Med døden tett på

Tida står stilt når dei møter menneske i sorg. Gunda Berge og Monica Berge Fjæra har døden med på jobb.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

Inne på kontoret med dei kvite veggane brenn stearinlyset. I lokala til Suldal Gravferdsbyrå står gravstøttene på utstilling, rundt det kvite og runde bordet sit mor Gunda Berge og dotter Monica Berge Fjæra. Dei snakkar om korleis sorg kan arte seg, om sakn som kan bli takksemd, men som og kan opplevast motsett.

– Me tar i mot ganske mange kjensler frå dei som er etterlatne, og det forstår eg. Aller mest er det sjølvsagt takksemd, ikkje minst sidan me tar ansvar og ordnar alt det praktiske, for det er det mange som ikkje klarer eller ynskjer å ta tak i. Men andre kan kjenne på mørkare kjensler, og av og til opplever me at dei blir frustrerte. Det er ein del av jobben, meiner Monica .

– Me møter familien i ei vanskeleg tid, som regel er det gode samtalar, der me finn ut av alt som skal ordnast. Det er mykje å tenkje på, og det er blant anna viktig for folk at det som står i dødsannonsa er rett. Ofte kan heile familien sitje rundt eit bord og lese gjennom utan å finne feil, det er akkurat som om ein blir blind. Feila ser ein først når dei er komne på trykk, og då er det for seint.

På kontoret til Suldal Gravferdsbyrå står gravstøttene oppstilt.

Dei veit aldri kva dagen bringer. Vakttelefonen er på døgeret rundt, når den ringer veit dei aldri kva som har hendt. Gunda og Monica driv Ølen Begravelsesbyrå og Suldal Gravferdsbyrå saman. Dei er eit godt team, og mange gonger er det nødvendig å vere to om det, to som kan dele og oppleve saman.

– Det er godt å vere to, me treng kvarandre i kvardagen. Me kan snakke om det me opplever, og ofte har me ein lang køyretur heim saman, det er viktig, meiner Gunda.

Gunda og Monica veit aldri kva som ventar i løpet av arbeidsdagen.

Ho har arbeidd 35 år i familiebedrifta som mora starta opp, dei siste 16 åra har også dotter Monica  vore tilsett, med unntak av eit par år der ho var tilsett i Omega. Døden og arbeidet på gravferdsbyrået var ein naturleg del av kvardagen til begge to då dei vaks opp. Dei fleste har avstand til døden og det den bringer med seg, men i denne familien har det blitt naturleg.

– Våre ungar spring jo gjennom kistelageret, det er ikkje så mange som opplever det.

– Eg jobba som advokatsekretær, men så blei eg dradd inn i dette, og ein blir på ein måte glad i denne jobben, og den takksemda ein føler etterpå, meiner Monica.

Gunda kjem aldri til å gløyme første gongen ho var med mora på jobb. Ho var i starten av 30-åra då ho blei med mora ut på ei drukningsulukke, det var den første gongen ho såg ein død person.

– Det vart ikkje slik eg kanskje frykta, det var ei god oppleving som var både verdig og fin. Etter kvart lærer ein å ta på seg ei rolle, skape avstand og gjere ein jobb.

– Sjølvsagt er det somme opplevingar som brenn seg meir fast enn andre, det blir aldri ein vane, spesielt ikkje når barn er involvert, meiner Monica og let blikket gli utover lokalet.

Dei klarer ikkje hugse alle gravferder dei har i løpet av eit år, men somme vil alltid vere med dei vidare. Etter sju år med byrå i Suldal kommune har dei blitt godt kjende i kyrkjene og på gravplassane.

– Me har godt samarbeid med prestane og kyrkjekontoret, slår Monica fast og viser til at dei har to bårebilar i Suldal.

Å jobbe med døden kan vere både fint og krevjande.

Dei ser at gravferder er i endring, men er ikkje samde i at døden framleis berre kjem meir på avstand. I dag er det fleire som ynskjer å sjå den avdøde, mange barn legg teikningar i kista, og over heile linja føler dei mange er blitt meir opne om døden. Fleire er også flinke til å prate saman i forkant og snakke om korleis ein ynskjer si eiga gravferd. Gunda og Monica møter familien, lyttar og prøver alltid å finne gode løysingar. Dei kan ta seg av alt frå stell, transport, blomar, songhefter og til gjennomføring av minnestunder. Dei bidreg med gode råd i val av gravsteinar, og tilbyr samtalar med pårørande både i heimen og på kontoret.

– Me kjem tett innpå familiane, og blir godt kjende med dei. Det er den største drivkrafta i jobben, det at me kan hjelpe andre, meiner Gunda.

Somme gonger leiger dei inn hjelp for å få hektiske dagar til å gå rundt, og andre gonger stiller dei to ektemennene opp som gode hjelparar. Det er også mennene som set opp gravsteinane.

– Dersom ein av oss er på ferie er me avhengig av at mennene stiller opp, dei er stødige, så det går bra, seier Monica og smiler. Det er viktig for gravferdsbyrået å tilby seremoniar som er livssynsnøytrale. Dei losar familien gjennom mange val, til dømes om seremonien skal vere i ei kyrkje, om ein vil bli gravlagt eller om ein vel kremering.

– Me ser jo at mange kommunar ikkje legg ut nye område til gravplassar, det går nok mot ei framtid der stadig fleire må kremerast. I byane har ein sett denne utviklinga lenge.

—  Me kjem tett innpå familiane, og blir godt kjende med dei. Det er den største drivkrafta i jobben, det at me kan hjelpe andre.
[Gunda Berge]

Dei fortel om gravferder der heile bygda før stilte opp, men som nå er i endring. No er det ikkje alle som møter i naboen si gravferd. Folk har det travlare no, ein går ikkje i så mange gravferder som ein gjorde tidlegare, trur Gunda og Monica.

– Me har og vore med i gravferder der me har vore med på å bære kista, og der det nesten ikkje har vore folk. Det er sjeldan på landsbygda endå, men det hender, og det er trist, seier Monica tankefullt.

Slike gonger tar dei roller som går langt utover jobben, plutseleg er dei som nære slektningar å rekne. I arbeidsdagen til Gunda og Monica må det vere rom for ettertanke, tru og tvil. Å arbeide med døden vekker eksistensielle spørsmål ein må ta seg tid til.

– Det er jo heilt naturleg, og me veit at me alle skal dø ein gong, men det er ikkje alltid så enkelt å forhalde seg til, meiner dei. ■

Tilbake til toppen