Frivillige hender

Dei legg ned mange timar med dugnad utan å forvente ei krone i betaling, og dei er viktige for lokalsamfunnet. Møt nokre av dei frivillige i Forsand.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 1
Mitt Ryfylke 2016 1

Atle Espedal (42) kjem rett frå Stavanger, der han har vore på jobb. Atle driv sitt eige tømrarfirma og er samstundes ein engasjert fotballtrenar for gutar 11 og 12 år. No har han funne fram joggeskoa og møter oss på fotballbanen, det er her han trivst best. Kona May Britt Haga er av same kaliber, ho er brennande engasjert i handballen og trenar 2 klasse minihandball.

— Me gjer det jo kanskje mest for å fylgje opp borna våre, men me har idrettsinteressa i botnen, me har spelt sjølv og  likar oss på idrettsbanen, seier Atle og kona May Britt.

Borna Tuva (5), Tiril (7) og Atle Jr (10) er alle aktive og har nok arva idrettsgleda – og interessa til foreldra. Medan Tuva framleis har nok med eit aktivt barnehageliv, speler Tiril både handball og fotball. For storebror Atle Jr er det fotballen som er det store.

— Me har nok bidrege til at dei vart idrettsinteresserte, det trur eg nok. Borna får jo ofte dei same interessene som foreldra, meiner Atle. Han og kona May Britt meiner motivasjonen for å  stille opp time etter time som frivillige trenerar heng tett saman med interessa.

— Hadde borna vore interesserte i symjing eller ski hadde me sikkert stilt opp der, meiner ekteparet.

På vinteren legg Atle ned fleire timar på faste treningar i veka, medan May Britt har både treningar og kampar i helger. På sommaren blir det gjerne både treningar og kampar i helgene for Atle og fotballen, medan  May Britt også då har faste treningar. Til tider er det meir å rekne som ein livsstil enn ei interesse. Bak innsatsen ligg også ei tru på at idretten kan vere ei motvekt mot dataspeling og TV-sjåing.

— Dersom du ser på kor god den fysiske forma til ungdommar er i dag, kan ein jo bli skremt, det er viktig å stimulere borna til å få ein aktiv livsstil og ikkje minst at dei blir aktive etter at foreldra har slutta å mase om det, meiner Atle.

Det er ikkje alltid like enkelt å få nok frivillige på banen. Somme gonger kan det vere mange unnskyldningar for at ein ikkje vil delta. At ein ikkje har tid eller ikkje nok kompetanse til å bli frivillig i idrettslaget meiner begge to er unødvendige forklaringar.

— Alle kan bidra på sin måte, meiner May Britt.

— Om du ikkje kan vere trenar, kan du sitje i styret eller ta på deg praktiske oppgåver, det finst noko for alle, seier ho.

Kvar måndag møtest eit tjuetals danseglade på UL Heim sitt ungdomshus på Forsand. Dei er mellom 50 og 80 år og kjem frå både Strand og Forsand. Felles er dansegleda og gleda over å treffe andre over ein kaffikopp. Svein Helge Gjøse (67) opnar dørene til ungdomshuset. Det er måndag ettermiddag, snart skal han og makker Ingvar Fossan starte opp musikken og engasjere dei danseglade. Det er betrakteleg fleire kvinner enn menn som dukkar opp på dansekveldane, men det har arrangøren løyst på ein god måte, dei damene som må danse som menn får nemleg utdelt blå band, og dermed kan seniordansen, eller gladdansen som Svein Helge likar å kalle det, starte opp. Svein Helge kan ikkje skryte nok av dansegjengen, spesielt trekk han fram alle dei som kjem frå både Tau og Jørpeland, og ikkje minst dugnadsinnsatsen alle legg ned med rydding og vasking.

— Det er tydeleg at desse kveldane betyr mykje for mange, dei aller fleste kjem i alle fall igjen og har dette som fast aktivitet, seier Svein Helge.

Svein Helge har bakgrunn som bilmekanikar i 15 år, deretter vart det jobb som kundemottakar i om lag 30 år. Han har alltid vore glad i musikk, spesielt den som får dansefoten til å gå. På 90-talet var han og kona Ingvor aktivt med i gamaldansmiljøet i Hommersåk  der dei budde, rundt 2000 flytta dei tilbake til Forsand, der Svein Helge er oppvaksen. Då var det ergoterapeut Brit Berge som fekk Svein Helge engasjert i det lokale dansemiljøet på ungdomshuset. No er han med på å klargjere ungdomshuset, finne fram songar og er danseleiar på dansekveldane.

— Eg var først litt skeptisk til å vere danseleiar, men etter at Ingvar Fossan vart med vart eg litt meir positiv. Me må jo berre tenkje at me er pensjonistar og at me har tida til å stille opp og lage til noko for dei som har lyst til å delta.

— Eg blir motivert til å halde fram av alle dei som kjem gong etter gong, og som trivst så godt, slår han fast.

‍Svein Helge Gjøse er danseleiar på den lokale seniordansen. Han blir motivert av alle dei danseglade som kjem att veke etter veke. Kvar måndag møtest eit tjuetals danseglade på UL Heim sitt ungdomshus på Forsand. Svein Helge Gjøse ynskjer velkommen.

Ole Wollert Meyer (50) er prest i Forsand. I jobben ser han menneske i nød, i sorg og i glede. Han har eit hjarte for menneska rundt seg, og då meiner han alle menneske.

— Det er uavhengig av funksjonsnivå, nasjonalitet eller sosial status. Alle er like, det heng nok sterkt saman med det kristne menneskesynet, at alle har same verdi,  seier Ole Wollert.

— Eg likar det, å stadig møte nye menneske, ein gjer det i dette yrket, kvart år møter eg til dømes nye konfirmantar som alle har ulike liv, og som det er viktig å engasjere seg i.

Sjølv har han no engasjert seg i flyktningkrisa, og arbeidet blant flyktningane i kommunen.  Så langt har kommunen tatt i mot i underkant av 20 flyktningar, i løpet av dei neste tre åra kjem det 60 flyktningar. I tillegg kjem familieattforening. Det krev mykje av lokalsamfunnet i Forsand.

— Jobben min er ikkje så lett å setje faste grenser rundt, det handlar mykje om å sjå medmenneske, meiner han sjølv. Han er soleklar på at flyktningarbeidet krev eit breitt samarbeid på tvers i kommunen.

— Det krev mykje av oss, difor må me stå saman og me treng alle sin innsats, meiner Ole Wollert.

— Eg engasjerer meg for dei som kjem til oss, reint politisk om kor mange som skal kome til landet er noko politikarane avgjer, men eg meiner me har eit sjølvsagt ansvar om å hjelpe menneske i naud.

Han fortel om ein kvardag der flyktningane er blitt dei nye naboane, han meiner det er viktig at dei lokale stiller opp og møter flyktningane, inviterer dei med på det som skjer i bygda, har ein eit ekstra barnesete i bilen kan nokre få sitje på. Han har sett med glede på frivillige som stiller opp med klede og utstyr som flyktningane treng, og dei som besøkjer dei nytilflytta og inviterer dei med seg heim. Så enkelt er det. Og så vanskeleg.

— Det er eigentleg så enkelt at me alle har eit behov for å bli møtt, sett og tatt imot på ein god måte.

Sjølv har han inntrykk av at dei fleste støttar opp om arbeidet rundt flyktningane, men nokon er nok meir skeptiske.

— Eg trur nok det kan handle om frykt for det framande, det ukjende. Men i møte med nye menneske, kulturar og religionar, er det viktig å vere trygg på eigen identitet, tru og ståstad. Å styrke eigne røter, er viktig i møte med ei ny tid og nye utfordringar.

Ole Wollert er frå Vinje i Telemark, eigentleg skulle han reise ut som misjonær, men tilfeldigheiter ville det annleis, og slik hamna han i Forsand. I dag bur han i bygda saman med kona Ingeborg, og fire gutar mellom seks til 14 år. I kraftkommunen har han opplevd høge besøktal på gudstenestene, noko som ikkje er ein rådande trend i kyrkjenoreg.

— Det trur eg og handlar om at me har så mange frivillige i kyrkja, då er det mange som har eit eigarforhold til kyrkja. Me har mykje flott song og musikk, og så er me mange som får mykje gjennom å kome saman og feire gudsteneste. Men det er alltid plass til fleire, meiner han.

Etter mange år i Stavanger ser Ole Wollert og stor skilnad på frivillig innsats i bygda og i byen.

— Sjølv om det var mykje frivillig arbeid i Stavanger og, var det ikkje i nærleiken same frivillige aktiviteten som her. Det er me framleis gode til på bygda. Men me må vere bevisste på å ta vare på den verdien det er. Det er godt å vere, for andre treng oss, og så gjev det oss så mykje tilbake.

— Dessutan trur eg at me som enkeltpersonar og miljø, i framtida må rekne med å bidra meir inn der det er i dag er det offentlege som gjer mykje. Kanskje me ikkje kan rekne med same tenestetilbodet frå det offentlege som me ser i dag, grunna strammare økonomi?

— Så må me heller ikkje gløyme at mykje av det velferdssamfunnet i dag byggjer på av institusjonar og hjelpeapparat, har sitt utspring nettopp i det frivillige, og idealisme hjå enkeltpersonar og miljø, slår Ole Wollert fast.

‍Ole Wollert Meyer er prest i Forsand. Han er ikkje redd for å strekkje seg litt lenger enn jobben krev, no er han ekstra engasjert i flyktningarbeidet i kommunen.

Kulturleiar Eva Landre Meling meiner dei frivillige i kommunen er med på å skape gode møteplassar, arrangement og mange aktivitetar som gjer bygda til ein god stad å bu i.

— Ofte har nytilflytta kome inn i gode nettverk gjennom frivillig arbeid.  Innsatsen som skjer frivillig er limet i lokalsamfunnet og heilt avgjerande for at me skal ha det greit saman. Det offentlege kan aldri vedta trivsel, kun vera med å tilretteleggje med gode ramer og bidra med møteplassar.  I Forsand har me eit imponerande engasjement og min påstand må gjerne vere at me har over gjennomsnittet av frivillig arbeid, seier kulturleiaren. ■

Tilbake til toppen