Utforskar balansekunst

Dei har balansert, leika og utforska naturen heile livet. Det var ganske naturleg at Vidar Skavland (44) og Maria Grindheim Skavland (40) skulle byrje å produsere leikeapparat.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

Ein lastebil kjem køyrande inn på tunet på garden på Talgje. Han har med seg eit lass fargerike Rampballs, små og større ballar som ein kan vippe, gynge og hoppe på. Inne på verkstaden i det raudmålte reiskapshuset sit Vidar og Maria. Her har dei teikna, grubla og prøvd ut alle leikene. I starten hadde dei kumatter til å ha under apparata, mykje har endra seg sidan det. Oppe i andre etasje har dei innreia eit lyst og triveleg kontor, med eit heimesnekra langbord og kvar sin arbeidsplass der det er lov å drøyme om å ta sjumilssteg. Det er alltid like kjekt når det kjem leveranse til garden med deler som kjem frå fleire stader i verda, denne gongen  er det leveranse frå Tykland. Lastebilsjåføren må endåtil høyre kva det er han har levert.

– Leikeapparat ja, akkurat. Gummikuler som vippar seg og som ein kan hoppe på?

– Vil du prøve, svarer Vidar kjapt og ler.

Vel, sjåføren må vidare, men ein liten gnist er tent. Han tok poenget med å lage ufordrande leikeapparat som har det vesle ekstra.

Kristine er ofte i verkstaden saman med mor og far.

Vidar er oppvaksen i havgapet på Talgje, på heimegarden fekk han prøve seg med det meste av gardsarbeidet, han lærte å setje pris på hardt arbeid og dei ressursane han hadde rundt seg. Og ikkje minst lærte han å kjenne gleda ved å skape noko. Seinare vart det marknadsføring på vidaregåande og tre år som fallskjermjeger i militæret.  Tanken på å hoppe ut i noko har aldri skremd Vidar, om det er frå eit fly som fallskjermjeger eller det handlar om å starte ei ny bedrift.  

– Etter åra i militæret ville eg heim og skape noko med eigne hender, seier Vidar. Dermed vart det gardsdrift på heimegarden og etter kvart ei reiselivssatsing i bedrifta Anker Gaard med matservering og aktivitetar i sjøhusa som tilhøyrer garden.

— Mykje av framstega i Rampline kjem fordi me vågar å ta nye steg.
[Vidar Skavland]

Og som om ikkje det var nok, ho var eventyrlysten ho som blei med Vidar attende til Talgje. Maria er også oppvaksen på ein liten gard, i Etne. Ho er utdanna grafisk designar og har lang erfaring i faget før ho for nokre år sidan starta som frilansar og no arbeider utelukkande med design og profilering av Rampline.

– Mykje av framstega i Rampline kjem fordi me vågar å ta nye steg. Me er like der heldigvis, meiner Vidar.

– Men korleis kom ideen?

– Eg trena på å gå på line mellom trea i skogen, då byrja eg å gruble over korleis dette kunne bli tilgjengeleg for alle. Ikkje lenge etterpå var eg i gang med eit sveiseapparat, fortel Vidar.

Mykje av arbeidet skjer i verkstaden. Her blir det teikna, og prøvd ut nye tekniske løysingar. Mange detaljar skal stemme før det ferdige produktet står klart.

Så byrja snøballen å rulle. Korleis kan leikeapparata sjå ut? Korleis kan ein skape apparat som utfordrar både born og vaksne på ein ny måte, og ikkje minst: korleis kan ein skape leikeplassar der folk er, som dei ikkje treng å oppsøkje spesielt?  I dag kan ein blant anna prøve seg på Rampline sine apparat midt i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim for å nemne nokre stadar.  

– Me sel mykje via landskapsarkitektar som ser at våre løysingar kan vere gunstige for eit uteområde, fortel Maria. Både ho og Vidar meiner det aldri har vore negativt at ein driv ei gründerbedrift frå Talgje, men livet som bedriftsleiar etter Finnfast vart litt enklare. Både kundar og samarbeidspartnarar kom plutseleg litt tettare på.

Produkta dei produserer på Talgje er unike og nyskapande; Rampball er trykkstøypte kuler laga i gjennomgåande gummi, som kan rotere, vippe og fungere som gode balansepunkt, Rampline er eit system for slakk line som kan setjast opp kor som helst, og dermed gjer slakk line tilgjengeleg for langt fleire, og Rampit-serien består av stativ og apparat som inviterer til leik, klatring og trening for alle aldersrupper.

Kristine (5) er glad i utfordringar. Ho balanserer gjerne på ein fot eller prøver nyehopp medan mor og far følgjer stolt med frå sidelinja.

Bedrifta har blitt ei ekte familiebedrift.  Ei bedrift der mor tar seg av design og marknadsføring, far testar ut nye tekniske løysingar og tenkjer kreativt, og borna er det perfekte testpanelet. Borna Sølve (1), Kristine (5) og Vetle (6) er ivrige til å prøve ut nye idear ute på tunet. Kristine imponerer fotografen då ho hoppar lett og ledig frå rampball til rampball, ho kan til og med balansere på ein fot om det skulle vere det.

– Det er klart våre ungar får prøve ein del av dette og får utvikla gode ferdigheiter.  Men det er jo dette som ligg latent i alle born, at dei vil løfte seg opp, prøve å hoppe og sjå om dei klarer å balansere. Det må bli enklare å prøve seg, og ein må utnytte leikeplassane betre, meiner Maria.

– Og har ein god balanse er det så mykje i livet som blir enklare. slår ho fast.

Vidar og Maria Skavland ynskjer å gi borna fleire motoriske utfordringar på leikeplassen.Apparata Rampline produserer gir god balansetrening. Dei har innreia kontor i andreetasje på verkstaden der Maria tek seg av design og marknadsføringsbiten.

RAMPLINE AS

Firmaet på Talgje utviklar og sel leikeapparater for offentleg miljø. Produkta er unike med sine tekniske løysinga og funksjonar.

Rampline slakkline-system, Rampball vippe- og svingkuler og Rampit klatre- og turnestativ er alle laga for kreativ og utviklande leik særlig retta mot å styrke balanse og motoriske ferdigheiter. ■

Tilbake til toppen