Opplevingar på historisk grunn

Ein hektisk sommarsesong er tilbakelagt, og eigarane av Landa Park skal lade opp til ein ny sesong. Og brygge litt øl og arrangere nokre julebord, kan hende.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

– Då me tok over Landa Park sommaren 2015, gjekk me rett inn i høgsesong. Det var travelt, fortel Jeanette Schlage. Saman med mannen Bernd Kühne har ho nå drive campingplassen og museet på Landa gjennom fem sesongar, og nå begynner dei å sjå resultat.

Kva var det så med Landa som appellerte til Schlage og Kühne? Dei som eigentleg «berre» skulle ha ein campingplass å drive, men som fekk 2000 år med historie på kjøpet? Landa Park ligg nemleg på historisk grunn, med tufter tilbake til bronsealder, jernalder og folkevandringstida. Området var på nittitalet gjenstand for den største arkeologiske utgravinga nokon sinne i Norge. Då fann ein spor etter 250 hus frå perioden 1.500 f.Kr. til 600 e.Kr. I dag er det fire rekonstruerte hus på plassen, desse fungerer delvis som museum, delvis som aktivitetshus og til overnatting.

Sidan dei tok over i 2015 har ekteparet Schlage og Kühne jobba med å auke kapasiteten på overnatting. Gjestene kan i tillegg til å overnatte i medbragt, altså telt, campingvogn eller bubil, også legge seg inn i Bronsehuset og overnatte i riktig eksotiske omgjevnader. Dei siste åra har paret dessutan fått løyve og lån til å bygge utleigehytter, med til saman 39 sengeplassar. Planen er å bygge ytterlegare to hytter neste år. Tidlegare lånte dei dusj til gjestene sine hjå Forsand kulturhus. Nå har dei fått bygd to dusjkonteinarar slik at dei kan sørve gjestene på plassen.

Ekteparet Schlage og Kühne kom til Noreg frå Tyskland for 14 år sidan. Først budde dei i Hjelmeland, sidan bygde dei hus på Jørpeland. Ho arbeidde i barnehage, han var handverkar. Då barna vart vaksne hadde paret lyst til å starte med noko nytt. Ein campingplass verka naturleg. Dei visste at regionen kvart år får besøk av eit monaleg tal tyske turistar, og dei såg det som ein naturleg marknad å rette seg mot. Etter å ha røkta litt etter kva som var ledig dukka Landa Park opp.

Landa Park

Fortidslandsbyen og campingplassen ligg på historisk grunn på Fossanmoen i Forsand. Her fann arkeologar 250 hus frå 3500 år sidan under Noregs største utgraving på 90-talet. I dag driv ekteparet Schlage og Kühne næring på Landa.

Jeanette Schlage og Bernd Kühne har drive fortidslandsbyen og campingplassen på Landa på Fossanmoen i fem sesongar.

Han var begeistra med ein gong. Ho måtte tenke på det, skjønt ho såg at her hadde dei ein sjanse dei neppe kom til å få igjen. Noko av det som vog tungt på vektskåla var deira eigen bakgrunn; han som handverkar, ho som barnehagepedagog. Han kunne bygge og vøle, ho kunne planlegge og utvikle aktivitetstilbodet, var dei samde om. Så tok dei utfordringa og heiv seg uti det.

– Du må vere utruleg fleksibel, når du skal drive slik, seier Jeanette Schlage. Alt må me gjere sjølve, sjølv om me kanskje ikkje kan det frå før. Me hadde til dømes ingen som kunne lage mat då me starta. Då måtte Bernd begynne å koke.

– Nye idear må prøvast ut, heile tida, seier ho. Somme gonger går det bra, men ikkje alltid. Det må ein også tole.

Det var heile denne pakken som fascinerte: Historia, bygningane og atmosfæren.  

– Her kan me tilby alt frå omvisingar og aktivitetar til matservering og overnatting, ramsar ho engasjert opp, og utdjupar:

– Sesongen vår er frå mai til oktober. I mai og juni har me skuleklassar på omvising i fortidslandsbyen, og når feriane begynner i Norge og Tyskland, så kjem turistane.

Somme kjem nokså tilfeldig innom, andre har lagt Landa Park inn i planen sin i samband med besøk av andre attraksjonar i regionen. I sommar hadde dei 100-150 overnattingsgjester som kom i samband med besøk til Preikestolen.

– Me har også to-tre bryllaup i året, og me har arrangert vikingfestival nokre haustar, fortel Schlage. Då er det full rulle med leiker og aktivitetar, middelaldermusikk og salsboder. Då kler folk seg opp i vikingdraktar og kjem til gilde. Vertskapet minner om at dei fleste av aktivitetane deira er godt eigna for barnefamiliar.

Mellom 60 og 70 prosent av overnattingsgjestene deira er tyske. Men også folk frå regionen legg turen til Landa, på dagstur frå Jæren, Sandnes og Stavanger, til dømes, for å delta i aktivitetar som ekteparet skipar til. Aktivitetane er alt frå å smelte tinn og lage eigne leirsmykke, via øksekast og skyting med pil og boge, til fisketurar og aktivitetsløyper, for å nemne noko.

– Me kjenner på eit stort ansvar for dette prosjektet, og til tider har me følt oss veldig aleine
[Jeanette Schlage]

Å få lønsemd i ein fortidslandsby og ein campingplass som mange har meiningar om, og som er avhengig av velvilje frå så vel riksantikvar som offentlege lån- og tilskotsgivarar er ikkje berre enkelt.

Jeanette Schlage legg ikkje skjul på at det har vore krevjande. Eller bratt, som ho formulerer det.

– Me kjenner på eit stort ansvar for dette prosjektet, og til tider har me følt oss veldig aleine.

Først handla det om å overleve, å få det til å gå. Kvar haust har dei sett status og vurdert grunnlaget for vidare drift.

– For to år sidan følte me at me såg lyset i enden av tunnelen.

Dei har investert i prosjektet sjølve, men også lån og tilskot frå Forsand kommune og andre offentlege instansar har vore avgjerande for å kunne drive, seier Schlage. Å få bygge utleigehyttene har gjort ein stor forskjell og gitt dei ein tryggare grunn for vidare drift.

Nå må dei prioritere opprusting av bygningane som høyrer til fortidslandsbyen. Då blir det nye rundar med søknader og å snu alle steinar på jakt etter offentlege midlar. Når Forsand frå årsskiftet blir til nye Sandnes kommune vonar Landa-drivarane at dei har gjort seg bemerka og kan hauste godvilje også i den nye kommunen sin, som dei oppfattar som ein kommunen med vilje til å satse på turistnæringar.

– Det er viktig for oss å halda plassen i god stand slik at den blir attraktiv for gjestene våre, seier Schlage. Trass i at talet på gjester som kjem til Landa Park har auka med 20 prosent årleg, er dei ikkje der ennå at dei kan vere heiltidstilsette i dette. Om sommaren leiger dei inn litt hjelp, og bergar seg elles med dugnadshjelp og elevar frå Forsand skule som er med. I vinterhalvåret har dei sjølve anna arbeid.

Matservering er ein vesentleg del av drifta i Landa Park. Til vanleg driv dei kafé faste dagar i kulturhuset, i tillegg til å tilby catering. Bedriftstilstellingar med julebord og lagbygging er noko dei ønsker å satse endå meir på. Og nå skal dei også i gang med å brygge øl.

- Lokalprodusert øl er noko folk ofte etterspør når dei er på Landa, seier Schlage. Nå vil dei investere i utstyr og begynne prosessen med å brygge til eige forbruk.

– Forsand har vasskjelder med 10 millionar år gammalt vatn av god kvalitet, og med bruk av pors og andre lokale krydder vil me kunne brygge eit godt, mørkt og krydra øl, freistar ho. Ølproduksjonen skal skje i samarbeid med lokale krefter, og Schlage legg ikkje skjul på at dei gjerne kunne tenkt seg å gjere meir saman med andre næringsdrivande i regionen. Derfor er ho nå glad for å kunne fortelja at dei skal jobba saman med

Øyvind Stuvik for å laga pakkar knytte til hans kajakkutleige.

For drivarane av Landa park er det viktig å dyrke det unike med plassen til fulle.

Kor ser dei så Landa Park om for eksempel fem år? Jeanette Schlage er ikkje sein med å svare.

- Om fem til ti år ser Landa heilt annleis ut, endå betre ut. Eg trur at folk då veit at dei kan bruka oss til mykje meir enn dei gjer i dag.

Ho smiler. – Då ser folk Landa Park og så seier dei kanskje, wow – sjå kva dei har fått til her! ■

Tilbake til toppen