Lyttar til hesten

Stephanie Birkeland (47) meiner ein må forstå hesten sitt språk skal ein bli ein god ryttar. Sjølv fekk ho sin første hest som sjuåring.

Frå
Mitt Ryfylke 2016 3
Mitt Ryfylke 2016 3

Stephanie står fjellstøtt i døra inn til stallen. Ho er kledd i ridestøvlar, dongeribukse og regnjakke og viser oss inn til det kjæraste ho har, stallen. Her heng det grimer, salar og på veggen heng det ei tavle der både borna som går på rideskulen og trenaren sjølv kan gi beskjedar. Nett no står det noko om ei som er på leit etter ridehjelmen sin. Inne i stallen er det måla fantastiske naturlandskap på veggen. Det handlar om å la borna, men og dei vaksne studentane, møte hesten i sitt rette element. Her på rideskulen i Saudasjøen lærer dei om kommunikasjon, om språket til hesten, og korleis ein kan spele på lag med hesten.

– Eg ser mange som strittar imot det hesten kommuniserer ut, det byr ofte på problem. Ein må kjenne seg sjølv godt skal ein bli god til å ri, og ein må lytte til hesten, slår Stephanie fast medan ho smiler til dei to hestane Willow og Rose som står inne i stallen denne dagen. Resten er ute på beite.

Det heile starta i den amerikanske villmarka. Stephanie vaks opp på eit småbruk med både sauer og geiter i Idaho, det var her hesteinteressa vart vekt. Etterkvart og resten av livet har ho nesten bokstaveleg talt vore på hesteryggen. Som sjuåring fekk ho sin første hest, 14 år gamal var ho allereie hestetrenar på ein farm i Colorado. Ho arbeidde med arbeidshestar, spranghestar, hobbyhestar eller rodeohestar.

– Hesten var heile livet mitt, det første ordet mitt var til og med hest. Som ung kunne eg ri rundt i dagevis på oppdagingsferd. «Kva finst over den fjellrekka», kunne eg tenkje, og så rei eg berre over for å sjå, fortel Stephanie og ser for seg dei store fjellrekkene, dei fantastiske rideturane og ikkje minst nettene ho sov ute. Ho var eit ekte naturbarn.

I mange år jobba ho som hestetrenar, med kvegdrift eller på hesteryggen som guide. Framleis snik det seg inn nokre amerikanske ord når ho blir engasjert og i farten ikkje finn fram til den norske forma. Ho fortel om eit heilt spesielt og tillitsfullt forhold til hesten.

– Hesten ville ta meg med og beskytte meg, den ville aldri svikte meg, det visste eg derimot at menneske kunne gjere, fortel den dyreglade jenta som i dag har bygd opp eit levebrød rundt hesten og rideinteressa. Ho og mannen driv også med smågrisproduksjon og sauer på garden i Saudasjøen, i tillegg har dei bygd opp eit nytt kraftverk.

– Me har vel i grunn null med fritid, men me trivst med den livsstilen, smiler Stephanie og fortel korleis ei hesteglad jente frå Colorado kan ende opp i Ryfylke.

Sjølvsagt var det også på ridetur ho møtte den store kjærleiken. Dagfinn Birkeland frå Sauda arbeidde som tømrar i USA, og på ein ridetur i Rocky Mountain saman med ein kamerat møtte han Stephanie.

– Eg hugsar me lurte på kva språk dei snakka, norsk var ganske eksotisk å høyre på, seier Stephanie i dag og ler.

Rundt bålet den kvelden var det to som fann tonen. Med det hadde Stephanie funne ein som forsto henne og dermed var valet ganske enkelt, ho blei med på flyttelasset over til Noreg, og til Sauda. Sjølv om det å flytte til eit nytt land, og ein ny kultur også kunne vere utfordrande. Heldigvis var det høge fjell i Sauda også, noko som gjorde at heimlengten ikkje vart altfor sterk.

– Men det var nok først når det kom hestar på garden at livet byrja å falle på plass igjen. Eg hadde sakna dei.

‍Vår Steen Jensen likar seg godt på hesteryggen.

Stephanie er utdanna akademisk ryttar og er sjølv væpner for Bent Branderup og har dei siste åra utvikla sitt eige Take the Step Riding Academy, der ho har undervisning i akademisk riding for både barn og vaksne.

– Eg har alltid hatt ei sterk drivkraft for å lære meir, både om mennesket som ryttar og om hesten. Etter kvart som eg fekk meir utdanning så blei eg meir sjølvsikker på at det var dette eg ville halde på med. Eg ville også lære andre korleis dei kunne utvikle seg sjølv og hesten, fortel Stephanie som blant anna har utdanna seg i Sverige, Tyskland og Danmark. Sjølv har ho også undervist i Polen.

Ho går inn i boksen til den kvite hesten Rose og lener seg mot henne til ære for fotografen. Hesten ser ikkje ut til å bry seg om eit ekstra besøk i stallen.

Vanessa-Linnea Risvold får god hjelp frå ridelærar Stephanie.

Trebarnsmora brenn for hest og riding, og drøymer stadig om å utvide ridesenteret. Ikkje minst drøymer ho om ein innandørshall der ein kan ri snøfritt heile året. Litt artig er det også å sjå at eldstedottera på 20 truleg har arva eventyrlysten og reisegleda frå mora. Ho reiser no verda rundt som skiinstruktør.

– Men eg er oppteken av at også ho tar ei utdanning på sidelinja, ein må han noko å falle tilbake på, meiner Stephanie.

Sjølv les ho mykje, ho studerer andre menneske og andre hestar, mest av alt for å forstå endå meir. Det er alltid noko å lære, om korleis hesten og mennesket kan kommunisere, kva språk ein bør nytte og korleis ein får til den beste dynamikken.

– Hugs på at du faktisk skal lære deg eit nytt språk, du må forstå hesten skikkeleg, seier eg til nye studentar.

– Lær deg å tolke kva hesten seier, det er ikkje hesten som skal tolke deg.

Ho ser korleis studentane blir tryggare, korleis dei slepp taket i frykta og korleis hestane utviklar seg.

– Du som menneske må først forstå og handtere livet ditt før du kan forstå hesten. Eg meiner det er viktig at studentane lærer å ikkje forstyrre hesten i hans arbeid, sidan riding er basert på balanse. Anbefalinga er å ta ridetimar hjå ein utdanna instruktør. Og skal ein lære noko nytt er det viktig å kunne nullstille seg. Det gjeld alt her i livet.

– Hesten speglar oss betre enn ein spegel, slår ho fast før ho opnar dørene på gløtt. Midt på tunet tronar det amerikainspirerte bustadhuset. Det er framleis spor av villmark, fjell og Colorado her i tunet. ■

Tilbake til toppen