Snøglede på Gullingen

Jan Nilsen og Anne Karin Vårvik meiner alle årstidene på Gullingen har sin sjarm. Likevel er det liten tvil om at det er snørike vinterdagar som er dei travlaste. 

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Det er vinterferie og det yrer av liv i løypene på Gullingen. Ved skisenteret er det ein god dag. Jan Nilsen som saman med kona Anne Karin Vårvik driv både turistsenter, skisenter og camping på Gullingen meiner det kan vere om lag 250 menneske i trekket denne dagen.

– Det er kjekt, me likar godt at det er kø her , seier Jan og speidar utover dei kvitkledde bakkane der små og store skigjester står på rekkje og rad.

Jan og Anne Karin merkar godt at det er høgsesong, frå vinterferien til over påske er det alle mann i arbeid ved skitrekket. Dei er sju tilsette på heilårsbasis, og har i tillegg fleire sesongarbeidarar som stiller opp i travle tider. Denne dagen serverer Jan pølser til ein lang kø med svoltne gjester i varmestova før han tar på seg jakka og set kursen mot vaktbuene ved skitrekket, han må avlaste gutane som køyrer skitrekket og no treng ein pause. Tomas har vore her som fast tilsett i åtte år, lenger enn både Jan og Anne Karin. Han likar seg godt her.

På veg nedover møter me Magnus Smistad Flemmen (9) som er saman med mor Anne Smistad Flemmen. Dei nyttar vinterferien på ei firmahytte på Gullingen, og Magnus skal prøve slalåm for første gong denne dagen. Mor treng teknisk bistand med skia, Jan hjelper til og ynskjer lukke til i bakken.

– Det kan vere lurt å byrje i barnetrekket, slår han fast og smiler.  Barnetrekket kjøpte Jan og Anne Karin frå eit konkursbu på Seljestad, det har vist seg å bli enormt populært.

‍Magnus Smistad Flemmen (9) prøver slalåm for første gong.

I barnetrekket susar dei yngste nedover bakken, nokon famlar litt etter mor eller far som spring på sida, andre stolar på seg sjølv og tar turen opp i heisen gong etter gong heilt åleine. Meistringskurven er bratt for mange. Familien Isaksen har sett seg godt til rette nedst i trekket, her kan dei nyte kaffikoppen og ha full oversikt. Medan mor Unni og far Ivan nyt roen rundt bordet saman med hunden Buffy kosar Nemi Isaksen (12) og Iris Isaksen (14) seg i trekket.

– Me har campingvogn her og kosar oss, dette er ein flott plass å feriere på, meiner dei.

Inne på turistsenteret litt lenger nede er det Ida Nerheim som har kontrollen i resepsjonen. Ho kan guide folk ut i dei rette løypene, eller svare på dei fleste spørsmål. Her er ein resepsjonsdisk laga av gamle material som dei fekk gratis frå bonde Tore Moe på Suldalsosen, gamle bilete frå stølsdrift og fjell-liv i farne tider, overfylte bokhyller, fargerike møblar og rustikke lamper.

‍Unni og Ivan Isaksen kosar seg på Gullingen saman med døtrene Nemi og Iris, og hunden Buffy.

– Me vil gjerne ha fokus på overnatting og på den gode sosiale atmosfæren, seier Anne Karin medan ho klappar hunden Hermine som er fast kamerat, og som gjerne slappar i sofaen saman med gjestene.

Jan og Anne Karin var sjølv på hytta si på Myrlekvelven den gongen ideen om å overta drifta her oppe kom på banen. Anne Karin måtte nemleg innom turistsenteret for å låne telefon, der høyrde ho at heile anlegget skulle seljast.

– Og så var eg jo sjølvsagt dum nok til å gå heim til hytta og fortelje det til Jan, seier ho og ler godt.

Det er heile seks år sidan Jan tok sjansen og kjøpte anlegget, nokre år etterpå kom også Anne Karin opp. Dei har framleis bustaden sin på Tananger i Stavanger, medan dei i arbeidsvekene bur i leilegheit på Gullingen.

‍Gullingen er eit attraktivt område for hytteliv og ferieturar.

– Me får jo nokre fine langhelger heime i Stavanger, men det er klart me somme gonger saknar både venner og familie der. Men me trivest her oppe, og me likar godt å skape noko, slår Jan fast. Dei likar begge to å reise, og dermed har dei fått med seg mykje inspirasjon på reiser i inn – og utland. Medan Anne Karin har erfaring frå oljebransjen der ho jobba med innkjøp har Jan sin bakgrunn frå rekneskap og økonomi. Begge deler er erfaringar som har kjem godt med i utviklinga av Gullingen.  Likevel er Jan ganske skråsikker når han slår fast kven som har hatt blikket for oppussing og interiør.

– Det er Anne Karin, ho seier kva eg må gjere og så er det berre å gjere det, seier han og kikkar mildt bort på kona som smiler lurt.

– Berre kom her og sjå, ho har til og med laga vegg-kunst inne på det eine soverommet her, seier han og peikar inn på eine veggen som er kunstnarleg dekorert.

‍Anne Karin Vårvik og Jan Nilsen gler seg over å utvikle Gullingen som destinasjon.

Målgruppene våre er jo stort sett familiane, her oppe er det fine løyper til langrenn og eit skitrekk som passar dei fleste. Dei kan ikkje rose nok av løypekøyraren Bjørn Egil Nerheim som sikrar gullspor i ordets rette forstand. Her kan ein ha rolege og fine dagar saman med heile familien, fortel paret som har investert om lag 8 – 9 millionar i skitrekk, turistsenter og camping sidan dei kom for seks år sidan. På denne tida har dei skifta ut heile tallerkenheisen i skitrekket, fått på plass barnetrekk, pussa opp fjellstova og ikkje minst pussa opp alle rom og leilegheiter som dei leiger ut. Dei har 165 senger, fordelt på 41 rom og 3 leilegheiter. No tar dei ein pust i bakken, vel vitande om at det meste er på plass. Det siste året har dei og satsa friskt på kjøkkenet og å få på plass lokale råvarer og matrettar.

– Me har eit flott samarbeid med Ryfylkekokken som har hatt kurs hjå oss, og ikkje minst fekk me ein dyktig kokk på kjøkkenet då Kirsten Vetrhus byrja hjå oss. No serverer me laks, kjøttmat og vilt frå lokale leverandørar, fortel Anne Karin.

Denne dagen er borda dekka til Røde Kors sitt vinterferiearrangement for barn som treng eit alternativ til tradisjonell familieferie. Ungdomsgjengen skal få laks med pesto til middag.  No har også turistsenteret starta opp igjen med den tradisjonelle søndagsmiddagen som dei vil servere ein gong i månaden framover, eit tilbod som er populært både hjå fastbuande i bygda og ikkje minst hjå hyttefolket som kan gjere seg ferdig med middagen før dei set kursen heimover.

Kva som trengs for å utvikle Gullingen framover?

– Betre samferdsle-løysingar hadde gjort seg, slår Anne Karin fast. Ho og Jan skulle gjerne sett det gjekk fleire bussar opp og ned til Gullingen-området. Det hadde letta turen for dei som fryktar å køyre på glatte vintervegar, og det hadde gjort området lettare tilgjengeleg for dei som ynskjer å reise frå Stavanger utan bil.

‍Jan Nilsen likar kø i skitrekket, her styrer han skiheisen med stø hand.

Inne på den eine fløyen med leilegheiter har Jonas Høyvik inntatt kjøkkenet for å lage tomatsuppe til middag. Storebror Vegard (6,5 år) sit på golvet og fylgjer godt med. Han kan fortelje at han har kost seg i skileiken som ligg rett på sida av turistsenteret. Veslebror Audun (4) og mor Ingvild Dustad Vesterheim nyt roen på rommet med teikning og lesing medan dei ventar på middagen.

– Me var her i fjor og, det er fine omgjevnadar og akkurat passeleg for oss, seier paret som meiner Gullingen er familievennleg, og har eit tilbod for dei fleste. ■

Tilbake til toppen