Ryfylke i endring

Ryfylke er i endring. Slik har det alltid vore. Men no er endringsprosessane tydelegare og dei kjem raskare enn det som har vore vanleg.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Ryfylke er i endring. Slik har det alltid vore. Men no er endringsprosessane tydelegare og dei kjem raskare enn det som har vore vanleg. Nye tunellar og bruer bind Ryfylke til naboregionane på nye måtar. Reisemønster og pendling vil endre seg i tråd med nye vegsamband. I sør blir Ryfylke ein del av storbyregionen og må bu seg på større vekst og større press. I vest er blikket for lengst retta mot sør langsetter tunelltraseen og i nord vil brua over Sandsfjorden knytte folk og næringsliv tettare til Haugalandet.

Vi ynskjer gjerne å tru at Ryfylke er ein sterk region, bunde saman gjennom ei lang historie og med ein klar identitet som held oss saman uansett. Men slik er det neppe. Folket her har vore vendt ut av regionen til alle tider og kontakten med andre regionar, andre stader og andre folk har vore viktigare enn å dyrke samkjensle og identitet i regionen. Som berar av ein felles identitet er  Ryfylkeregionen ei skjør tilskiping.

No står kommunestrukturen i regionen på dagsordenen. Initiativet til ei kommunereform kjem frå Oslo, men behovet for å skipe kommunar som er betre rusta til å løyse oppgåvene er lokalt. Krava til kommunane, til kvaliteten på tenestene og til den kompetansen som trengst for å løyse oppgåvene, vekst stadig. Kommunane får nye oppgåver og innbyggarane får rettskrav på tenester av ein viss standard på stadig fleire område. Sterke fagmiljø med høg kompetanse og stor utviklingskraft er naudsynt for å møte desse utfordringane.

Alt i dag er kommunane kvar for seg for små og svake til å halde seg med den kompetansen som trengst og vi har gjort oss avhengig av hjelp frå andre kommunar for å halde gode tenester på mange felt. Eit døme på dette er den pedagogisk-psykologiske tenesta som Hjelmeland, Finnøy, Forsand og Strand har i fellesskap. Til saman er vi store nok til å halde både psykologar, logopedar og spesialpedagogar i eit sterkt og utviklande fagmiljø, og vi lukkast med rekruttering av høgt utdanna fagfolk til dette arbeidet. Kvar for seg vil dei små kommunane ikkje kunne halde oppe ei slik avdeling.

Interkommunalt samarbeid er ei god løysing når kvar kommune ikkje kan ta hand om oppgåvene sine. Men det er lite effektivt, det krev mykje administrativt arbeid og det bind opp ressursbruken i kommunane. Målet må vere at kommunane er store nok til å kunne løyse dei aller fleste av kjerneoppgåvene sine sjølve. Slik er det ikkje i dag. Derfor må vi samle kreftene og kompetansen i einingar som har kraft og kompetanse til å utvikle gode tenester i ei meir krevjande framtid. Ikkje fordi kommunalministeren vil det, men fordi innbyggarane fortener det. ■

Tilbake til toppen