Med hjartet på rette staden

Den gode samtalen er viktigast når Solgunn Selland kjører Ryfylke rundt for å selja fisk.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 1
Mitt Ryfylke 2015 1

– Sånn som huset ser ut, sånn er folka også; varme og koselege.

Solgunn Selland speidar mot det gamle, kvite sveitserhuset. Ho er i Erfjord for å selja fisk. Nå er det over fem år sidan Selland tok fly til Ålesund, kjøpte ein tvangsauksjonert fiskebil og kjørte heim til Hellandsbygd. Frå førarsetet i fiskebilen snakkar ho om menneska ho møter. Dei er flotte, seier ho, det er ikkje alle som vil kjøpa noko, men inviterer på ein kopp kaffi og god drøs. Då seier Selland stort sett ja. Det er kanskje ikkje det mest lønsame der og då, men det er definitivt det kjekkaste. Selland har ikkje noko mål om å bli rik på frosenfisk.

– Eg kunne sikkert ha vore meir effektiv, men eg klarer meg.

Solgunn Selland, Inger Tveita og Gerd Helland i god drøs på Torjå på Sand
Kunde Anna Hauge og Solgunn Selland snakkar vêr, vind og livet over lakseloins. I dag blir det ikkje tid til lange samtalen.

Tidlegare same dag. Selland er på Sand for å byrja arbeidsdagen over ei skål suppe på Fargeriet kafé. Etter fjerde munnfull står dagens første kunde der.

– Har du fisk til sals i dag?

– Ja, har du tid nå? Då kjem eg med éin gong!

– Du må jo få eta opp først, seier han, men Selland har allereie sleppt skeia og tatt på den signalgule jakka.

Kundeservice går først. På Torjå er dagens første handel gjennomført. Etter kvart stimlar fleire til bilen med seikaker og kongekrabbeklør. Over steinbitfiletar og lakseloins vankar klemmar, takk og sjølv takk. Ein av kundane viser seg frå garden som leiger jorda på Selland sin gard i Hellandsbygd.

– Å, er det deg? Då må eg snika meg til ein klem! bryt Selland ut.

Kunde Geir Vela får middagen på døra etter ein kjapp gjennomgang av stormen Nina sine herjingar i området.
Mørkret fell på. Ein kunde ringjer og ønskjer besøk av fiskebilen.

Fast kunde Anna Hauge har sett fiskebilen. Nå kjem ho bort for å kjøpa torsk. Dei kjører heim til Hauge for å fullføra handelen.

– Er det ikkje deilig å sjå sola? Spør Selland og speidar mot blenkjande fjord.

– Den har eg venta så på at det er ikkje sant, seier Hauge.

Me kjører vidare.

– Ho er ei veldig flott dame.

Etter fleire år i bransjen har Selland mange faste kundar over heile regionen. Ho er opptatt av kvalitet og har garanti på all fisk. Eventuelle misnøgde kundar er berre ein telefon unna å få ny vare. Kundeservicen står i høgsetet.

– Det har med samvit og stoltheit å gjera. Eg bankar jo på døra til folk. Då står eg for det eg seier. Eg lever av og for kundane, seier Selland.

Det som betyr mest er likevel møta med menneske, kundar eller ikkje. Ho har måkt snø og lært ein eldre mann å senda foto som vedlegg i epost.  

– Den kontakten med menneska, sjølv om den er kortvarig, gjer meg mykje. Kan eg vera til hjelp, er det veldig kjekt. Men eg er ikkje nokon helgen, det må du få med!

Men korleis hamna Selland eigentleg i førarsetet på ein fiskebil?

– Då eg skulle flytta heim for å ta over garden, trengte eg ein jobb eg kunne kombinera med garden. Så tenkte eg: Kva treng folk uansett korleis konjunkturane svingar? Jo, dei treng mat og dei treng klede, seier Selland.  

Det blei det første. Selland starta med fisk som skulle leverast på døra, ein av få aktørar i regionen. Men frosenfisk til sals ved Ryfylkefjordane? Er ikkje det som å selja sand i Sahara?

– Folk vil ha kvalitet og dei vil ha det enkelt. Ikkje alle har tid eller høve til å fiska sjølve, seier Selland.

Solgunn Selland viser varene til Marita Dolmen, som gjer dagens fiskekjøp på døra.
Det vert titt og ofte lange dagar som fiskeseljar.

Me kjører vidare. Nå er det langt mellom husa. Det blir mørkare, lyset blåare, husa grå. Arbeidsdagen er langt frå over. Vegane er smale i Erfjord. Selland stoppar ved ein møtande bil. Om han er interessert i fisk?

– Du får spør kånå. Det e hu så styre det matgreiene.

Selland takkar, vinkar og kjører vidare. Fiskebilen skal ein lang runde etter at det har blitt kveld.

– Det er ein sosial jobb, seier Selland.

– Folk er flotte. ■

Tilbake til toppen