Næringslivet om valet i Hjelmeland

Kva blir viktige politiske saker i neste kommunestyreperiode i Hjelmeland? Me har spurt leiarar frå næringslivet om kva dei meiner er viktig for å sikre vekst og attraktivitet.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2
(Foto: Privat)

Jarle Egeland

Dagleg leiar FK-butikken Årdal

For oss er det viktig at politikarane legg til rette for utvikling i lokalt næringsliv, me er også avhengige av at landbruksnæringa får utvikle seg, og får rom til investeringar, fortel dagleg leiar i FK butikken

Årdal, Jarle Egeland. Butikken i Årdal har det meste utval som trengs for gardsbruk, hus og hytte. Egeland er oppteken av politikarane i kommunen er fleksible, og villige til å finne fleksible løysingar for å sikre næringsutvikling og auka busetjing.

– Til dømes er det viktig med nok og ledig næringsareal slik at bedrifter kan ekspandere og bygge ut, slår han fast. Han er også klar på at ein treng folk i bygdene dersom ein skal halde oppe det lokale handelstilbodet.

– Me driv jo ein butikk med variert utval, og treng at folk er bevisste på at ein handlar lokalt. Og me treng at folk som ynskjer å busetje seg her får lov til det, og ikkje blir avviste.

(Foto: Privat)

Hanne Sundbø

Innehavar av Galleri Hagalid

Hanne Sundbø driv Galleri Hagalid, i tillegg er ho styreleiar i Hjelmeland Handels- og Serviceforening. Ho meiner det er fleire viktige punkt framfor årets lokalval.

– For det første ynskjer eg at kommunen framover alltid stiller seg spørsmål om nye prosjekt eller tiltak er med på å gjere Hjelmeland attraktiv for å drive næring, busetjing og besøk. Det bør dei gjere aller først.

Hanne brenn for kommunikasjonar, ho meiner kommunen må arbeide langsiktig og systematisk for å sikre gode kommunikasjonar, om det er snakk om veg, mobil, båt eller nett.

– Når eg står ute på tunet mitt kan eg snakke i mobil, ringer du når eg er inne i galleriet kjem truleg ikkje samtalen inn eingong, det kan jo føre til at eg mistar kundar. Dette handlar om å styrke konkurransekrafta vår, slår ho fast.

Ho meiner også kommunen må bli endå betre på å samarbeide med nabokommunane, slik at tenestetilbodet ut til innbyggarane kan bli styrka.

(Foto: JSpar)

Tone Kristin L. Munthe

Dagleg leiar Spar-butikken

Tone Kristin L. Munthe driv Spar-butikken på Hjelmeland. Ho har vore dagleg leiar i butikken sidan 2008, i 2013 kjøpte jo butikken. Ho er oppteken av at det blir lagt til rette for vekst og utvikling i næringslivet.

– Det er viktig at kommunen gir rom for at dei som vil utvikle, bygge ut og skape noko får lov til det.

Tone Kristin fortel at både innbyggarane og hyttefolk er flinke til å bruke butikken.

– Mange handlar her på veg til hytta istaden for i byen, det er me glade for. Ho brenn også for at kommunen skal legge tilrette for at utflytta ungdommer får lyst til å flytte heim igjen.

– Som bedrift må eg heile tida tenkje på kva me kan gjere av noko nytt for å utvikle oss, det må også kommunen gjere, slår ho fast.

Tilbake til toppen