Ein fest for foten

17. mai 2013 sit Janne Hindrumsen og studerer fottøyet til dei bunadkledde kvinnene på tv. Ho smiler for kvar sandal og joggesko ho ser.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

I ei årrekkje har saudakvinna Janne Hindrumsen irritert seg grøn over blåe tær, vannblemmer, gnagsår, samt kalde og våte føter nasjonaldagen. Men medan medsøstrer har brukt sandalar, joggeskor eller anna fottøy under bunadsstakken, eller ikkje brukt bunaden i det heile, har Janne stått med sine flate padder av nokre sko på vått gras, år ut og år inn, og vandra kilometervis på knallhard asfalt.

Øs pøs, plask, plask. Slik er det ofte 17. mai. Janne Hindrumsen kan plaska så mykje ho vil, men vatnet perlar berre av bunadskoa ho har laga.

Etter å ha studert dei skamfarne føtene sine om kvelden 17. mai 2013, fann ho ut at nok er nok. For siste gong har ho pint føtene sine slik.

­­— Det tek jo seks månadar for føtene å komma seg etter kvar nasjonaldag, og då er det berre eit halvt års kvile før det er på an igjen, sukkar ho.

Janne ville ikkje gjera som mora og bruka eit halvt liv på å gå inn skoa. Nei, ho ville designa ein heilt ny bunadsko. Først var tanken å laga eit par sko til eige bruk, men så skjøna ho at alle dei lidande føtene der ute, kanskje kunne bli eit levebrød.

Marknadsundersøkinga var TV­­-sendinga nasjonaldagen, utspørjing av venninner og lesing av diverse bloggar og kommentarar på nettet.

Janne skjøna at dårlege bunadskor er eit nasjonalt problem. I tillegg har ho sjekka at også været er på hennar side. Ifølge yr.no er den gjennomsnittlege 17. mai­­-temperaturen i Norge på ti fattige varmegrader. Dermed var forretningsideen til bedrifta Bunadservice født.

Hindrumsen har funne ut at det fins rundt 2,5 millionar bunadar i Norge. Mange heng ubrukte i skapet på grunn av dårlig fottøy, fortel Janne.

Endåtil ein snøballkrig kan Janne Hindrumsen tåla når ho har på seg regncapen. Snøballkastinga tek ektemannen Nicholas Guindani seg av.

Ho visste difor at skoen måtte vera varm, vasstett og behageleg å ha på.

Nå er skoen her. Han er laga av mjukt kalveskinn og har ein pustande og vasstett membran. Den solide sålen er laga i Finland og er ein type som helsearbeidarar brukar, forklarer Janne. Skoa blir laga opp til storleik 42.

Men å laga sitt eige produkt er ein tidkrevjande prosess. Teikningane av skoen er gjort av eit lokalt firma i Sauda, men sjølve utforminga av skoen har involvert menneske i heile fire land.

Spenna på skoen kan takast av.  Slik kan skoa også nyttast til spaserskor, eller som skor ein kan bruka i ei gravferd, til dømes.

Planen er å laga ulike typar spenner, slik at folk kan bytta. Det er også tanken at logoen til firmaet skal bli til ei spenne.

Hindrumsen sel både på nett og i butikken heime. Vesle julaftan hadde ho eit renn av mannfolk som ville kjøpa bunadskor til konene sine til jul.

­­— Så i staden for å gå på bensinstasjonen, valde dei meg i år, humrar Hindrumsen nøgd.

Mannfolka skal også få ein behageleg bunadsko. Den kjem på marknaden om ikkje så lenge, fortel ho.

Når det gjeld pris, seier Hindrumsen at ho ikkje kan konkurrera mot plastskor til 99 kroner, men hennar skor er ikkje mykje dyrare enn eit standard par bunadskor.

Etter å ha funne opp ein ny bunadsko kom ho på at det var ein del andre manglar i dei norske bunadsrekvisittane også.

Kva med å laga ei stor og romsleg bunadsveske til tuttane, bleiene og klesbyta? Så kan folk sleppa å gå med Rema­­-posen dinglande ved stakken. Og når det regnar og folk trekkjer over seg dei fryktelege uformelege plastovertrekka. Kunne ein ikkje heller dra over seg ei elegant, svart regnkappe med rødt fôr?

Janne har laga begge deler, og syslar med planar om over 30 ulike bunadsartiklar.

Ho er ikkje redd for å få bunadspolitiet på nakken.

­­— Nei, eg rører ikkje ved sjølve bunaden. Eg syter berre for fint og praktisk tilbehøyr, påpeiker ho.

Dette bunadslipset er tingen for menn som ikkje vil ha bunad, seier Janne Hindrumsen.

Janne har også designa eit bunadslips av silke med maskinsydd mønster.

­­— Det finst bunadslips frå før, men desse er av ull. Mine slips er så pass rimelege at det ikkje er krise om du søler ribbefeitt på dei.

Slipset kan vera løysinga for menn som ikkje vil ha bunad.

Framover vil ho gjerne laga eit smykkeskrin for bunadssølv. Ho ser for seg at det kan bli ei populær faddergåve. Hovudet er stappfullt av idear.

­­— Det finst så utruleg mange flotte bunadsmønster i Norge. Kvifor ikkje snurra desse rundt lys og serviettar og bruka på konfirmantbordet?

Bunadsluer for barn har ho også på gong. Ho byrjar nemleg å bli lei av å træ på barna glorete idrettshuer til bunadstasen kvart år.

Hindrumsen ønsker å levera produkt til heile landet og har undersøkt kva mønster som er mest populære dei ulike stadene.

Bunadsskoen skal vera grunnstammen i bedrifta.

Målet er å gjera Bunadservice til eit levebrød, og i fjor sa ho opp fast jobb i Sauda kommune. Marknadsføringsplanen er det Sauda Vekst som har hjelpt henne med.

Tilbake til toppen