Suldalspostensindre liv

I Suldalsposten er hårete mål til for å nås. Språket er til for å brukast. Møt gjengen bak Årets Lokalavis 2013.

Frå
Mitt Ryfylke 2014 3
Mitt Ryfylke 2014 3

I handlingsplanen til Suldalsposten var nemleg eitt av måla å bli Årets Lokalavis 2013. Så skjedde. — Målet for 2014 er naturlegvis å vinna prisen på nytt, seier redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland.

Når me har planlagt noko, står det jo berre att å gjere det, seier ho og smiler lurt.

Redaktøren står ved hybelkomfyren og lagar eggerøre til kvinnskapet som sit i stille deadline-konsentrasjon, berre timar før onsdagsavisa skal sendast til trykking.

I Suldalsposten lever dei etter mange viktige språkreglar. Elles er reglane desse: Egg til lunsj og Folk vil lesa om folk. Difor skal avisa leva tett på, vera skarp, men ikkje sur. Meir som ein god sitrondrops, ifølge Esther, smakssterk og definert.

— Me lærer ikkje av skrøyt, berre av konstruktiv kritikk.  Det hender folk kjem innom og er forbanna. Men det er viktig at me gjer jobben sjølv om folk blir provoserte, påpeikar redaktør Espeland.

Suldalsposten held til i andre høgda på det som ennå blir omtala som «Jernvarebygget» i Sand sentrum. Her kan dei tilsette nokre månadar til følgja med på kven som kjem og reiser med ferja, og sjå kva dagar det er folk på Suldal lensmannskontor på andre sida av gata.

Avisa er limet i Suldal, ho er å finna i nesten alle hus.

— Me plar seia, rett opp ei hand de som ikkje abonnerer, fortel Astrid Espeland.

Suldalsposten

Opplag: 2337
Suldal kommune finansierer abonnement til studentar, lærlingar og vernepliktige.
Suldalsposten kjem i 96 utgåver per år, blant desse fleire tema-nummer.
Avisa kjem ut to gonger i veka, onsdag og fredag.
Tal på tilsette: 7
Avisa har i tillegg 7 bygdemeldarar.
Ingen fellingar i PFU.
Prisar: Årets Lokalavis i 1998 og 2013.

Nettavisa er ikkje prioritert. Seinkar ein lista for å publisera på nett, aukar folk sine forventningar. — Me er heller ikkje mange nok tilsette til å kunna drifta ei nettavis systematisk, forklarar Esther Moe.

I Suldalsposten arbeider det berre kvinner.

Astrid Espeland meiner ikkje det er noko ulempe, sjølv om det er tilfeldig at avisa er einkjønna. Ho påpeiker at ein har hatt menn innom tidlegare. Men tru ikkje at ting blir sårt og sart fordi om dei berre er hokjønn på jobb.

Her blir det lufta ut regelmessig.

— Fleire definerer oss dessutan halvvegs som menn, seier Astrid og ler høgt.

Suldalsposten gir ut avis to gonger i veka, onsdag og fredag. Magasinet «Mitt Ryfylke» vitja avisa ein deadline-dag.

Avisa held hus i trivelege og lyse lokale. Astrid Espeland sit i skranken og tek telefonen. I tillegg er ho for tida travelt oppteken med rekneskap og føreburingar til styremøte. Og så tek ho passbilete.

Ei krukke buttons og eit fat ballongar står sentralt plassert. Reklamemateriellet proklamerer naturlegvis sigeren i NM for lokalaviser, men ingen feirar lenger. Nå er det nye mål som gjeld.

Journalistane, annonseseljaren og dei to deskmedarbeidarane Siri Førland og Astrid Guggedal sit alle inne på kontora sine og jobbar. Glasdørene inn til arbeidsromma glir opp og igjen, alt etter som dei tilsette treng arbeidsro. Stundom flyg ei slåse eller ein lått gjennom lufta, men det er mest lyden av arbeid, telefonsnakk og konsentrert tastatur-knastring.  

Dette er hjernekraft i sving, drive av vatn,  kaffi og ein neve non-stop, sopt opp frå det hjarteforma fatet i fellesarealet.

Me snik oss inn til Marta - Brit Lunde. Ho har hatt helgevakt og sit no og skriv ut på saker som har hopa seg opp på blokka gjennom helga. Ho viser oss ein konvolutt med nokre hastig nedskribla kråketær, etter litt dekoding skal dette bli tysdagens «På tråden»-spalte.

På veggane heng ark med språkreglar. Språket er adelsmerket her i huset og ein viktig grunn til at Suldalsposten blei Årets Lokalavis. Gjengen har gitt nyhendespråket saft og kraft, og skriv  featureartiklar med litterære kvalitetar.

Folk i Suldal skal få vita det dei vil vita, bør vita og ikkje veit, i eit språk som både skin og lyser opp. Skrivefeil er ikkje ein del av eit slikt prosjekt. Kvar avisside blir difor prenta ut og korrekturlese av to personar.

Klokka er 08.40. Det er tid for morgonmøte. Gjengen samlar seg rundt møtebordet. Redaksjonsleiar Esther Moe deler ut eit sideoppsett.

— 16 sider i morgon, mine venner. To sider annonser.

Astrid Espeland kjem inn med kaffi og går ut att.

— Korleis er nest siste, spør Esther.

— Tre gratla og eit bryllaupsbilete, svarar Astrid Guggedal.

Deretter går gjengen gjennom tilgjengelig stoff, både eigenproduserte artiklar og innsendt materiale. Det meste skal brukast i tysdagsavisa, men noko vil Esther spare til fredagsavisa, fordi stoffet krev meir plass, og fordi ho likar å ha noko i bakhand. Spaltemeter og plassering blir fordelt, alt etter kor viktig sakene er og kor gode bilda er.

Putt det i loftet, i kjellaren, i teaseren, eller på side 5,6 eller 8, er omkvedet.

Med kontant, men humørfylt mynde og mine leier Esther møtet. Av og til slår ho pennen i arket for å streka under det ho seier, og gløtter lurent over kanten på brillene. Insta- bileta får stå til fredag, avgjer ho.

Kyrkjekaffisaka frå Jøsenfjorden bedehuskapell vil ho ha på sistesida.

— For våre abonnentar som framleis måtte famla i mørket, seier ho og slenger ut ein lått.

— Har me ein «På Tråden», forresten?

— Eg har, svarar Marta – Brit.

Astrid Espeland kjem inn og spør om det går an å få inn ei ekstra annonse.

— Hvis det er heilside så, repliserer Astrid Guggedal kjapt.

Lått rundt bordet.

— Me får til det, seier annonseseljar Nora og går for å snakka med kunden.

Esther er klar til å oppsummera framsida etter sjekkpunkta.

— Me har med kvinner, halvøya, politikarar, Erfjord, turar og fuglar.

— Kor er kjendisen, spør ei av dei andre.

Esther flirer og fortel om kva ho har tenkt å ta for seg i leiarartikkelen; Delegasjonen av fylkespolitikarane som tykte det var så ovlag vakkert i «Sylldal».

— Men kva viss ingen lenger kan bu her, då blir det ikkje fint her. Då kan dei sitja i «Klobbgata» og drikka chai-en sin, seier Esther.

— Kan me putla med fredagsavisa inn i mellom,  spør Astrid Guggedal.

— Ingen problem, kvitterer Esther.

Journalistane fortel kva dei har føre seg for dagen. Toyni Tobekk skal til Suldal Vekst på ein jobb.

— Du sjekkar Suldal Hotell også, ikkje sant? Så har me den til fredag, spør Esther.

— Ja. Kan eg ta bilen?

— Kjør på, svarar Astrid Espeland.

Esther Moe fortel at ho likar å ha orden i syskrinet. Som redaksjonsleiar er det hennar oppgåve å setja avisa. Dersom me har planlagt godt, er det lettare å kasta seg rundt, dersom det skulle skje noko dramatisk tett oppunder deadline, fortel ho.

Sjølv om ho er litt sjef, trur ho at ho skriv like mykje som dei andre journalistane. Ho er glad for å ha ein sjølvgåande stab som tek ansvar og ser kva som trengst.

Suldalsposten er ei av få aviser i Norge med signerte leiarartiklar. Esther forklarer:

— Pressa er dei første til å krevja namn og nummer av andre, då meiner eg det er rett og rimeleg at avisa opptrer med namn når ein meiner noko.

Det nærmar seg lunsj. Redaktøren har dekka på bordet og ropar at maten er klar.

Ho har laga mat i ei æve. Lurer på kva me får, seier Siri Førland.

Ho og Astrid Guggedal er nestorane i avisa. Siri begynte i 1988, Astrid i 1990.

— Lunsjane våre er som ein halvslarven konfirmasjon, påpeiker Esther.

Ved å leggja 240 kroner i ein pott kvar månad får dei tilsette fersk lunsj kvar dag. Tillaginga går på omgang. Fredag bestiller dei noko ekstra godt frå kafé. Då startar også ein del av damene dagen med ein forfriskande dukkert.

Notater skal bli til ein artikkel signert Esther Moe.

Mat er viktig i avishuset. Men dei et på langt nær så mykje kaker som før, fortel Astrid Espeland. Folk er opptekne av å trena og leva sunt.

— Men me snakkar mykje om mat og har ein eigne perm der me samlar gode oppskrifter, fortel ho.

Dei tilsette får også lov å trena på helsestudio siste timen torsdagar. Astrid Espeland er ikkje i tvil om at det lønnar seg for bedrifta. For tida er sjukefråværet nede i 1,6 prosent.

Etter laks og eggerøre er det på’ an igjen. Finpussa artiklar, velja bilete, laga sider, skriva ut sider, finlesa og godkjenna. Mellom klokka 15 og 15.30 blir avissidene sende til trykkeriet.

Skjer det noko etter den tid, har det ikkje skjedd i papirutgåva av Suldalsposten onsdag 17. september, i alle fall. ■

Tilbake til toppen