Smaksrike gleder

Guri Hovland og Elin Sørskår finn fram til ekte smakar frå gode naturprodukt. Dei blir motiverte av å hindre matsvinn.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

Det heile starta då damene byrja å legge merke til all frukt som vart liggande i hagane til folk, og som ikkje vart nytta til mat. Det blei stadig vanskelegare å gå forbi slike hagar utan å spørje om dei kunne få ta med seg frukta som låg på bakken heim. Etter kvart dukka ideen opp – kanskje dei kunne lage mat av desse gode råvarene som ikkje blei brukte til noko?

– No veit me jo at me ikkje kan bruke eple som ligg på bakken til dømes, me har jo lært litt. Men det var slik det starta, i botnen ligg ei glede over gode råvarer og ikkje minst lysten til å nytte ressursane våre betre, seier Guri Hovland. Ho og Elin Sørskår jobbar begge i fulle stillingar som lærarar, likevel har dei bygd opp bedrifta Rågoe, imponerande nok på eit år. No danderer dei ost og kjeks på bordet, sjølvsagt med Rågoe sine chutneyar som rette tilbehøyret.

– Me er glade i å lage mat, det har me med oss frå før. Og så tenkjer me alltid at kanskje andre og er glade i dei smakane me likar godt sjølv. Så enkelt er det.

– Det er jo ikkje så farleg å prøve å skape noko nytt. Me klarer ikkje å bli størst i verda, men prøver gjerne på å bli best, meiner Guri. Mange kjenner nok også henne frå Draumehus, som er ein kunstverkstad – og utsal på Sørskår kai.

– Det heng jo saman dette, gleda av å kunne skape noko som fleire kan få ta del i.

Rågoe skaper smaksrike opplevingar med sine produkt. Her er noko for einkvar smak.

Rågoe

Rågoe produserer produkt av reine og lokale råvarer. Gründerane ynskjer å ta vare på matressursane rundt oss, og arbeide mot det stadig aukande matsvinnet.

I dag kjøper Guri og Elin ein del råvarer frå lokale aktørar, i tillegg til det dei produserer heime sjølve. Og resultatet lar ikkje vente på seg, dei utviklar stadig nye smakar og kikkar på nye potensielle produkt. I dag tilbyr dei blant anna chillimarmelade, ramsløkpesto, plommechutney, eplesmør og gulrotpesto. Ramsløkpesto er ein av mange favorittar, dei likar godt å nytte seg av naturlege ingrediensar og råvarer som ikkje alle brukar sjølv. Ramsløk var også med frå starten av i produksjonen.

– Det heile har jo gått veldig fort, me har jobba med å utvikle smakar, få på plass design, merking, me har i grunnen kome lenger enn forventa på så kort tid. Me jobbar godt i lag fortel Guri.

– Og me har jo 1000 idear om ting me kan utvikle, og nye smakar me vil teste og prøve ut. Det er berre tida som kan avgrense dette, seier ho og fortel at dei til dømes har idear om å utvikle produkt av tang.

– Me har jo sjøen tett på oss, det kunne vore spanande. I stor grad er det sesongbaserte produkt me lagar.

I dag får du produkta til Rågoe på Joker Lysefjorden, Spar Jørpeland, Ryfylke Bakeri & Konditori og Grønvik Gard.

Guri Hovland og Elin Sørskår brenn for å lage gode smakar av ekte og lokale råvarer.

Dei leiger kjøkken, og har dermed holde investeringskostnaden nede sjølv om dei har kjøpt inn ein del maskiner dei treng. Produksjonen set dei i gang når dei treng nye forsyningar, eller berre ynskjer å produsere noko nytt. Guri legg ikkje skjul på at dei legg ned mange arbeidstimar, men legg vekt på at ingen av dei har små barn, og dermed meir fridom til å utfalde seg på kjøkkenet etter arbeidstid.

– Me produserer aldri store mengder, tenkjer heller at det er viktig for kundane våre at varene er ferske.

I åra framover ynskjer dei å auke talet butikkar som sel Rågoe–varer, og ikkje minst ynskjer dei å halde fram med å levere kvalitet, og utvikle kreative løysingar. Både Guri og Elin brenn for å minske matsvinnet i samfunnet vårt. Alt for mykje mat forsvinn rett i søppelet, og gjerne mat som er godt brukande.

– Me bør bli meir bevisste på kva matressursar me har og korleis me kan ta vare på dei, meiner matgründerane. Noko som absolutt er i vinden både nasjonalt og internasjonalt. ■

Tilbake til toppen