Frisk barnesatsing på Talgje

Gardbrukar Magne Østebø og familien går ei hektisk tid i møte. Palmehelga opna dei opp for publikum i Fiolen familiepark heime på gardstunet på Talgje, og responsen var overveldande med godt og vel 150 besøkande.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Fram til sommarferien er held dei ope i helgene på øya som ligg i Finnøy kommune og er blitt landfast via Finnfast-sambandet. I sommar held dei ope kvar dag. Målet er å bli ein naturleg besøksplass for familiar i heile regionen.

Det er stor stas med dyr på tunet. Tormod og Thomas likar å kosa med det to-veker gamle kjeet.

— Far har ikkje jobb til meg, utbryt Miriam (6) og er tydeleg litt vonbroten over at far ikkje ser potensialet i hennar arbeidsiver.

— Far seier eg må bli større. Miriam er minstejenta i ein barneflokk på fem, så her er det mange hender som kan bidra på ulikt vis. Magne fortel han vil leiga inn skuleungdom i høgsesongen, sjølv om han har mange ivrige hjelparar i heimen.

— Det er viktig at me som familie har fri av og til, elles kan ein raskt slite seg ut, forklarar Magne.

Minstejenta i barneflokken, Miriam (6) likar å ta kanina ut på tur med kanina ho kallar Bassi. — Eg anar ikkje kva ho heiter, seier Miriam.

Sjuandeklassingen Svanhild gler seg stort og smiler frå øyra til øyra med tanken på å få stå i kassen og ta i mot dei besøkande heile sommaren.

— Det er mange som seier me er heldige som har så mange dyr, fortel ho. Odelsguten Erik er tiandeklassing og ivrar ikkje like mykje for faren sitt initiativ for å skaffa ein leveveg på garden i tillegg til mjølkeproduksjon. Erik driv med sau på fritida og må likevel medgje at det kan hende det ikkje er ein alt for galen kombinasjon med sau og fritidspark.

Magne er ein sindig og roleg kar og ser ikkje på seg sjølv om den mest sosiale. Likevel gler han seg og er spent på korleis det vil bli med tunet fullt av folk. Det er hans prosjekt, sjølv om kona støttar han. Valet sto mellom å investera i nye driftsbygningar for å kunne få grunnlaget opp med tanke på neste generasjon, eller å gå for ny næring. Han har gått med ein draum om å få til noko på garden. Han har òg har søkt støtte via innovasjon Norge utan hell. Det var vanskeleg å kunne dokumentera besøkstal og potensial for besøk, så lenge han ikkje hadde fått bindande avtalar med interesserte. Valet var å gje opp eller satsa. Han valde det siste, og nå er draumen sett ut i live.

— Som bonde blir det mykje aleinejobb, vedgår Magne. Eg trur det blir kjekt med litt meir liv og røre på tunet. Alle har godt av å ha dyr. Her i parken kan borna få nærkontakt med dyra og det er høve til å koma inn og klappa både kalvar, kje og smågrisar.

For dei fleste barn i regionen er det ikkje kvardagskost verken med sau, kyr eller gris. I parken helsar me på ein høgreist lama med augevipper lange som kostar. Me treff og på beitande reinsdyr, spretne geiter og bukkar, eit par veker gamalt kje. Bak leikestativa gryntar tre nyfikne og veldig graveglade grisar, som er naboar med tre litt meir stillfarne kalvar. Alle dyra er ute og nyt godt av den friske lufta og kan beita, i tillegg til å få kraftfôr ein gong til dagen.

— Alle har godt av å ha dyr, seier gardbrukar og fritidsparkeigar, Magne Østebø. I parken kan kan borna få nærkontakt med dyra

Det er ikkje berre dyr som opptek Magne og han vil på sikt utvikla parken til å bli ein frodig oase, der blomar av ulike artar, skal vera med på setja prikken over i-en. Namnet på parken er òg inspirert av blomeinteressa hans. Det var tidlegare eit blomegartneri på garden, som han gjerne vil få liv i att etterkvart som dei får roen på parken.

Magne jobbar og med å få til ordningar for besøk av barnehagar og skular, men slit med høge kostnadar knytt til transport. Det er berre fantasien som set grenser for på kva han kan tilby på gardstunet nå. I servicebygget er det høve til å få leiga seg selskapslokale både til konfirmasjon, selskap og bryllaup. Magne vurderer samarbeid med lokale matleverandørar, for å kunne tilby kundar både lokale og mat.

På veg ut av parken skimtar me påfuglar i drivhuset, saman med tomatplantene. Det kan bli eit flott skue, når dei bresar seg i full fjørprakt.

I parken er det råd å fresa rundt på solide trøbilar blant dyra. Tormod (8) og bestevenen Thomas (7) syns det er stas med så kjekke leiker i familieparken heime på tunet.
Kalvane og dei andre dyra har god boltreplass på garden på Talgje i Finnøy kommune.

I tillegg til å få tak i eksotiske dyr til parken, har Magne vore i Danmark og handla inn flotte og kraftige instrument til utandørs bruk. Ein stor cyllofon og eit klokkespel i tre, med djup flott klang, har fått plass på tunet, saman med leikeapparata. Rundt oss fresar borna rundt i solide trøbilar med gode dekk. Trøtraktorane står på line, klare til bruk for dei minste. Inne i det nye servicebygget er det råd å hoppa i høyet og ta eit slag biljard, om ein har behov for å roa ned litt. Gamle landbruksreiskap er óg naturlege innslag i parken. Aktivitetene på gardstunet vil garantert fengja både store og små, og her er råd å få kjøpt seg mat eller grilla seg ei pølse eller hamburger på grillen. ■

Tilbake til toppen