Liv på nes

Nesflaten har omlag 200 innbyggarar, men likevel både hotell, kafé, nærbutikk, gåve- og kunstbutikkar samt eige drivstoffanlegg. No er målet at kunstprosjektet «Views» skal ta bygda til nye høgder.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

– Det er ingen før som har gjort eit liknande prosjekt i Noreg, trur me, seier kunstfagleg leiar for «Views», Gunhild Moe. Ho er kunstnar og kurator, og driv Energihotellet på Nesflaten saman med ektemannen Olav Lindseth. Det brennande engasjementet handlar om fleire barn i barnehagen, ein levande barne- og ungdomsskule, fleire turistar som er innom butikkane, drivstoffanlegget og hotellet i Øvre Suldal.

Det er fredag ettermiddag. Gunhild har sett seg i kaffekroken på nærbutikken på Nesflaten, her sit også bonde Jacob Vetrhus som har handla mat til helga. Samtalen går om kva som rører seg i bygda, og om kva helga skal brukast til. Nærbutikken gir ikkje berre mat på bordet, den gir også rom for samtale og drøs. Søster til Jakob, Åshild Vetrhus er også innom. Åshild er prosjektleiar for «Views», til dagleg er ho frilans folkemusikar og avdelingsleiar ved Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. No har ho kjøpt seg ein is i varmen og er klar til å vise fram prosjektet ho og Gunhild har jobba saman om sidan 2012.

Kunstprosjektet «Views» skal skape eit levande sentrum på Nesflaten. Prosjektet er nyskapande i form, prosess og metode. Målet er å gjere sentrumsbygget, der både nærbutikken og Skattkammeret på Nes held til i dag, til eit heilt spesielt kunstverk. Tanken er at taket på sentrumsbygget skal bli ein skulptur av aluminium der ein også kan gå på taket og nyte utsikta frå ulike punkt. Prosjektet omfamnar også ei fontene på kaien og ein portal på kaien ved Suldalsvatnet. Det er den danske samtidskunstnaren Jeppe Hein som står bak verka, medan arkitektfirmaet Snøhetta har sikra at bygget får dei funksjonane som trengs inn- og utvendig, for å kunne utnytte sentrumsbygget på den beste måten.

– Foreininga Liv på Nes skal arbeide for å skape ei positiv utvikling i Øvre Suldal, noko me har jobba med i mange år. Det heile starta med eit møte me hadde med kunstformidlingsinstitusjonen Artconnexion som jobbar med kunstmodellen New Patrons i 2012. Me vart fengsla av metoden, der føremålet er å sikre at bygda og lokalsamfunnet får eigarskap til både gjennomføring og styring av kunstprosjektet, fortel Åshild.

– I ettertid har gruppa endra samansetning, ikkje minst for at me ynskte å sikre at alle deler av bygda vart representert. Dette er ikkje ovante- og ned-prosjekt, dette eig dei som bur her.

Gunhild Moe og Åshild Vetrhus har jobba saman sidan 2012 for å realisere prosjektet "Views".

No har Artconnexion valt Nesflaten som arena for eitt av sine internasjonale New Patrons-prosjekt, i ettertid har mange, både regionale og lokale støttespelarar blitt med på laget. I dag er skissa frå Jeppe Hein klar, og i april vart det gjennomført ein stor konferanse om temaet. No er ein i gang med det som truleg blir det mest krevjande i prosessen, nemleg å sikre finansiering.

– Det er ei veldig spanande tid me går inn i, men me har så stor tru på at me skal og kan få dette til. Me ser jo kva arkitekturen til Geir Grung har å seie for Nesflaten, og korleis den er med på trekke turistar her til, me har tru på at dette kan bli noko stort. Me hadde aldri lagt ned så mange arbeidstimar viss me ikkje hadde tru på det, seier Gunhild og legg til:

– Eg plar seie det til dei som tviler at det går heilt fint, for eg har tru nok for oss begge, seier ho og smiler.

– Likevel er det bra med tvil, me treng at folk stiller gode spørsmål, så skal me heller prøve å svare så godt me kan, kommenterer Åshild raskt.

– Bygget her er eit verktøy for å utvikle Nesflaten. Butikken blir bygd om, og ein får plass til ein attraktiv kafe og ein god turistinformasjon året rundt. I staden for to inngangsdører blir det eitt inngangsparti, det blir veldig bra, trur prosjektleiaren.

– Blir de aldri leie?

– Det blir me sjølvsagt, men aldri på same tida, og det er gunstig, meiner Gunhild som også meiner folk på Nesflaten er vane med å ordne opp sjølv, og legge ned mykje eigeninnsats for å få til noko. Det er lite her oppe som kjem av seg sjølv, seier ho.

Forprosjektet til «Views» har fått støtte frå Suldal kommune, Ryfylkefondet, KORO, Foundation de France samt Rogaland fylkeskommune.

Jacob Vetrhus har handla til helga, nærbutikken på Nesflaten er hjarta i bygda.

Butikken er sjølve hjarta i sentrumsbygget, og for butikksjef på Nærbutikken Nesflaten, Kjersti Eikemo, har det vore både kjekt og utfordrande dei 3-4 åra ho har drive butikken. Med 2,1 årsverk og eit kundegrunnlag basert på 200 innbyggarar, arbeidsfolk og turistsesongar er ho liten i forhold til leveransar og bonus i forhold til andre i kjeda.

– Dess kjekkare er det å få det til, medgjev ho. Ho set pris på god støtte i lokalsamfunnet, men ho er avhengig av meir for å kunne driva butikk og oppretthalde det gode utvalet. Dei siste åra har ho merka ei positiv auke i turismen i sommarsesongen. Og i tillegg til lokalbefolkninga, hyttefolk og arbeidsfolk er sommarturistane med på å få det til å gå rundt for den lokale nærbutikken.

Me syns «Views» er eit stort og ambisiøst prosjekt, og syns i første omgang det var galskap. Etter at me har vore med i prosessen ei stund ser det spanande ut. Det er framleis stort og spenstig, men me trur det blir gjennomførbart, og at det vil ha positive ringverknadar for oss og næringslivet i Øvre Suldal, meiner ho.

Elisabeth og Helmert Litlehamar driv gardsbutikk med kunst, treprodukt, gåver og matvarer.

– Det skulle jo ikkje vore mogleg å drive hotell her på Nesflaten, smiler hotellsjef på Energihotellet Olav Lindseth. Men desto meir kjekt at me får det til.

Dei siste åra har hotellet merka ei god auke i turisme og berre i juli i år har dei hatt 1100 gjestedøger. Lindseth fortel at hotellet har hatt ein bevisst strategi for å trekke til seg betalingsvillige besøkande i sommarhalvåret. Målingar gjort av booking.com syner at trass i auke i pris oppnår dei høge score for value for money.

– Det gjer at me får ein naturleg seleksjon i besøkande som får det dei er ute etter, som er å sjå og oppleve staden dei besøker. Målet er ekte opplevingar, høve til å treffe folk, eta naturleg mat og sjå naturen i Suldal, forklarar Lindseth.

– Me opplever at besøkande er interesserte i det me tilbyr og blir lengre, fortel Lindseth. Dette er bærekraftig både med tanke på miljø og økonomi. For oss er det særs viktig at nærmiljøet har eit breidt tilbod av butikkar og aktivitetar.  

– Nesflaten er første bygda som møter reisande som kjem til Rogaland via Rv13. Realisering av prosjektet Views vil utan tvil bidra til å styrke reiselivet i Rogaland, arkitekturrundturen Sauda-Røldal-Suldal og ikkje minst reiselivet i Suldal. For vår del trur me det vil bidra til å gi ei kraftig auke i besøk frå gjester som passar vår målgruppe, noko som vil bidra til verdiskaping for oss, Nesflaten, Suldal og Rogaland. Verdiskapinga for vår del vil gi ringverknadar til fleire næringar, blant anna landbruk. 

Hotellet på Nesflaten har alt planar om å bygga ytterlegare ut, og i haust set dei i gong fyrste av to byggetrinn. Då er nye suitar og eksklusive rom på blokka og utvida restaurantfasilitetar.

– Det er spennande og galskap på ei og same tid, avsluttar Lindseth.

Wenche Haugen Havrevoll driv All Verdas gåver og bruksting, der ho blant anna sel fairtrade-produkt frå Nepal.

Wenche Haugen Havrevoll driv All Verdas gåver og bruksting på Nesflaten, her finn du alt frå klede, brukskunst, gåver, barneklede, keramikk og varer du ikkje ein gong visste at eksisterte. Butikken blei starte av sonen som ei ungdomsbedrift, då han skulle ha valfag i ungdomsskulen. Det vart starten på eit lite eventyr der fairtradeprodukt og andre varer blir importert direkte frå Nepal og andre land til Nesflaten. Her finn ein gåver til dei aller fleste. I tillegg til den fysiske butikken på Nesflaten, driv også Wenche nettbutikk, samt ei fysisk avdeling av butikken på Sand.

– Det er viktig for Nesflaten at det er aktivitet og eit aktivt næringsliv her, og ikkje minst at me får folk til å flytte hit, meiner Wenche som også har vore med i gruppa Liv på Nes sidan oppstarten.

– Det er klart me er spente på kva dette kan bli, og kva det kan føre til. Det viktigaste framover no er å sikre finansiering, meiner ho.

Åshild Vethrus (t.v) og Gunhild Moe trur kunstverket på sentrumsbygget kan bli eit verktøy for å skape vekst på Nesflaten.

Elisabeth og Helmert Litlehamar driv gardsbutikken Litlehamar Kunst & Gardsbutikk som opna i adventstida i fjor. Elisabeth er biletkunstnar og hadde lenge tenkt på om det var mogleg  å få til ein butikk på garden, der ein kunne stille ut kunst for sal. Etterkvart kom ideen om å få på plass ein container som kunne huse ein variert og mangfaldig gardsbutikk på tunet. I tillegg til biletkunst sel dei mellom anna heimelaga klede, kosmetikk, matvarer, pyntegjenstandar, og mykje flotte varer laga i treverk. Vegg i vegg med butikken har dei laga seg verkstad der mange arbeidstimar blir lagt ned for å trylle fram varer i både ask, alm, furu, einer og bjørk.

– Det kjem kundar frå heile verda. Gardsbutikken vår ligg slik til at folk  får eit møte med livet og kulturen på garden. Her går sauene og beitar, og det er herleg å sitje ved fossen og bade i kulpen, seier Elisabeth og smiler.

Valborg Roalkvam Sandal som driv Skattkammeret på Nes med ektemannen Reidar, fortel at dei driv kafeen på hobbybasis og at dei har faste arrangement i løpet av året. I tillegg har dei private arrangement som barnedåp, konfirmasjon og møte. Kafeen definerer ho som ein «pop up-kafe» med litt varierande opningstider. Opp i gjennom åra har dei opparbeida seg godt ry både for komlemiddagen og quiz-kveldar. Dagane dei serverer komle kjem det over 100 mann frå bygda, fortel Valborg. Quiz-kveldane har dei måtta flytta til Samfunnshuset grunna plassmangel og sprengd kapasitet på Skattkammeret. På det jamne er det vel 100 personar som melder seg på den populære quizen. Her kjem tilreisande frå heile kommunen, Stavanger og Røldal.

– Det er i utgangspunktet ho og mannen som står for matlaging og gjennomføring av arrangementa, men når det trengs trør vener og familie til. Valborg Sandal ser med spenning fram til om prosjektet Liv på Nes blir realisert.

– Det vil bli heilt fantastisk, seier ho engasjert. Tenk å ha noko slik som ingen har. Det kjem til å trekka turistar. Me ligg midt i mellom attraksjonane Trolltunga og Preikestolen og meir lokalt har me dei populære attraksjonane Høse Bru på Sand og Allmannajuvet i Sauda. Alt som kan dra folk er bra.

– Om det planlagde taket kjem, så vil det styrka fleire av næringane me har på Nes, i tillegg til at det vil vera ein viktig del av nasjonal turistveg, legg Reidar Sandal til. ■

Tilbake til toppen