Designskattar

Hyller med freistande designprodukt, eit rustikt spisebord og ein knallgrøn sofa. Heim + Design har noko for ein kvar smak og lommebok.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Peter Tijhuis og Katinka ten Hove har blikkfor godt design, gjenbruk og viktige detaljar.

Nyleg opna dei dørene til sine nye lokale på Sand. Her er det rom for både Peter sitt designfrma og ein butikk der ein kan sikre seg små og store skattar, om det er kjøkkenutstyr, gåver, leiker eller pyntegjenstandar. Inne i butikken er det pallehyller med produkt, døra som skil butikken frå designkon toret til Peter er også laga av same type trevirke, alt er snekra av designaren. Her er også nokre av møblane Peter sjølv har designa for sal, blant anna eit rustikt spisebord.

 – Eg likar å arbeide med hendene, og kosar meg med snekkerarbeid, fortel designaren. Han meiner butikken og blir ein fin måte å kome i kontakt med han som designar på. Her får han vise fram kva han jobbar med og kundane får sjå kva dei kan kontakte han for.

 – Eg kan jo designe alt frå huset ditt til møblar, eller interiør, seier Peter som er utdanna ved Kunst- akademiet og har lang erfaring som designar. Først frå sitt eige frma i Nederland i tillegg til 13 år som designar, arkitekt og teknisk teiknar hjå tidlegare konsulentfrma Kon-Sul på Sand, som no har fått namnet Norconsult Ryfylke.

 Eigentleg drøymde Peter som ung gut allereie om å bli arkitekt, seinare ville han gjerne satse på kunsten og skulpturkunsten. Sjølv om foreldra hans aldri stilte spørsmål når det gjeld studievalet hans, følte han at dei sikkert ville bli nøgde viss han klarte å fnne eit yrke som kunne kombinerast med den kreative sida. Valet vart design. I dag hadde han kanskje valt annleis, sjølv om han trivst veldig med yrket.  – Ein må verkeleg fylgje draumen sin altså, det er berre tull å vere oppteken av kva andre måtte meine.

 Kontoret hans i gata på Sand er innreia med eit mjukt og godt teppe i fotte grønfargar, ein stor fatskjerm med eigenreklame er midtpunktet på den knalloransje veggen bak. Eit enkelt svart bord fungerer godt som arbeidsbord. Vedomnen som sto i lokala frå før har blitt verande, dermed har kontoret fått ein eigen heimekoseleg atmosfære.

‍Peter Tijhuis har utsikt på det nye torget på Sand frå lokala til Heim+Design.
‍Katinka ten Hove gler seg over at butikken no endeleg har opna. Dei tøffe pallehyllene er fulle av freistande produkt.

Peter svingar litt på stolen og nyt utsikta over gata, og det nye torget på Sand.  Det er jo ein fantastisk plassering dette, viss det skjer noko på Sand så er det ofte her. Me håpar jo at både butikken og designbedrifta kan vere med på å skape meir liv i gata, og fylle sentrum med innhald, slår paret fast.

I butikken tronar ein knallgrøn sofa som refererer til det nederlandske landskapet, medan eit heilt eige rom er sett av til utstillingar og designlampar. Desse lampene er og designa i Nederland, få butikkar i Noreg sel desse frå før. Denne dagen kjem det stadig nyfikne, nye kundar innom. Katinka og Peter fortel om varene, dei pakkar inn i oransje gåvepapir og leitar etter rett pris til rett produkt, alle prislappar har framleis ikkje funne sin plass, det er mange detaljar som trengs i ein oppstartsfase. Sjølve disken laga Peter for mange år sidan til turistinformasjonen, då den var i jernvarebygget på Sand, no fekk han kjøpe den tilbake. Det er litt ekstra stas. Ein av kundane som er innom denne dagen har forelska seg i ein litt spesiell vase. – Denne er flott ja, seier Katinka medan ho tar den forsiktig ned frå hylla og set den på disken. 

I butikken til Katinka og Peter skal dei feste finne noko som passar både smak og lommebok. – Me satsar på ein nordisk stil med reine linjer, sjølv om me har produkt frå feire ulike produsentar, ein del frå Nederland og Tyskland, men og norske og meir kjende merker. Ikkje minst skal det og vere noko i alle prisklassar, me har vinglas til 50 kroner, men me har også til 250 kroner, slår ekteparet fast.

‍Peter Tijhuis og Katinka ten Hove håpar at butikken og designbedrifta vil skape meir liv i sentrum.

Peter og Katinka kjende godt til Noreg før dei kom flyttande, Peter var faktisk i Suldal for første gong i 1974, då på ferietur med familien. Paret kom til Noreg for godt i 2003, då flytta dei frå kanalbåten dei budde i Utrecht, og til Sand. Suldal og Sand oppdaga dei på ein av sine mange ferieturar til Noreg året før,  då skulle dei trefe bror til Peter, som var i Vikedal på ferie. På turen over fjorden med ferja, som no er erstatta med Sandsfjord bru, såg dei seg raskt rundt og slo fast at her var det jammen meg fint. Her må me tilbake, tenkte det reiseglade paret. Året etterpå pakka dei altså kofferten og bytta livet på husbåten med ein kvardag på Sand. Peter fekk seg jobb som designar i tidlegare Kon-Sul, som i dag har namnet Norconsult Ryfylke, og Katinka vart etter kvart lærar på Sand. Dei og dei to barna har busett seg i det gamle Hiim-huset som vart flytta frå gata på Sand til Eide, og bygd opp igjen planke for planke. Også dette huset ber preg av paret si interesse for design og gjenbruk. 
– Det er jo ei historie i seg sjølv, seier Peter og kikkar ut vindauga. Både han og Katinka har slått rot i Suldal og strandstaden Sand.

Ideen om ein butikk i gata på Sand er slett ikkje ny, men no når rette lokala vart ledige på rett tidspunkt, valde dei å setje ideen ut i i livet. I tillegg til eigne midlar har dei fått støtte frå kraftfondet i Suldal kommune, Ulla Førre næringsfond til prosjektet. Peter får arbeidsplassen sin fullt ut med designkontoret sitt og butikken, medan Katinka framleis kjem til å jobbe nokre dagar i veka på skulen. I butikken har dei både sjeldne designvarer og meir vanlege merker, etter kvart vil dei gjerne og selje redesign og gjenbruksgjenstandar.

 – Me har sansen for gjenbruk, og tanken på at me kan skape mykje utan at det kostar veldig mykje, fortel Peter. ■

Tilbake til toppen