Gamal kunnskap i unge hender

Ved Suldalsvatnet reiser det seg ei løe som skal husa Suldalsdampen. Når bordkledninga er på, vil få vita at treverket skjuler ein nasjonal skatt.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 1
Mitt Ryfylke 2016 1

For ho kallar det det, bygningsantikvar Grete Holmboe, der ho trippar rundt i snøen og prøver å overdøyva duringa frå aggregatet som skal prøva å få liv i liften til dei fire handverkarane.

For bygget er høgt, heile sju meter frå ringmuren, så liften trengst.  Den nasjonale skatten Holmboe snakkar om ligg i sjølve konstruksjonen som held bygget oppe. Dette er ein såkalla heiselåve, eller høghus-konstruksjon, som tradisjonelt blei brukt i Agder, men som deretter spreidde seg til heile landet på byrjinga av 1900-talet. Byggemåten blei særskilt populær i Rogaland og Ryfylke, og heilt fram til 80-talet var konstruksjonen i bruk, fortel Grete Holmboe.

Nå har stål overtatt, og konstruksjonen er i ferd med å gå i gløymeboka. Ved overtaking av ansvaret for «Dampen», løyvde kommunen pengar til ein stålhall som skulla sikra båten. Museet fann seinare at det ville vera tenleg på alle måtar med ein trekonstruksjon, så valet fall på denne løe-konstruksjonen.

— Dessutan er det viktig for handverkarane våre å ikkje berre flikka på gamalt, men også få byggja nytt etter gamal mal, for å få teknikkane skikkelig inn i hendene, påpeiker Grete Holmboe.

Ho legg ikkje skjul på at konstruksjonen var meir arbeidskrevjande enn ein først såg føre seg. Snikkarane må øksa spor til beslag, og bruka både hoggjern og øks. Konstruksjonen er likevel både funksjonell og tenleg til formålet, understrekar ho. I taket går det ei skinne med wire og taljer som skal brukast til å heise tunge ting i båten.  Løa blir kledd med låvekledning kant i kant, noko som gjer at båten vil liggja både tørt og luftig. Treverket kjem frå Asbjørn Tytlandsvik sin skog i Roalkvam i øvre Suldal. Ifølge Holmboe skal museet ikkje berre ta vare på bygningar, men også den immaterielle kulturarva, prosessen fram mot ferdig bygg, er difor like viktig som sluttresultatet. Ryfylkemuseet ser det som svært viktig å ta vare på utdøyande teknikkar innan bygningsvern, og hanka inn kunnskap, før dei siste som kan handverket, blir borte.

‍Sveinung Søyland Moen frå Sand har vore direktør ved Ryfylkemuseet i eit år.
Bygningsantikvar Grete Holmboe syt for at alle bygningsprosjekt Ryfylkemuseet er involvert i følger antikvariske prinsipp.

Ryfylkemuseet er ein spydspiss innan bygningsvern og 2016 vil bli særs travelt og spanande. På tampen av fjoråret fekk museet vita at ein får seks millionar kroner frå Kulturdepartementet til å bruka på bygningsvern dette året. Dette er ein del av regjeringa sin tiltakspakke. Løyvinga er eit eingongstilfelle og alle pengane må brukast opp i 2016.

— Me er difor på leit etter fleire snikkarar med fagbrev som kan jobba for oss dette året, fortel Grete Holmboe.

Ho skal syte for at alt skjer etter antikvariske prinsipp. Og det skal visstnok ikkje vera vanskelig å finna stader ein kan bruka millionane. Industriarbeidermuseet i Sauda og Kolbeinstveit i Suldal er to av stadene som vil få nyta godt av ekstraløyvinga frå departementet.

Det er stor forskjell på ein vanleg handverkar og ein museumshandverkar, understrekar ho. Ryfylkemuseet har tre fast tilsette handverkarar. Nå er to av desse under vidareutdanning ved NTNU. Årsaka er at museet skal bli læringsarena under NTNU for studentar som vil ta bachelor innan bygningsvern. Dette er ein unik sjanse til å auka kompetansen på museet og i regionen vår, seier Holmboe.

Ryfylkemuseet har heile 85 antikvariske bygningar i sin portefølje. Hovudtyngda av desse ligg i Suldal, Sauda og Hjelmeland. Tidlegare museumsdirektør Roy Høibo er no i gong med å setja opp ei prioriteringsliste over alle bygningane. Då ser han ikkje berre på fysisk tilstand, men også på formidlingsverdi og kulturhistorisk verdi.

Lista skal også synleggjera om noko kan avhendast, eller om ein somme stader mellombels må leggja bølgeblekk i staden for torv, for å sikra bygget.

Dette er ledd i eit anna prosjekt Ryfylkemuseet er involvert i, som er finansiert av Norsk Kulturråd.

Ryfylkemuseet er leiar for det nasjonale nettverket for bygningsvern og handverkskompetanse. Saman med Handverksnettverket har dei også  søkt om pengar til eit klimaprosjekt. Prosjektet tek sikte på å kartlegge kva utfordringar musea i Norge står føre som følgje av klimaendringane.

— Me merkar det alle saman nå. Vedlikehaldsbehovet akselererer. Bygningar tørkar ikkje opp, sopp og råte breier om seg, vatnet piplar opp same kor mykje ein drenerer, springfloa skadar, og den stripete borebilla som perforerer treverk på Vestlandet, merkar dei no også på Austlandet, fortel bygningsantikvaren.

Dei kan ikkje vera redde for høgder handverkarane som bygger båthuset. Her er Bergit Tysseland og Sven Hoftun i sving på taket.

I nybygget til Ryfylkemuseet på Hydrokaien på Sand blir det no gjort klar tre nye kontor. To er til prosjektmedarbeidarar, det tredje er til den nye bygningsantikvaren. Dette er ei toårig stilling finansiert av fylkeskommunen. Basen til bygningsantikvaren skal liggja på Sand, men er ei fellesstilling for alle dei andre musea i fylket. Vonleg vil stillinga bli permanent, fortel Holmboe.

Ryfylkemuseet har elles fått pengar frå Norsk Kulturråd til eit eittårig  prosjekt som heiter «Barn i bygda» som skal ta for seg barns oppvekstkår i eit fleirkulturelt bygdesamfunn.

Mykje nytt på gong, altså. Museumsdirektøren ved Ryfylkemuseet er også rimelig ny. Berre eit år har Sveinung Søyland Moen bak seg i sjefsrolla. Han har ingen visjonar om å snu opp ned på museet, men byggja på det solide arbeidet til forgjengaren, Roy Høibo.

— Eg kom til eit svært veldrive museum som er eit godt grunnlag for vidareutvikling av verksemda. Dette året vil bli spanande og travelt med mange pågåande prosjekt, i tillegg til den vanlige drifta, påpeiker han.

For Moen er det viktig å vera eit museum for heile Ryfylke, og han vil difor leggja vinn på tett kontakt med alle kommunane. Elles vil han føra vidare museet si satsing på barn og unge, det fleirkulturelle samfunnet, bygningsvern og folkemusikk.

Han er svært stolt av Ryfylkemuseet si mangeårige satsing på innvandrarar og integrering. Kulturdepartementet ønsker musea skal vera samfunnsaktør, og dette har vore ei av  Ryfylkemuseet sine måtar å ta det ansvaret på. Den internasjonale kafeen som museet er vertskap for rundar ti år i år. Og kvar 17.mai i fleire år har museet invitert til internasjonal feiring om kvelden.

— Det kjennest difor naturleg å gå inn eit prosjekt kor ein ser innvandring frå barnas ståstad. For museet er det viktig at me lærer ein annan å kjenne, slik at me kan få bukt med ein del fordommar. Prosjektet kan òg sjåast som ei vidareføring av satsinga på barn og unge som for oss starta med barnekulturarven frå Rasmus Løland, seier direktøren.

‍Bergit Tysseland stortrivst i jobben med å gi «Dampen» ein ny heim. Ryfylkemuseet har søkt Riksantikvaren om 5 millionar kroner til oppussing av båten.
Sven Hoftun har arbeidd ved museet i fleire år. Ryfylkemuseet håpar at byggfaglinja ved Sauda vidaregåande skule, avdeling Sand, kan satsa på bygningsvern som si nisje. Museet har alt hatt fleire lærlingar frå skulen i arbeid.

Somme undrar seg over kvifor eit museum ser det som viktig å engasjera seg i samtida. Tanken om at institusjonen berre skal ta vare på det som alt er gamalt, lever ennå.

— Men alt blir jo gamalt før eller sidan. Difor må eit museum heile tida også dokumentera samtida. Det som skjer med flyktningar og innvandrar i Ryfylke, vil bli ein heilt sentral del og gi eit viktig innblikk av regionen si historie i framtida. Alle har rett på å få dokumentert si historie, forklarar Sveinung Søyland Moen.

Barn og unge står sentralt i mykje av det dei driv med. Ryfylkemuseet har lenge arbeidd med å få til eit Løland-senter via  nynorsk barne og ungdomskultur. Førebels har det skorta på pengar, men Moen og Holmboe påpeiker at bygningen ikkje er det viktigaste. Nå brukar ein tida til å samla seg kunnskap som kan nyttast i eit slikt framtidig senter.

For sjølv om det er bygga som viser att, så er det innhaldet og kunnskapen som tel. Nett slik det er med «Suldalsdampen» sitt nye, men likevel gamle «løe-sjøhus». Den viktigaste verdien ligg i den dokumenterte kunnskapen. ■

Tilbake til toppen