Flytande suksess

Sverre Gjuvsland (34) gler seg til å utvikle familiebedrifta Djuvik Maskinering. Han optimist med tanke på framtida til teknologibedrifta.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 3
Mitt Ryfylke 2015 3

Skodda heng over saudafjella denne dagen, på hovudkontoret til Djuvik Maskinering på Treaskjæret er kaffien likevel varm og praten laus og ledig. Den nye sjefen er i ferd med å gjere gamlesjefen sitt kontor om til sitt eige. I lyse og lette lokale skal kursen for teknologibedrifta stakast ut vidare.

— Eg skal få meg kontor heilt på toppen eg altså, så kan Sverre få dette her, seier Bjørn Idar og ler medan blandingshunden Saga (12) luskar rundt beina hans. Det er ikkje mange arbeidsdagar hunden ikkje har vore med Bjørn Idar på jobb. Truleg kan ho like mykje om klemmer og boresystem som eigaren.

Brørne Bjørn Idar og Jan Harald Djuvik starta opp bedrifta som i dag er spesialisert på design, utvikling og produksjon av klemmer, boresystem og verktøy til offshore-og smelteverksindustrien. Bjørn Idar har eit klårt råd til andre gründerar;

— Det er ikkje så farleg å dele og få tilbakemeldingar. Alle vil ikkje ta ideen din. Og du blir stadig testa når du lanserer nye idear. Eit nei kan bli til eit kanskje, og eit kanskje blir ofte eit ja. Ein må berre vere litt tolmodig. 

Etter å ha hatt dagleg styring sidan byrjinga av 1990-talet går no brørne over til å jobbe meir med produktutvikling  og sal, og har henta inn suldølen Sverre Gjuvsland til å styre skuta vidare.  Sverre har tru på at ein i framtida må sjå seg om etter andre marknadar.

— Det er klart me blir påverka av den vanskelege situasjonen i oljenæringa, eg har likevel tru på at me har mange gode moglegheiter også i framtida. Men det er ingen tvil om at me må inn på nye marknadar, seier den nye leiaren som sjølv meiner han har ein administrativ bakgrunn som kan kome godt med. Han kjem frå jobben som attføringsveileder i Rysteg, som har arbeidsområde i både Suldal og Sauda.

— Me har likt betre å utvikle produkt enn administrative oppgåver, der styrkar me oss no, nettverksbygging og sal er viktigare enn nokon gong, meiner Bjørn Idar.

— Mange rundt oss har ikkje høyrt om Djuvik, men når ein fortel om klemmene kjem responsen ganske kontant, dei kjenner mange til.

‍Trass i dårlegare tider i oljenæringa er Sverre Gjuvsland optimist for framtida til teknologibedrifta Djuvik .

— Me må internasjonalisere oss meir, Nordsjøen er berre ein del av oljebransjen, det er mykje oljeproduksjon i andre delar  av verda, seier Sverre og nikkar mot Bjørn Idar som nett har vore i Canada med utstilling på ei messe.

— Det gjekk veldig bra, seier den tidlegare sjefen og småler. Eg hadde berre nokre få twist igjen når eg for heim

— Og dei tok du vel sjølv på flyet heim, seier Sverre lattermildt. Tiltaka for å nå ut i verda er mange, utstillingar på ulike messer er eit krevjande, men og effektivt verkemiddel. Agentavtale med eit lite firma i Malaysia er eit anna tiltak.

Den store suksessen til Djuvik er klemmene som blir mykje brukt offshore. Det unike med klemmene er at dei flyt, dermed sikrar dei arbeidskvardagen sidan ein slepp å miste klemmene i brønnen eller djupet, i tillegg til at dei effektiviserer drifta. Klemmene er raskare å bruke operasjonelt, og i følgje Sverre går det lite tid til å montere dei.

Klemmene er designa på ein slik måte at ein skal hindre at noko set seg fast, eller hektar seg fast under operasjonane, seier han.

Ein rigg kosta tradisjonelt om lag 5 – 6000 kroner minuttet, no er det kome ned i 3 – 4 000 kroner minuttet. Klemmene konkurrerer mot teip og stropper, sjølv om det berre tar 15 sekund å setje opp ei klemme meiner nokre at det går like fort å teipe. Me meiner sjølvsagt at klemmene vinn den konkurransen, seier Bjørn Idar.

‍Kjetil Mæhle (tv) og Joakim Steen Jensen meiner Djuvik er ein god arbeidsplass.

Klemmene krev lite vedlikehald. Det er også ein marknad for Djuvik å ta inn igjen klemmene til service når det trengs. I hallen på Treaskjæret står pallane med klemmer side om side, dei nylaga og dei som kjem inn igjen for ein servicebehandling. Med tunge aktørar som Statoil, Aker og IKM på referanselista er saudabedrifta med 15 tilsette ganske unik.

— Me er sårbare, men me har og bevist at me kan levere, meiner påtroppande dagleg leiar Sverre Gjuvsland.

— Forresten, det er ein annan grunn til at me valde Sverre og, seier Bjørn Idar og smiler, me måtte nemleg styrke laget vårt til Hovlandsnuten Opp. Der imponerte han, det var viktig det. ■

Tilbake til toppen