Skulen som satsar

Då elevtalet peika nedover for Sauda vidaregåande skule, byrja ein å tenkja kreativt.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

Skulen har gjennom nisjelinjene greidd å halde elevtalet oppe i 440 elevar. Utan desse linjene ville skulen om få år kanskje ikkje hatt fleire enn rundt 250 elevar.

Synkande folketal i indre Ryfylke gjer at stadig færre ungdommar soknar til skulen. Ein er difor avhengig av  å importera elevar frå andre stader i fylket og landet.

Og kva skal til for å freista ungdom til å gå på skule i Suldal og Sauda?

Jo, toppvolleyball, ambulanselinje, ski- og snøbrettlinje, transportfag og yrkessjåførfag. Og til hausten kjem eit sjette nisjetilbod, ei linje for villmarksliv.

Appelsinane ligg på rad og rekke i klasserommet til ambulanselinja ved Sauda vidaregåande. Fruktene skal snart bli sprøyta fulle av saltvassoppløysing. Å stikka sprøyter både rett under huda og inn i ein muskel er ein av mange ting ein ambulansearbeidar må kunna. Når elevane er blitt meir røynde, skal dei også få stikka kvarandre.

Peder Andreas Skretting slår fleire gonger mot sprøyta med fingertuppane før han stikk nåla inn i frukta. Han forklarer at det er særs viktig å få ut alle luftboblene før ein set ei sprøyte. Elles kan pasienten få luftbobler i blodårene og døy.

Blålys og sirener vil bli ein del av kvardagen for denne gjengen: Frå venstre: Therese Gudmundsen, Marthe Skårland, Linda Olava Edland og  Anna H. Bøe. Bak i bilen: Ida Tengesdal, Solveig S. Østhus og  Anita Ege.

Ein ambulansearbeidar er legens høgre hand når sjukdom og ulukker råkar, og det er eit vidt fagfelt elevane skal gjennom. Både anatomi, fysiologi, ambulansemedisin, symptomlære og behandling er nokre av disiplinane elevane skal kunna.

I tillegg har dei praksisperiodar, både i eldreomsorga og som tredjemann på ambulanse. Somme har alt sett både overdosar og hjartestans på nært hald. Og snart kjem jordmora på besøk for å fortelja om fødselshjelp.

— Skulen tek kvart år inn 15 elevar. Dette året stod nærare 50 elevar på venteliste. Elevane kjem frå både nord- og sørfylket. Alle bur på hybel, fortel faglærar Kjersti Brekke.

Solveig S. Østhus finsliper sprøyteteknikken.

Berre tre gutar sit i klasserommet, resten er jenter. Brekke forklarer at eit snitt på over 4, til ein viss grad favoriserer jentene. Ho understrekar at ambulansestasjonane ønsker kjønnsbalanse blant personalet.

Men gode karakterar er ikkje det einaste som er viktig for å bli ein dyktig ambulansearbeidar. Det hjelper lite med toppkarakterar om du ikkje kan springa 1000 meter på fem minutt, eller, saman med ein makker, bæra ein vaksen person på rundt 80 kilo i bærestol frå tredje-etasje på nokre få minutt. Skal ein bli vurdert for ein læreplass, er dette absolutte opptakskrav.

— Mange blir nok litt overraska over kor mykje trening som ligg inne i studiet, men å vera sterk blir stadig viktigare i ei tid då overvekt i befolkninga er aukande, påpeiker Brekke.

— I Stavanger har ein alt kjøpt inn ein ambulanse mynta på svært overvektige menneske, skyt ein av elevane inn,

For å sikra god form har elevane på ambulanselinja ekstra gym, og blir sterkt oppmoda om å også trena både styrke og kondisjon på fritida.

Anita Ege med pasient Solveig Østhus. I eit land kor mange har lang veg til sjukehus, stiller det store krav til ambulansearbeidaren.
Håkon Skogland er ein av tre gutar på ambulanselinja.

Men å vera sterk er heller ikkje nok. I tillegg skal ein ambulansearbeidar vera glad i menneske, god til å samarbeida (ofte med politi og brannvesen), kunna visa leiarskap og ta raske avgjerder. Han eller ho skal også kunna fordøya masse teori som dei så skal omsetja i praksis. Og ikkje minst er det viktig med god psykisk helse, for dette er ein knalltøff jobb, kor du skal kunna snakka like godt med den unge mora som blir sendt heim for å døy av kreft, som med Olga på 80 som har brote lårhalsen, eksemplifiserer Brekke.

Ho minner om at ambulansefolka ofte er dei første på ein skadestad, noko som fører til ekstra påkjenning og ansvar.

— Ambulanselinja i Sauda er den einaste i Rogaland, og det var fleire skular i fylket som kjempa om å få henne, fortel avdelingsleiar, Bård B. Lien.

— Me gjorde stor flid med søknaden vår, for me ønskte å gi det beste tilbodet. Sidan me er ein hybelskule må me også tenkja endå meir på elevane sin trivsel enn skulane i byane. Skal foreldra villa senda elevar til Sauda vidaregåande, må me kunna tilby eit bra opplegg både fagleg, men også på fritida, påpeiker Lien.

Bæring av trappestol. Mari Austerheim (t.v), Anna Hagenes Bøe, pasient: Therese Gudmundsen og Linda Olava Edland.

Til hausten vil skulen få eit nytt hybelbygg med totalt 30 hyblar, og skulen har kantine som tilbyr varmmat. Ein har også teke godt vare på skulebygningane, slik at elevane har innbydande og fine læringslokale, framheld han.

Bård B. Lien fortel også at dåverande fylkespolitikar Olaug V. Bollestad (Krf) (no stortingsrepresentant) var blant dei som stemte for å leggja linja til Sauda. I fjor besøkte Bollestad ambulanselinja for å sjå korleis det gjekk, og fekk med seg viktige innspel tilbake til Stortinget, fortel han.

Helseføretaka i Rogaland var også svært interesserte i å få linja på plass, og har gitt skulen mykje utstyr som ein kan nytta i undervisninga. Blant anna har linja fått ein ambulanse.

Før ein byrjar på ambulanselinja må ein gå eit år på helse - og oppvekstfag. Etter året i Sauda er det to års læretid, anten hjå Helse Fonna eller Helse Stavanger. Ein kan også ta eit tredje år (påbygg) for å sikra seg studiekompetanse.

Kjersti Brekke fortel at det er hard kamp om lærlingplassane. Helseføretaka vil ha lærlingar med lite fråvær, god fysikk og gode karakterar. I den rekkefølgja, presiserer Brekke.

Andre Solbakken i ein djup puddersving i Sauda Skisenter

Ikkje alle elevane får læreplass med det same, men ho fortel at helseføretaka jamt over er godt nøgde med ambulanselærlingane som kjem frå Sauda vidaregåande skule. Kjersti seier løyndomen er ein god blanding av teori og praksis. Drilling og mengdetrening må til for at ein skal bli god i ambulansefaget.

— Sjølv om det er ein hard og krevjande jobb, blir mange verande lenge i yrket. Det er difor ikkje så lett å få fast jobb med det same, påpeiker ho. Dei fleste må difor bu seg på å vera vikarar den første tida.

Når eleven er 20 år, eller når ho eller han har hatt bilsertifikat i to år samanhengande, tek ein den såkalla «blålappen» som gjer ein i stand til å vera sjåfør på ambulansen. Dette er eit kompetansebevis for utrykkingskjøring og eit krav for å kjøre utrykking med ambulanse.

Kjersti Brekke minner om at det tek ei tid å mognast inn i faget. Når folk får smaka livet, gir det også ny innsikt i korleis ein taklar utfordringar i jobben som ambulansearbeidar, seier ho.

Medan elevane viser Mitt Ryfylke rundt i den gamle ambulansen dei har på skulen, gjer ski og snøbrett-elevane seg klare til å dra til Sauda skisenter i Svandalen.

Sindre Bjørk Hauglin finsliper stålkantane på ein rail.
Håvard Sletti Heskje festar blikket ned i linja.

Om vinteren trenar dei to dagar i veka i skitrekket på dagtid. I tillegg kjem kvelds - og helgekjøring.

I Svandalen har dei 18 elevane i 1. og 2. klasse eit eige klasserom, for det er ikkje berre til å setja utføre hopp og bakkar. Klassane er ikkje fulle, men faglærar Trond Carsten Øye satsar på at elevtalet tek seg opp etter kvart som tilbodet blir betre kjent. Dei fleste elevane kjem frå sørfylket.

Også ski -og snøbrett elevane må ha inn ein del teori. Både skredopplæring, bygging av hopp, skiteknikk, snøbretteknikk og skadeførebygging står på pensumlista.

— Til hausten vil ein for første gong ha tre klassar ved linja, fortel kontaktlærar Trond Carsten Øye. Øye er sjølv ein erfaren skikjørar med røynsle frå store internasjonale konkurransar. Etter femten år utanbygds gjorde han igjen saudabu av seg då han fekk nyss om dei spanande planane ved Sauda vidaregåande skule.

Nicklas Emil Vedvik i eit luftig øyeblikk.
Mary Birkeland og Sindre Bjørk Hauglin stiller i ein ‘pose’.

Det finst fleire liknande linjer i landet, men mange har ski og snøbrett som valfag. I Sauda er det lagt opp som toppidrett, fortel Øye som også har Terje Hodne (snøbrett) og Marte Frikstad (ski) med seg på lærarlaget.

— Elevane som går på ski -og snøbrettlinja må ha god grunnteknikk og god fysikk. Det nyttar ikkje å komma hit som nybegynnar, opplyser Øye.

Som namnet på linja tilseier tilbyr ein fleire spesialitetar. Elevane kan både kjøra i park eller driva med frikjøring, og somme gjer begge deler.

Fleire er aktive i konkurransar i helgene, og etter tre år i Sauda skal elevane ha eit så bra grunnlag at dei skal kunna delta på det dei ønskjer når dei skal ut i den store verda.

Øye fortel at ein er opptatt av å bygge eit godt miljø blant elevane. Han er også glad for at så mange jenter har byrja på linja. Elles rosar han samarbeidet med Sauda skisenter. Når ein ikkje står på ski eller snøbrett, kan elevane trena i badebassenget, på trampoline eller på friidrettsbanen. Før snøen kjem i Sauda, reiser ein til Vierli for å få snø.

For å utvikla seg på ski og snøbrett må ein våga. Tryggleik og risiko må difor heile tida balanserast mot behovet for framgang. Til nå har ein vore skånt for alvorlegare skadar, fortel Øye, som nøgd kan konstatera at dagens økt føregår i puddersnø. Då er ein sikra ei mjuk landing når nye triks skal øvast inn. ■

Tilbake til toppen