Lim og lære

Eg vonar saka på Talgje kan bli eit vendepunkt. Når alle har frest frå seg, lest sine bibelvers eller spytta hånlege ord mot bedehusfolket, då er det rom for gode samtaler igjen.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 2
Mitt Ryfylke 2017 2

Alle små samfunn treng noko som foreinar og held det saman. Eg har lært meg, etter lange samtalar på Fogn, at limet i våre små samfunn i Finnøy er skule og butikk. Mister folk dette, er det knapt nokon vits i å bu på staden lenger. Om ein då ikkje finn eit nytt lim.

Talgje til dømes, har mista både butikk og skule. Når ein og har dobla folketalet, trengte dei eit nytt lim i livet deira. Dette førte til at eit styre kom på at det at det nye limet i Talgje-samfunnet skulle vere at ein ikkje ville bli talt til av ein prest som seier ja til å vigsle homofile. Saka fekk stor medieomtale og førte til eit særs godt besøkt årsmøte i Talgje bedehus. Det synte seg at ikkje alle meinte at det var ein god grunn til å sende kyrkjefolket på dør, og dermed trakk det gamle styret seg. Dei hadde ikkje lenger samvit til å sitje lenger. Heldigvis for Talgje bedehus var det andre i forsamlinga tydelegvis med litt meir avslipt samvit og moral som kunne ta på seg styreverva.

Når slike saker vert omtalt er reaksjonane ganske forutsigbare. Trongsynte bedehusfolk og ein utdatert kristendom. Korleis kan tenkjande menneske leva på Talgje? Andre meinte at «dette burde ikkje Aftenbladet skrive om». Avisa grapsa til eit idyllisk lokalsamfunn, typisk media. Det er ein ganske naturleg reaksjon som eg har sett før mange gonger. Det er ubehageleg å få fokuset retta mot seg på denne måten, men er det feil berre fordi det er ubehageleg?

Me i Finnøy er ikkje unike, verken i Ryfylke eller Rogaland. Diskusjonane mellom kyrkja og bedehuset går over heile landet, dei lærde kranglar om kva som er rett og galt. Det er berre Gud som skal dømme levande og døde, men tydelegvis har fotfolket stor glede og nytte av å komme med kvalifiserte gjettingar. Somme vert vranglærarar andre vert vrongknokar, eg veit ikkje kva som er verst.

Då eg vaks opp var det eit ganske skarpt skilje mellom kristenfolket og «heidningane». I generasjonen før meg, var det enda hardare frontar. Ein gjekk på dans eller i kyrkja. Utskot som meg, som likte begge deler, hadde det ikkje enkelt. Eg hugsar enno då eg prøvde å gå på ein pubkveld som ung vaksen og fekk høyre frå nabobordet «kva gjer du her, Stikk-Innom-f**n-idiot». Eg skulle halde meg til Stikk Innom og Lauvsnes bedehus, ikkje vere på pubkveld.

Då eg flytta tilbake til Finnøy etter mange år vekke, hadde skiljet så og sei forsvunne. Ein kunne gå på alle arrangement utan å få stygge blikk - ei strålande utvikling. Men no tettar det seg til igjen. Det vert st adig vanskelegare å puste i mitt øyrike. «Heidningane» ser med rart blikk på dei kristne, og dei kristne skular på kvarandre. Det er i ferd med å verte eit landskap av rettruande, heidningar og vranglærarar.

Eg vonar saka på Talgje kan bli eit vendepunkt. Når alle har frest frå seg, lest sine bibelvers eller spytta hånlege ord mot bedehusfolket, då er det rom for gode samtaler igjen. Eg har framleis tru på et godt og raust samfunn i Ryfylke, men då må me møtas. Me treng å bryta meiningar, få nye perspektiv og innspel. Det hjelp ikkje med butikk og skule dersom me på fritida tilbring tida i vårt eige ekkokammer. Det er møtet mellom folk som skaper bulyst, livsglede og gode buforhold for kropp og sinn. Det er me som bur her som er limet i Ryfylke. ■

Tilbake til toppen