Digitaliserer fôringa

Grieg Seafood har utvikla eit kontrollsenter på Judaberg for fjernfôring ute i anlegga. Målet er at alle dei 12 anlegga i Rogaland blir lagt inn under senteret i løpet av 2019.

Her kan eg fylgje godt med på matinga, om fiskane et opp maten dei får, eller om me til dømes må senke farten, fortel Simon Knutsen. Saman med Roy Evan Strømskag sit han på eit kontor oppe i Coop-bygget på Judaberg. Framfor seg har han åtte store skjermar som viser alt han treng å vite om det indre livet i merane på dei to anlegga, som til no er med i pilotprosjektet hjå Grieg Seafood. Å flytte fôring frå sjø til land er ikkje noko nytt i oppdrettsnæringa, men Grieg Seafood ynskjer å skape eit eige kompetansesenter der ein i tillegg kan seie noko om lusenivå, algesituasjonen i sjøen, om vêr- og straumforhold og meir om arbeidssituasjonen til dei som jobbar ute på anlegga. Målet er å auke produksjonen og få betre kvalitet på produktet.

­— Ikkje minst vil me med dette klare å fôre større deler av døgeret enn dei klarer ute på anlegga, meiner Roy Evan Strømskag.

­— Her hjå oss har me ekspertar på fôring, som arbeider skift, med sju dagar på og sju dagar av. Sjølv om dei ikkje fôrar på nettene, så kan ein fôre utover kveldane og få ein ekstra effekt av det.

­­— Det er jo nesten ein livsstil å jobbe her, det er ikkje mange pausane ein har frå skjermen i løpet av ein dag, her må ein konstant vere på
[Roy Evan Strømskag]
Roy Evan Strømskag fortel engasjert om den digitale utviklinga i kontrollsenteret, medan Simon Knutsen fylgjer med når fisken blir fôra.

Grieg Seafood har 12 anlegg i drift i Rogaland, og vil gjerne legge alle desse inn under kontrollsenteret i løpet av neste år. I kontrollrommet handlar det om fagleg kunnskap og om å vere nøyaktig. Den største utfordringa no er nettdekning ute på anlegga, som til dels kan vere varierande og gjere dataoverføringane litt vanskelege.

­— Det er kjekt å kunne skape eit fagleg miljø for fôring av fisk. Me treng at dei som jobbar med dette er gode på fôring, og at dei bryr seg om dei små detaljane som er så viktige her, seier Strømskag medan Simon nikkar, utan å flytte blikket frå skjermen.

­— Dersom straumen i sjøen endrar seg til dømes så påverkar det matinga og kor mykje mat fisken klarer å ta til seg. Då må ein justere med ein gong, fortel Roy Evan Strømskag.

­— Det er jo nesten ein livsstil å jobbe her, det er ikkje mange pausane ein har frå skjermen i løpet av ein dag. Her må ein konstant vere på, slår Strømskag fast.

GRIEG SEAFOOD

Grieg Seafood har etablert eit kontrollsenter på Judaberg som tar seg av fjernfôring av oppdrettsfisk. I første om-gang er det to pilotanlegg som er lagt inn under senteret, målet i løpet av 2019 er å få alle 12 anlegga i Rogaland inn i senteret.

Etter kvart håpar dei å kunne samle inn data som både vil betre arbeidsdagen til dei tilsette, og ikkje minst kvaliteten på fiskeproduktet. Prosjektet har fått namnet «Grieg Seafood Precision Farming». I følgje Strømskag er prosjektnamnet inspirert av landbruksomgrepet frå USA, der små detaljar blir optimalisert for eit perfekt resultat. Dette frigir tid for røktarane til andre oppgåver i løpet av arbeidsdagen. I tillegg vil teknologien meir kontroll på kor dei tilsette til ei, noko som aukar tryggleiken. I tillegg til Rogaland har Grieg Seafood lakseproduksjon i Finnmark, Canada og på Shetland.

­— Målet er å ha fjernfôring på alle anlegg i alle regionar i løpet av 2019, uttalte konsernsjef Andreas Kvame til Fiskeribladet. Dette i samband med IntraFIsh og DNB sitt arrangement Seafood Investment Forum i London i september.

­—  I første omgang handlar dette om å hente inn mest mogleg datagrunnlag. I tillegg gjeld det å samle data for å bruke kunstig intelligens som støtte til operatøren. Dette er framtida, slår produksjonssjef Kjetil Ørnes fast.

Men skal dei utvikle kontrollsenteret treng dei meir plass, noko som har ført til at Grieg Seafood no er på leit etter ei passande tomt, gjerne i Finnøy kommune som har ei god geografisk plassering for eit slikt senter.

Førebels er det to anlegg som er lagt inn under kontrollsenteret på Judaberg. Målet er at alle 12 senter i Rogaland kjem inn i løpet av 2019.