk dåverande ordførar, som også var styremedlem i det lokale reiselivslaget, til å skriva eit harmdirrande lesarbrev kor han dømde saka nord og ned og kravde at journalisten orsaka seg.

Det byrjar i det små, forklarer Sandvik, som samstundes etterlyser langt meir satire og religionskritikk i landet. Ho skulle gjerne sett at Noreg også hadde eit satiremagasin tilsvarande Charlie Hebdo som tek oppgjer med det Sandvik meiner er ein tannlaus konsensuskultur.

Hilde Sandvik har sjølv vakse opp i ei bygd med eit bedehusmiljø kor ein hevda at berre ein religion var den rette. Men det ho har tatt med seg vidare er vidsynet ho også møtte, ikkje minst hjå morfaren sin, Karl Helgeland.

I tillegg meiner ho lekmannsrørsla i bedehusmiljøet fremma kvinners deltaking i samfunnet. Rettnok var mange i mot kvinnelege prestar, men kvinnene kunne halda andaktar og dei hadde også elles ei aktiv rolle i fellesskapa, påpeiker ho.

Hilde Sandvik

Alder: 44 år.
Sivil status:
Gift, to barn.
Drøymer om:
At det framleis skal vere ei verd for barna våre der det er mogleg å drøyme.
Les:
Mykje sakprosa digitalt, papiraviser i helgene. Skjønnlitteratur i feriar.
Høyrer på:
Vinyl og P2.
Førebilete:
Eg har aldri hatt førebilete, men morfars evne til å tale utan manus – og resonnere konkret, fritt og uavhengig er eg glad for at eg fekk oppleve.

Hilde vel å tru at morfaren, som var ein djupt truande kristen, ville kunna sett ein karikatur av Jesus og skjøna prinsippa og viddet bak.

— Morfar var, sjølv om han vanta høgare utdanning, ein intellektuell i sitt møte med tilværet. Han stilte spørsmål, tenkte og resonnerte alltid før han konkluderte, og han hadde evna til å sjå saker frå fleire sider. Mormor, derimot, var nok ein type som kunne bli såra og krenkt. Ho klipte ut nissane i julesongheftet ho fekk i posten og brende dei, fordi ho meinte nissane var heidenske. Men ho sa ingenting om det – eg høyrde aldri at ho dømde andre. Om det finst fromme menneske, var ho eitt av dei.

Som kultur-og debattredaktør i Bergens Tidende skal Sandvik både sjølv ytra og meina, og la andre komma til orde. Ho er også ein ivrig deltakar i det nasjonale ordskiftet og mykje brukt i fjernsynsdebattar.

— Eg har draumejobben, men vegen hit var krunglete. Noko eg i dag priser meg lukkeleg for. Mange år som frilansar gav meg nok ein ekstra ståpåvilje, eg vart vane med å jobbe mykje, også med saker som ikkje vart noko, eg måtte heile tida freista å bli betre. Bakgrunnen har vore gull verd i den stillinga eg har nå, men har nok gjort meg til ein ganske krevjande sjef. Eg har nok lita medynk med folk som klagar over at dei ikkje har fått fast jobb etter eit par år. Gå ut i verda og skaff deg kunnskap, er mitt råd til desse. Eg er også ein som likar at ting blir gjort, sjølv om kvelden går med, og ventar det same av andre. — Er det ikkje vanskeleg, er det ikkje bra, er mitt motto.

Sandvik føler oljerikdommen har tatt frå Norge noko av drivet og svolten som prega landet då ingeniørar skapte gull av gråstein, og folkeopplysningstanken stod sterkt både i bygde- Venstre og arbeidarrørsla. Nå når både oljenasjonen og avisbransjen står framføre store omveltingar, er det pågangsmot og nytenking som gjeld.

Sjølv vedgår Sandvik at ho blir trigga når ting går trått. For som nemnd, det er gjennom det vanskelege ein oppnår det gode. Er ho optimist vel ho å håpa at det beste i medieverda overlever. Skulle berre tøyset overleva, får me eit svekka og sårbart samfunn, hevdar ho.

I mellomtida er det berre å klamra seg til masta og kjempa både for dei redigerte avisene og ytringsfridomen.

Kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik stortrivst i Bergens Tidende. Her med kulturjournalist Cathrine Krane Hansen og redigerar Stein Langeland.

Sjølv er ho blant dei som blir glad av å sjå ei tydelig og slagkraftig avisframside i eit avisstativ. Det er folkeopplysning. Og ho likar å halda i ei avis.

— Hendingane i Paris viser kva gjennomslagskraft den trykte pressa har, og eg trur papiravisa skal leve lenge enno, om kanskje i ei anna form. Utan redigerte papirmedium fryktar eg eit samfunn kor mange dukkar ned i dei små nisjane. Det vil svekka den offentlege samtalen og styrka to tredjedels samfunnet, framheld ho.

— Ei offentleg redigert presse famnar mange og gir samfunnsborgaren hjelp til å forstå samfunnet. Det kan me ikkje setja på spel, seier Hilde Sandvik.

Samstundes elskar ho gjennomslaget nettet gir. Det gjer det mogleg for ein kommentator å kunna bli lesen over heile landet, dersom saka bli delt av mange i sosiale medium.

— Særs mange av dei mest leste nettsakene i Norge i fjor kom frå debattavdelinga i BT, kan ho nøgd fortelja.

Som alle andre aviser jaktar også Bergens Tidende på nye måtar å tena pengar på, og på klikk.

Det gler eit redaktørhjarta at BT sine lesarar ikkje så lett let seg freiste av pupper og lår.

Saker med slike ord i titlane gir ikkje dei store klikkstormane i BT. Den siste tida har lange og grundige artiklar om tøffe menneskeskjebnar fått enormt mange klikk. Sjølvsagt klikkar også folk på lettare stoff, og vêrsaker går godt. Det gjeld å finna balansen mellom alvor og skjemt, påpeiker ho.

Når det gjeld innhaldsmarknadsføring (content marketing) er Sandvik konservativ, men ho ser at somme prinsipp kanskje må vika, for å auka innteninga. Då gjeld det å halda tunga beint i munnen.

Ho påpeiker at det ikkje berre er lesarane si tiltru til avisene som står på spel. Blir det for mykje reklame forkledd som journalistikk, kan ein også undergrava tilliten til dei som skal annonsera hjå oss, minner ho om.

Då Hilde var lita jente sa ho at ho anten ville bli misjonær, eller kvinne som dansa med lite klede.

— Somme vil nok meine eg har hamna nokså nær begge måla mine, seier Sandvik leande.

Hets mot henne som kvinne og nynorsking har ho fortrengt. No er ho uansett for vaksen til å la slikt bita på seg, forsikrar Sandvik.

I all hovudsak nyttar ho nynorsk når ho skriv. Men ein sjeldan gong når ho føler for å henta fram den snusfornuftige mannen i seg, som ho uttrykker det, skriv ho ein leiarartikkel på bokmål. Språk handlar i høgste grad om identitet og kjensler for Sandvik, og ho er glad for å arbeida i ei avis som hegnar om nynorsken.

Sjølv om Sandvik flytta frå Erfjord som 16-åring, definerer ho seg i høgste grad som ryfylking.

Bergensaren og ryfylkingen har mykje til felles. Det er noko med den uredde tonen i diskusjonen. Siddisen er meir tilbakelent og snusfornuftig. Såleis passar eg nok betre inn i BT, enn eg ville gjort i Stavanger Aftenblad, påpeiker ho.

Erfjord blir besøkt anna kvar jul, samt i påske-og sommarferien.

Ho har mange gode minne frå heimstaden, sjølv om ho ikkje er der så ofte som vaksen. Skulekvardagen minnest ho også med glede.

Det var eit krevjande og intellektuelt miljø på Erfjord skule. Me var sju i klassen og alle har tatt høgare utdanning, det trur eg er ganske spesielt, seier ho.

Sjølv er ho svært takknemleg for å vera del av den første kvinnegenerasjonen i Norge kor jenter kan utdanne seg til nett det ein vil og kor mykje ein vil.

— Er det ikkje vanskeleg, er det ikkje bra, er mitt motto.

Sandvik er også oppteken av å sleppe til kvinner i avisa, som kjelder og kommentatorar, men dersom ein ikkje er medviten på det heile tida, har det ein tendens til å bli veldig mange mannlege kjelder, vedgår ho.

Og kjem med eit lite hjartesukk til slutt, til medsøstrer om å bruka ytringsfridomen slik at det merkast:

Når me skal laga klippspalta i BT, er det ekstremt mykje lettare  å finna slåande og spissformulerte sitat frå menn. Kvinner har ein tendens til å pakka meiningane sine inn i bomull. ■

Tilbake til toppen