Portrettet: Sykkeldronninga

Gunn-Rita Dahle Flesjå (46) sit framleis på sykkelsetet. Ho har berre skifta ut løypa og farten.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

Gunn Rita Dahle Flesjå har lagt 23 år bak seg som profesjonell terrengsyklist. År med bratte stiar, lange treningstimar, sigersrus og nedturar. Ho er idrettsutøvar i marg og bein og kjenner seg aller mest levande når adrenalinet brusar i kroppen og kvardagen byr på fart og spenning.

– Eg er nok uredd og likar nye utfordringar. Det er ikkje så lenge sidan heile familien vår prøvde rulleski for første gong. Det var knallkjekt, og ingen brekte bein, seier Gunn-Rita og smiler. Mannen Kenneth Flesjå, som også er mangeårig trenar for Gunn-Rita, og sonen Bjørnar (10) er minst like glade i aktiv kvardag og action som mor i huset.

– Men du må ikkje vise skrekkfilm til meg, det går ikkje. Der er eg ei skikkeleg pyse altså.

Ho var 22 år gamal og studerte journalistikk i Stavanger då første turen på terrengsykkel gav meirsmak. Gunn Rita er opphavleg frå Bjørheimsbygd i Strand, heime hadde ho fått med seg lidenskap for å nytte naturen til rekreasjon og aktivitet. Difor svarte ho ikkje nei då eit par gutar ville ha henne med på sykkeltur i terreng.

– Eg hadde ein tung DBS-sykkel som absolutt ikkje var berekna på dette, men eg eg møtte opp i Sørmarka i Stavanger og blei med på tur. Det handla vel i stor grad om å kave seg opp til Ullandhaug og så sykle ned igjen. Og så opp igjen.

– Då var det gjort, eg var hekta, fortel Gunn-Rita som kan fortelje om ein barndom der foreldra drog ho og søstera med ut på tur. Det var stadig nye turar under planlegging med overnatting i telt eller springeturar i heia. Gjerne med venner med seg, hjå familien Dahle var det rom for alle. Mykje aktivitet gav også søstrene allsidig treningsbakgrunn.

– Det er så viktig å bli allsidig når ein er ung, og kjenne meistring på mange arenaer. Då får du ein solid grunnsterk kropp. Det er jo og viktig med det sosiale, at ein møter ulike folk på ulike plassar. Ein bør kanskje ikkje gå i det same heile tida når ein er barn, seier ho og undrar seg litt over spesialtrening for dei yngste, og presset mange i dag møter på spesialisering og tidleg rekruttering.

– Dette er jo noko av det me snakkar om når me reiser rundt med føredrag, om kor viktig det er å vere aktiv og allsidig. Det var og noko av suksessfaktoren vår, me kunne ikkje drive dette aktivt til eg vart 45 år utan at eg hadde allsidig bakgrunn.

Gunn-Rita er glad i naturen og aktivitet, mykje av den gleda vart skapt i barndommen heime i Bjørheimsbygd i Strand.

I sin lange karriere har aldri Gunn-Rita vunne noko åleine. Det er alltid «me» som vinn, og «me» som slit. Ektemannen Kenneth har stått på sida i alle år, og er minst like viktig for suksessen som ho sit på sykkelen, meiner Gunn-Rita.

– Det er ikkje berre eg som presterer, det er jo heile apparatet rundt, det heng saman det der. Ingen kan vinne åleine.

Tidleg på 90-talet vart ho sett på som eit supertalent på sykkel. Mange skulle ha ein finger med i spelet om treningsopplegget. Ho vart sendt på trening i høgdehus som var lov på den tida, og utsett for ekstreme mengder trening.

– Det er mange ekspertar, som studerer år etter år, men som aldri sjølv har vore utøvar og veit kor hardt slik trening tærer på kroppen.

Til slutt sa kroppen stopp. I 2000 vart Gunn-Rita køyrt totalt i senk, både fysisk og mentalt. Treninga og sykkelen var ikkje lystbetong lenger, no var det aller meste i kvardagen mørkt. Då tok ektemannen Kenneth tak.

– Det er mange opp- og nedturar i ein karriere. Eg møtte rett og slett veggen, men det er jo i motgang ein lærer mest. Etter dette starta me på null, me bygde opp treninga på vår måte, og med vår treningsfilosofi. Det er nok og med på å forsterke det samarbeidet me to har hatt. Me har og hatt våre tunge dagar etterpå, men sjeldan same dagen.

– Det er mange opp- og nedturar i ein karriere. Eg møtte rett og slett veggen, men det er jo i motgang ein lærer mest.
[Gunn-Rita Dahle Flesjå]

Ekteparet tok sats og satsa på terrengsykkel. Gjennom dei 23 åra Gunn Rita har lagt bak seg som proff kan ho blant anna skilte med OL-gull, VM-gull i rundbane, VM-gull i maraton og heile 30 sigrar i verdscupen. Den siste verdscupsigeren tok ho i 2018, som og vart hennar siste sesong som proff-syklist. I dag deler ho ei stilling som sykkel-koordinator med mannen i Sandnes kommune, i tillegg til at ho er ambassadør og frontfigur for Merida.

– I kommunen jobbar me med å legge til rette for at ein tar sykkel og sykkelvegar på alvor når ein set i gang prosjekt. Me brenn jo for folkehelse, og å kunne motivere andre til å vere aktive, fortel Gunn-Rita og viser til at stillinga er ein del av ein treårig sykkelperiode i sykkelbyen Sandnes. Målet er å få 10 prosent syklande i kommunen.

Gunn-Rita blir gira av å nå mål, om det er eit tal i eit kommunalt papir, eller om det er toppen av ein sigerspall.

– Å stå på ein sigerspall er ein rus i seg sjølv. Når ein har sykla fem timar, og gått i kjellaren for å finne dei ekstra kreftene som ein veit er der. Då er det stort å klare å vinne, det er ei rar kjensle der ein er både stolt og letta. Det varer ofte nokre dagar før ein heilt landar.

– Det mest fasinerande i etterkant av ein meisterskap er likevel å sjå tilbake, på alle treningstimane, kva som førte til at det stemte akkurat den dagen og med det løpet. Det er spanande. Me har alltid vore gode på å evaluere og legge opp til daglege justeringar. Det må ein gjere skal ein klare å halde seg på toppen.

I 2018 var det altså slutt på topp-karrieren. Dermed byrja ein ny og rolegare kvardag.

– Eg vurderte det aldri eigentleg før dagen kom. Eg kjende jo at kroppen ikkje var så spretten som den var når eg var 22, men så lenge ein har driven er det berre kjekt å halde på.

– Me har hatt nokre fantastiske år der me har fått reist mykje, møtt mange spanande menneske og sett mykje. Og så har me fått delt det med sonen Bjørnar, og vore mykje saman med han.

Mange spådde at karrieren hennar var over då ho vart mor i 2009. Men Gunn-Rita skulle vise dei, ho kom tilbake i løypa med full styrke.

– Det var mange som sa at ein ikkje kunne få slike resultat etter å ha fått barn. Eg skulle vise dei at det var mogleg, det klarte eg og. Sjølv om eg sikkert har vore litt på overtid i idretten dei siste 10 åra.

Gunn-Rita er glad i naturen og akitvitet, mykje av den gleda vart skapt i barndommen heime i Bjørheimsbygd i Strand.

Gunn-Rita Dahle Flesjå (46)

Sivil status: Gift med Kenneth Flesjå,mor til Bjørnar (10)
Bur: I Sandnes, er opphavleg frå Bjørheimsbygd i Strand
Aktuell: La opp som proff-syklist i fjor, no arbeider ho med å få fleire i Sandnes kommune til å sykle.
Drøymer om: Ein snørik vinter i Sirdal.
Førebilete: Eg har ingen spesielle førebilete
Les: Akkurat no les eg serien om De syv søstre av Lucinda Riley.
Høyrer på: Mykje forskjellig, mykje skikkeleg musikk frå 90-talet.

Då mannen Kenneth Flesjå vart 40 år overraska Gunn-Rita han med hytte i Sirdal. Mannen vart såpass overraska at han vart litt stum, men i dag er familiehytta blitt ein fast tradisjon kvar fredag ettermiddag når dei har sjans. Gunn-Rita diskar og gjerne opp med god mat. Det blir ingen franske rettar med fancy sausar på bordet hennar, men sunn og god mat med mykje smak derimot. Saman nyt familien gode dagar i naturen her oppe, og då aller helst med Bjørnar.

– Overgangen til vanlege kvardagar har vore stor, heilt klart. Eg saknar nok ikkje sjølve proff-livet så mykje, men me saknar å vere i skikkeleg god form. Det blir ikkje så mykje tid til å trene no, samstundes er det mykje spanande me kan gjere no og.

Sonen driv og med sykkel, i tillegg til friidrett. Ingen av foreldra ynskjer at han skal satse som toppidrettsutøvar, men det skal han få avgjere heilt sjølv.

– Me veit jo kva det krevst av han, det er noko med det. Heilt i orden om han ikkje satsar på topp-nivå.

Ho ynskjer å gi sonen mange av dei same verdiane ho fekk med seg frå barndommen i Bjørheimsbygd.

Familien har budd i Smeaheia i Sandnes dei siste ti åra.

– Me har jo noko av det same landlege livet her  som eg er oppvaksen med i Strand. Me kan gå rett ut døra og ut i naturen, me kan springe 10 kilometer på grusveg. Det set eg pris på. ■

Tilbake til toppen