Bakedraumen

– Det er viktig å ta vare på gamle mattradisjonar, meiner Nina Fonneland. Ho satsar alt på sitt eige lefsebakeri.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 3
Mitt Ryfylke 2016 3

I garasjen på Jørpeland luktar det freistande nysteikt. Nina svingar sjølvsikkert fløyen under lefsa som er ferdig utkjevla. På eit blunk har den flytta seg over til takka medan mjølrøyken slår opp i lufta. 

– No er det viktig at lefsa får dei rette prikkane, smiler Nina. Lefsebaking er ein kunst mange meiner noko om. Ho veit så godt korleis det er å stå på stand og messer for å selje medan den eine etter den andre kjem bort for å kommentere korleis dei steiker lefse og sjølvsagt for å smake. 

– Det er veldig kjekt at bakinga engasjerer så mange. Dette er mat mange hugsar frå eigen barndom, og mange har lært å steike lefse frå si eiga mor eller bestemor. Eg synest det er dumt viss denne kunnskapen skal forsvinne, slår gründeren fast. 

Frå industrikjøkkenet på garasjeloftet produserer ho både tjukklefse/nordlandslefse, tynnlefse, potetkaker og til og med tortillalefser. 

– Det var gjengen i Rymat som lurte på om eg kunne lage tortilla–lefser då dei skulle stå på Gladmat–festivalen i Stavanger. Der skulle dei nemleg presentere signaturrettane fjellsnurr og fjordsnurr, der skinka frå Suldal og røykelaks frå King Mikal blir servert i lefserullar. 

– Det kan eg sikkert prøve, tenkte eg, seier Nina og ler. Vel vitande om at ein i alle fall ikkje får til det ein ikkje prøver på. 

– Tenk, eg som står og steiker lefser her heile dagen, eg likar ikkje lefser eingong. Det forsvinn ikkje i smakebitar iallfall, ler ho. Men resten av familien er derimot glade i alle former for lefser og blir også brukt som ekstra bakehjelp når det trengs. 

– Me sto nyleg på ei Boforum–messe i Stavanger, då forsvann alle lefsene på eit blunk. Og den som måtte ta båten heim på kvelden og setje resten av gjengen her i sving med å lage meir, det var meg. Då stiller både familie og venner opp. Den helga selde eg om lag 700 lefser.

‍Nina Fonneland satsar på lefsebakeri på Jørpeland. Ho meiner det er viktig å ta vare på dei gamle mattradisjonane.

Nina vart inspirert til å satse av si eiga svigermor som kjem frå Sjernarøy, det er og svigermor som fekk tak i oppskrifta som Nina no bruker. Ho deler nøyaktig opp emne med deig før dei går gjennom den første kjevlebehandlinga i maskin. 

– Mange meiner dei kjenner det på smaken når det er brukt maskin, men eg veit no ikkje. Den hjelper meg i alle fall til å bli meir effektiv og klare fleire lefser på ein dag, seier Nina og viser til at ho på ein vanleg arbeidsdag kan klare å steike om lag 120 lefser.

Og no satsar ho vidare, ho skal nemleg snart over i nye og sentrale lokale i det gamle magnethuset i Jørpeland sentrum. Her drøymer ho også om ha eit eige utsal av varer, og kanskje ein liten kaffikrok. Uansett er ho klokkeklar på at ein må våge å fylgje draumen sin skal ein klare å skape sin eigen arbeidsplass.

‍Øving gjer meister. Nina Fonneland veit kva som må til for å bli god til å steike lefser.

Ho danderer tynnlefse, tjukklefse på eit tradisjonsrikt lefsefat. – Det er ei spesiell historie bak det fatet. Mannen min arva det, men me har ikkje brukt det så mykje. Men når eg byrja med dette prosjektet kom det til sin rett. Du veit, før skulle ikkje lefsene ligge på flate fat, dei skulle litt opp i høgda. Det var festmat, slår Nina fast før ho velvillig stiller opp for fotografen ute i hagen. ■

Tilbake til toppen