Brura og brua

Helen Moen hadde nettopp født sin yngste son, då telefonen kom i mai 2012. – Kunne ho tenkja seg å vera byggjeleiar for Sandsfjordbrua?

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

Helen Moen var nybakt mor, og nesten nybakt ingeniør, midt i tjukkaste ammetåka.

– Kva??

Ho måtte tenkja på det, men ikkje for lenge, for vegvesenet måtte ha eit ja eller nei før sommaren.

– Kunne ho ta på seg noko slikt?

Byggja bru, med ein baby på armen, så å seie?

– Folk trur kanskje eg er ei slik knallhard karrieredame, seier Helen Moen Gjuvsland, like før me klyv opp trappa i det eine bru-fundamentet, for å få ei omvising på den mektige brua som kneisar over Sandsfjorden.

Ho vil raga i CV-en til Helen også, brua.

– Men det var ikkje på grunn av CV-en at eg tok jobben, forklarer ho.

Me er på veg opp i eit av brutårna i ei vindeltrapp eit eventyr verdig. Klangen frå ståltrappa lyder trolsk i tussmørket, og lukta av kald betong slår i mot oss.

Brura og brua hennar. Det blir ikkje mykje tid til å pynta seg når ho byggjer bru, men då ho gifte seg i sommar, hadde Helen eit påskot til å kle seg opp.

Ei stund seinare kikkar ho opp frå ei lita opning i brudekket. Står det så munter og glad på stigen, med brua som eit smykke rundt halsen, og fortel om kor kvinneleg og allsidig ho eigentleg er, når ho har tid.

Ho broderer, spøtar, steller blomar i hagen, les, rir, jaktar og lagar mat.

– Eg trur nok mange som ikkje kjenner meg, blir overraska, men eg tenkjer ikkje berre jobb. Det var med ein god del ærefrykt eg takka ja til denne jobben, forklarer ho.

Etter eit år permisjon, gjekk ho frå to barn, til tre. Brua er ein baby for alle dei som arbeider her, og som gradvis har sett konstruksjonen ta form, til brua står der fullboren og bogar seg i den solgylte haustlufta.

«Brua vår», seier dei, like kry som nokon kjødelig mor og far.

Helen er glad ho våga å seia at ho ikkje kunne ta ferja frå Sand før klokka 8.00. Slik har ho fått til ei frokoststund med sønene, Gaute (5) og Jone (3), nesten kvar morgon i desse bru-månadane, før ho har levert dei i barnehagen.

Hentinga har helst mannen Øyvind tatt seg av, men det har førekomme at Helen har måtta gjera det også. Då har det hendt at einkvan i hennar store mannlege arbeidsflokk har stussa litt, for slikt har ikkje mange karfolk i anleggsbransjen vore hefta med. Då har Helen gitt grei beskjed om at barnehagebarn ikkje kan henta seg sjølv.

Helen Moen Gjuvsland

Alder: 32 år
Sivil status: Gift, to barn
Drøymer om: Eg lever her og nå drøymer lite
Les: Krim
Førebilete: Ingen spesiell. Plukkar med meg det beste frå mange forskjellige personar.

Like lite som ei bru kan bygga seg sjølv. Helen visste godt at det ikkje var noko legobygging ho sa ja til.

– Du må tåle presset og jaget eit slikt prosjekt fører med seg, men eg vedgår glatt at arbeidspresset og ansvaret var endå heftigare enn eg hadde sett for meg på førehand, fortel ho.

Det å vera nesten aleine kvinne på jobben, gjer henne ingenting. Tvert om, ho stortrivst blant mannfolka, og likar den kontante omgangstonen, dei klare og presise beskjedane som yrket og stillinga hennar krev.

Dei to sønene tykte lenge det var stas at mor var med og bygde bru ute i fjorden. Nå har dei gått litt lei heile greia, vedgår Helen. Dei siste vekene har det tetta seg til, for alt må vera ferdig til opningsdagen 27. november, og mor som nesten alltid desse to åra har tatt 15.30 -ferja heim, for å laga middag til flokken sin, har fleire gonger blitt verande på brakkeriggen til langt utpå ettermiddagane.

Sandsfjordbrua har vore eit adrenalinkick og ein flying start av dei sjeldne for den unge ingeniøren.
Byggjeleiaren er oppe på brua mange gonger til dagen, for det er viktig at Helen er der arbeidet skjer.

Helen legg ikkje skjul på at ho har drive seg hardt dei siste åra, men ho likar å jobba. Og trur det er ei typisk kvinnegreie, det å la barna merka minst mogleg til at mor jobbar.

– Gutane skal ikkje li over at eg sa ja til å vera byggjeleiar på brua, så i timane før dei er i seng, er eg der for dei. Så fort barna er lagde, må eg arbeida att. Så det har blitt få frikveldar på meg dei siste åra. Og eg må alltid vera tilgjengelig på telefon, fordi me har hatt folk i arbeid døgnet rundt på brua.

Berre ein gong kan ho minnast å ha drøymt om brua. Det var typisk nok eit mareritt. Ein fælande vind kom durande inn fjorden og fekk brua til å svaia, medan den fortvila ingeniøren prøvde alle slags remediar for å sikra konstruksjonen.

Byggjeleiaren fører oss inn i bygget under vegbana. Ho fortel oss ein masse tekniske detaljar, medan bladfyken er mest oppteken av eit hol der ein kan sjå sjøen.

– Det er eit luftehol, eg trur ikkje det skal by på problem for fuglar, forklarer ho.

Deretter byrjar ho å snakka om spennarmering og om kor vaierane som skal brukast til å heisa opp brua etter 100 år, skal gå.

Helen Moen tek helst trappene når ho skal opppå brua.

Ja-ha-blikket til bladfykane får henne til å le.

– Jo, eg er ein nørd. Folk flest bryr seg ikkje om alle detaljane mine. Men eg elskar å gå i djupna på det eg driv med, og er  kontrollfrik. Hadde eg ikkje hatt familie, hadde eg sikkert krølla meg til i sovepose på kontoret og levd her ute døgnet rundt. Eg blir så lett oppslukt. Difor har eg sett strenge krav til meg sjølv; eg skal fungera i familien også. Men det krev struktur og disiplin, og eg må velja vekk ting med hard hand.

Etter bruopninga, vil Helen, ennå ha eit halvt års arbeid føre seg. Det meste vil då dreie seg om arbeid knytt til kontraktar og oppgjer.

Ho er fast tilsett i Statens vegvesen sin byggjeleiarpool, men veit førebels ikkje kva prosjekt ho skal gå i gong med etter brua.

– Blir det nedtur dersom neste jobb blir mindre spektakulær?

– Eg har tenkt litt på korleis det vil bli når livet fell meir til ro. Folk har sagt at eg kan få ein reaksjon, men det vil også bli godt å få ein kvardag med meir normale arbeidstider, påpeiker ho.

Helen har vore gift med brua, og då ho skulle gifta seg ein gong til, med kjærasten Øyvind Gjuvsland, måtte ho naturlegvis få tatt brurebileta på Sandsfjordbrua.

Om rundt eit halvt år er byggjeleiaroppdraget til Helen fullført. Då gler ho seg til å ta fatt på nye utfordringar, menho vil ikkje vere vekependlar, fordi det er viktig å komme heim til familien om ettermiddagen.

Frieriet stod Øyvind for, etter eit tandemhopp i fallskjerm. Og då tenkte Helen at det berre var å hoppa i giftinga også, til tross for brubygginga. Greier du den, greier du den også, slo til, for nå står både bru og ekteskap fjellstøtt.

Både Øyvind og ho er fødde og oppvaksne i Suldal. Dei har vore kjærastar sidan ungdomstida, og begge var heilt samde om at dei ville tilbake til heimbygda då dei fekk barn, etter 11 år borte.

Nærleiken til natur og gamle vener er noko av det ho set mest pris på i Suldal. Men studievenninnene er forsømde, skjønar me.

Det har vore både den eine, den andre og den tredje venninneturen, men Helen har alltid måtta seia nei.

– Anten har eg vore gravid, eller så har eg amma.

Eller bygd bru.

Ho har panoramautsikt til brua frå kontoret. Tidlegare i byggeprosessen sat Helen ofte og kikka bort med kikkert.

Når me kjem tilbake til brakkeriggen, har karane kokt kaffi. Helen viser oss inn på kontoret kor ho har panoramautsikt til brua. Før sat ho ofte med kikkerten og følgde med. På bordet ligg digre permar med arbeidsteikningar. Det blir ein ny lang ettermiddag på kontoret, med stadige blikk opp mot framtida ho har fått vera med og skapa.

– Brua vil alltid vera spesiell for meg. Det er stort å ha fått vera med på noko slikt. ■

Tilbake til toppen