Løftar fram sentrum på Jørpeland

Kolbjørn Pedersen er kjent for å ta utfordringar på strak arm. Ein av dei viktigaste utfordringane nett no er å løfte fram Jørpeland sentrum.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 2
Mitt Ryfylke 2016 2

– Det var ei kjekk utfordring å få, men eg må jo vedgå at læringskurven har vore bratt, seier Kolbjørn Pedersen mens han går gatelangs på Jørpeland. Han har jobba som sentrumsleiar sidan mai og er blitt godt kjent med butikkar, bedrifter og organisasjonar i ryfylkebyen. Butikkane som ligg vegg i vegg nedover har eit samla mål, dei ynskjer å styrke seg og auke salet. Opninga av Ryfast er noko som opptar handelsstanden. Å bli landfast med Stavanger kan gi ein effekt begge vegar, trur Kolbjørn.

– Me kan velje å kalle det ein nedtur, og tru at alle kjem til å reise til byn for å handle, eller me kan velje å sjå positivt på det og tru at endå fleire kjem innom her. Me går for det siste, seier han og slår rundt seg med hendene. – Me har mykje på Jørpeland, truleg meir enn folk flest veit om.  Kolbjørn har sjølv lang erfaring frå butikkdrift og handel. På 1980-talet dreiv han butikk med måling og tapet på Kvadrat, seinare opna han rammeverkstad i same kjøpesenter. Han veit kor viktig det er å ha felles opningstider og eit felles mål for alle butikkane.

– Me kan ikkje opere med alle moglege opningstider i eit sentrum, dei som skal handle må stole på at me held ope i eit visst tidsrom. Det handlar om å stå saman og satse på felles marknadsføring. Eg skal jobbe mykje med dette, og ikkje minst fungere som eit bindeledd mellom butikkane, dei lokale politikarane og dei som skal handle.– Eg skal ikkje styre noko individuelt for butikkane, men prøve å inspirere dei til å satse saman i tida framover, slår han fast. I dag driv også Kolbjørn si eiga verksemd som altmoglegmann og vaktmeister for hyttefolket i kommunen.

Synnøve Hanssen hjå Dynemesteren er glad for at dei har fått tak i ein sentrumsutviklar som vågar å tenkje nytt.

– Eg likar å jobba i eit serviceyrke der og, hjå meg kan dei ringe om alt mogleg, og det eg ikkje kan hjelpe dei med sjølve har eg andre som kan tilby.  -Og eg veit at hyttefolk er ei lojal kundegruppe, det gjeld og for handelsstanden her. Det er få grupper som legg att så mykje som dei som har hytte her.  Kolbjørn har sett seg på ein benk, han slår av ein prat med to kjende, vinkar til eit par på andre sida av gata og tuslar vidare inn i butikken Dynemesteren. Han likar seg ute i gatene, og på besøk hjå bedriftene.

– Hei du! Koss går det?  Kolbjørn er på veg inn og orienterer seg mellom stablar med dyner, puter og handklede. Eigar Synnøve Hanssen smiler lurt.

– Me har det godt her, det går bra, sjølv om me sjølvsagt og er spente på framtida, seier ho og kikkar bort på Kolbjørn.

– Me er glad me har fått tak i han der, han som sentrumsleiar blei eit friskt pust her.  Framover ynskjer Kolbjørn at Jørpeland skal finne tilbake til sin opphavlege identitet som industriby, han viser til Rjukan og Odda som byar som har klart å hente attende industrikulturen.  Sjølvsagt er ein stor del av jobben hans å organisere og arrangere Strandadagene som er eit fast innslag i ryfylkebyen i juni. Og denne hausten har han allereie fleire arrangement under planlegging. Han planlegg blant anna Rosa dagar, ein skikkeleg jentefest hjå handelsstanden.

– Og tenk på kor viktig juletrea er for Ryfylke, hadde det ikkje vore fantastisk om Jørpeland hadde blitt juletrebyen? ■

Tilbake til toppen