Sjokoladedronninga

Lysefjorden Sjokolade kan by på mange freistande godsaker. No har også June Dahlskaas opna dørene til den årlege julebutikken på Jørpeland.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 2
Mitt Ryfylke 2017 2

Ideen om Lysefjorden Sjokolade starta på Eiane i Forsand, no har bedrifta utvikla seg til å bli eit kjent sjokolademerke langt utover Ryfylke sine grenser. Mange har fått auga opp for dei kvite, delikate øskjene som er proppfulle av ekte smakar og søte godsaker frå Lysefjorden. Sjokoladegründeren June Dahlskaas driv bedrifta, og har i dag utsal både på Kvadrat, i iskrembaren på Jørpeland kvar sommar, og no altså i julebutikken som kvart år opnar på Jørpeland dei to siste månadane før jul. Bedrifta starta opp i 2013, og sjølv om sjokoladehistoria har vakse gjennom åra så er framleis produksjon – og kurslokala på Eiane i Forsand. June bur i dag på Jørpeland saman med Fredrik Gaare Jansen som jobbar som pilot på Sola, frå før har June barna Maja og Julian. Sistemann er odelsgut til sjokolade-

garden på Eiane og går no på landbrukslinja på KVS Lyngdal. Sidan oppstarten har det vore ei fantastisk søt reise med utvikling av sjokoladebedrifta.

— Me har utvikla oss raskt, men likevel sakte og sikkert for å få større produktsortiment å velje mellom. Me har også starta fast med denne popup-butikken på Jørpeland før jul. I tillegg har me fått isbar på torget på Jørpeland på sommaren og eigen sjokoladebutikk på Kvadrat.  

— Gjennom å jobbe med sjokolade får eg vere kreativ, bruke kompetansen og uttrykke mange ulike smakar, kome tilbake til røtene i Lysefjorden, dele historier og ikkje minst møte andre sjokoladeelskarar, skriv ho på bedrifta sine nettsider.

Lysefjorden speler ei viktig rolle i alle produkta deira, enten med lokale forteljingar og namn som kjem frå Lysefjorden, og at alle produkta er lokalproduserte. June brenn for at lokalsamfunnet skal vise igjen, også i godsakene ho utviklar. Samstundes har dei også utvikla historiene, blant anna med sjokoladen Kongen, for å treffe også dei som ikkje har noko kjennskap til Lysefjorden.

— Når du får ein sjokoladebit frå Lysefjorden Sjokolade får du også med ei historie. 
[June Dahlskaas]

June blir gira av å utvikle nye produkt, kreativiteten boblar og kjem godt til uttrykk i arbeidsdagen hennar. I epostane frå June avsluttar ho alltid med ei sjokoladehelsing, det meste er gjennomført, og detaljane betyr mykje. Her får ho både lage nye sjokoladeprodukt, og ikkje minst utvikle ei merkevare frå Ryfylke. Ho  ynskjer å utvikle lokale og kortreiste produkt, og ho er glad i sjokolade, både i lage den og ete den.  

— Drivkrafta mi må vere at eg har lyst til å sjå kor langt eg kan nå med Lysefjorden Sjokolade. Eg lærer og utviklar meg heile tida, veit no meir om kva eg verkeleg er god på, og kva eg trudde eg blei trigga av, men som ikkje gir meg like mykje energi på lang sikt. Ei anna drivkraft er alle dei positive tilbakemeldingane som kjem frå kundar.

No fram mot jul blir det produsert ekstra mykje godt på sjokoladefabrikken. I tillegg til standardsortane som til dømes salte fjelltoppar, steinhoggaren og Pilt-Ola, alle med historier og namn frå Lysefjorden. Til jul blir det også laga spesielle produkt som marsipanbrød med kokos og malibu, med cognac og pepperkake, og naturell. Dei lagar også marsipangriser toppa med kirsebær og bringebær, der og nokre er toppa med bacon frå ein lokal slaktar på Jæren. Før jul kan ein og handle engleperler, nisseperler, gelestenger med smak av blåbær, bringebær og kirsebær, samt deira eigen kaffi og appelsinjuice for å nemne noko. I julebutikken som opna 1. november kan ein i tillegg til alle godsakene også handle litt interiør.

— Dette er ein god stad å handle julegåver, meiner June, her er det gåver til dei fleste.

‍June Dahlskaas ynskjer stadig å nå nye mål i sjokoladebedrifta Lysefjorden Sjokolade.

Sjølv om June har satsa sterkt på å utvikle butikkar dei siste åra er likevel sjølve hjarta, produksjonen og i dag der den starta. Lokala på Eiane blir brukt til produksjon og kurslokale. I tillegg tar dei imot grupper for sjokoladesmaking, historieforteljing og kaffibesøk, og dei kan få handle i butikken på garden. June har utvikla eit samarbeid med Haga Buss, slik at gjestene her får ei totaloppleving. No ser ho framover og drøymer om stadig nye mål.

— Målet er å få Isbaren fast på torget på Jørpeland. Det har vore eit eventyr utan like. Der me lagar vår eigen topping til softis og kuleis. I tillegg har me selt milkshake, smoothie og iskaffi.

— Eit anna mål er å få fleire bussgrupper til å kome på besøk til oss, samt fleire forhandlarar rundt om i Noreg, seier June.

‍Freistande sjokoladetrøflar er noko av det du kan få hjå Lysefjorden Sjokolade

Sjølv er ho også glad i sjokolade, ho varier sjokolademenyen etter når på dagen ho skal ete den.

— No for tida er eg hekta på lakristrøflar, marsipanbrød med malibu og kokos, og nokre himmelske konfektkuler med cognac som er dyppa i sjokolade og rulla i peparkaker.

— Så er det Preikestolkonfekten Steinhoggeren då, den blir eg aldri lei av, fortel June.

— Alle sjokoladesortane våre har også ei eiga historie. Det gjer at når du får ein sjokoladebit frå Lysefjorden Sjokolade får du også med ei historie som enten fortel noko om korleis livet var i bygda, kor du kan ta ein fin tur i Lysefjorden, kven som har budd her i bygda før eller noko anna frå fjorden, skriv ho på bedrifta sine eigne nettsider.

LYSEFJORDEN SJOKOLADE

June Dahlskaas driv Lysefjorden Sjokolade, og har i dag utsal både på Kvadrat, i iskrembaren på Jørpeland kvar sommar, og no altså i julebutikken som kvart år opnar på Jørpeland dei to siste månadane før jul. Bedrifta starta opp i 2013, etter at June fekk ein idé om at mjølka som vart produsert på garden måtte kunne brukast til lokale og kortreiste produkt. I dag brukar dei ikkje eiga mjølk i produksjonen, men alle produkt bli. ■

Tilbake til toppen