Satsar på veksthus

Håvard Skavland har investert meir enn 30 millionar i nye veksthus for tomat. 41-åringen er stadig på jakt etter nye område han kan betre i drifta.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

Håvard vart tomatbonde då han berre var 18 år. Han er tredje generasjon som satsar i bransjen, men sidan han er nummer fire i søskenflokken vart det aldri hans tur til å overta heimegarden. Farfar til Håvard, Einar Skavland, bygde faktisk eit av dei første veksthusa på Talgje i 1937.

— Du veit, det var her i Finnøy at denne næringa starta opp for 90 år sidan, me har det rette klimaet til å få god vekst. Kombinasjonen av fjord, fjell og sjø, gjer dyrkingsforholda for tomatar optimale. Klimaet er mildt, og lyset som blir reflektert frå sjøen er med på å gi søte tomatar, meiner Håvard.

Han visste tidleg kva veg han ville gå.

— Eg hadde og lyst til å satse på tomatproduksjon, og var heldig slik at eg fekk kjøpe meg ein gard på Talgje. Garden er berre på 40 dekar men me har utnytta arealet godt, og det sto faktisk eit nytt veksthus på 1,5 dekar på garden då eg overtok, fortel tomatbonden som har utvida fleire gonger, og berre det siste året har dobla arealet med veksthus på garden.  

Leverandørar frå Nederland har nyleg vore på Talgje for å setje opp eit nytt veksthus, som saman med det han har frå før totalt gir eit areal på om lag 26 dekar med tomatproduksjon. No ventar ein berre på at dei spesielle glasplatene skal bli monterte.

— I Nederland er dei ekspertar på dette, dei har mykje meir erfaring enn oss. Dei som var her har montert veksthus i heile verda.

— Dette er heilt nye og større glasruter som skal gi ein ekstra effekt med at sollyset spreier seg meir i veksthuset, eg er litt skeptisk endå, men spent på om det verkar slik dei lova, nemleg at det skal gi 4–5 prosent betre innstråling enn det me hadde før.

Håvard legg hovudet bakover og ser opp mot skyene som svever over drivhuset. Han er klar over at bransjen blir sett på ein versting når det kjem til CO2-utslepp, sjølv om naturgassleidningen som Lyse Energi la til Rennesøy, Finnøy og Talgje i 2002 var eit steg i rett retning. Før den tid hadde ein brukt olje og propan til oppvarming i veksthusa. Då det vart bestemt at Finnøy og Rennesøy blir ein del av «Nye Stavanger» frå 2020 kom det også fram at oljebyen kjem til å bli ein av landets verste på nettopp CO2-utslepp.

— I produksjon av tomatar i veksthus brukar me naturgass til oppvarming. Me nyttar og CO2 til fotosyntesen. Mange gartnarar har no investert i buffertank som kan samle opp overskotsvarmen om dagen, slik at den kan brukast til oppvarming om natta. Mengda CO2 som går ut pipa er minimal. Me er i stadig utvikling og målet er å bli enda betre på miljø, seier Håvard.  

Lenge frykta tomatbonden at ein skulle innføre ei eiga CO2-avgift på drifta, den er no utsett. Noko Håvard er glad for.

— Det var viktig for oss at det ikkje vart noko av denne avgifta, me treng gass og bruken av CO2 i produksjonen for å utnytte fotosyntesen optimalt og auke produksjonen. Uansett har næringa nesten halvert energibruken dei siste 15 åra, ikkje minst ved å kombinere naturgass med vekstlys.

Håvard Skavland er oppteken av norsk, sunn og kortreist mat. Han håpar stadig fleire blir opptekne av kvalitet, også i matvegen.

— Eg har også investert i varmegjenvinnarar som skal gjenvinne opp mot 90 prosent av fuktig varme i veksthuset som tradisjonelt må luftast ut gjennom vindauga. No kan eg bruke gardinene mykje meir og spare meir energi.

Det siste året har vore i den mest hektiske enden. Kona Edle har tatt eit år med permisjon frå jobben som assisterande styrar i Hagatoppen barnehage for å vere dagleg leiar ved gartneriet. Det er fire fast tilsette på garden, men i sesongen er dei opp mot 30 tilsette. No arbeider Håvard for å utvikle fleire leilegheiter på garden som arbeidsfolk kan bu i, samstundes som han har investert i hus som dei og kan bruke.

— Det er stort sett utanlandsk arbeidskraft her, det er ikkje så lett å få norske arbeidarar til å ta på seg slikt sesongarbeid.

Mange tilsette, store investeringar og stadig høgare krav frå Bama førte til at den administrative jobben i gartneriet stadig auka. Inne i pakkeriet er det høg aktivitet, her blir tomatane sortert og pakka i ein imponerande fart. Også pakkeriet står for ei utviding, meir enn dobling av arealet vil gi endå større effektivisering, trur Håvard.

— Det er mykje å organisere, og det var godt å kunne vere to om dette, det var viktig å få med Edle i drifta, slår han fast.

Digitalisering og effektivisering av drifta har også ført til at han lettare kan ta ein ferietur og likevel ha full kontroll der heime, før var han meir avhengig av å vere tilstades. Kanskje me nesten kan ha «normal» ferie med familien på sommaren no,

— Men det er klart det har også fleire sider, no er me jo nesten alltid på jobb, seier Håvard.

—  Du veit, det var her i Finnøy at denne næringa starta opp for 90 år sidan.
[Håvard Skavland]

Ekteparet har tre barn, tvillingane Edwin og Håkon på 17 år, og Eirik på 14 år. Alle er dei aktivt med i drifta. Spesielt har tvillingane stått på og hjelpt foreldra no når det nye veksthuset skulle på plass.

— Eg har gjort det aller meste av grunnarbeidet sjølv, med eigne maskiner. Den eine gravemaskinen hadde me frå før, den andre kjøpte me til dette. Ein sparer raskt inn den investeringa viss ein skal rekne i arbeidstimar, meiner Håvard. Han legg raskt til at han aldri hadde aldri greidd dette utan Edwin og Håkon som har stått på ved alle ledige stunder frå hausten 2017 og i heile 2018.

Totalt har han investert meir enn 30 millionar i grunnarbeid med tomta, veksthus, vekstlys og trafo. Det er ei stor investering, men verken Håvard eller Edle har mista nattesvevnen av den grunn.

— Kanskje kona har, men ikkje eg, ler Håvard.

Tomatproduksjonen og utviklinga på garden er meir som ein livsstil, og han er ikkje framand for tanken på at nokre etter han også ein gong i framtida vil drive med tomat.

— Eg skjønar godt at det er andre ting som opptar dei nett no, slik skal det også vere.

Gartneriet har leveringsavtale med Gartnerhallen som forsyner Bama med frukt og grønt. Bama sine kundar er Norgesgruppen og Rema 1000, og perletomatene er merka med namna Gårdens tomater og Søte tomater. Skavland Gartneri produserer perletomater av sorten Angell og Swetelle, Juanita, Bamano som er orange perletomater og klasetomater. Dei produserer også tomatplanter til eige bruk, i tillegg til at dei sel planter til andre gartneri.

– Me kjøper frø som me sår rundt juletider, det går om lag fire–fem dagar frå me sår til den første spira kjem. Store deler av plantene podar me for å få ei sterkare og betre plante. Då kuttar me toppen av ein sort plante med sterk rot, og set på ein topp frå ei plante med god evne til å produsera frukt. Så går to veker før planta er så stor at den må plantast om. For å få til dette er me heilt avhengig av kunstig lys, fortel Håvard.

— Når dei er sju veker gamle og 60 cm lange plantar me dei ut i veksthuset, då klarer dei seg med naturleg sollys. Men me har og investert i lysarmaturar for å sikre at plantene får godt lys, det er ikkje alltid så mykje sollys i februar. No må ein befrukte blomane på plantene slik at det skal bli tomatar, difor har me bol med humler som hjelper oss med det, forklarer tomatbonden.

Han viser oss eviglange rekkjer med store tomatplanter i veksthuset, smaker på ei av tomatane og helsar smilande på dei som jobbar med effektive hender.

— Tomatplanta kan faktisk bli alt frå åtte til 12 meter lang, og den er eittårig, så i slutten av året riv me dei ut, for så å byrje på nytt igjen.

I sesongen er det mange tilsette på Skavland Gartneri, her blir tomatane sortert og pakke i eit eige pakkeri.

Håvard er oppteken av å fremje den norske, sunne og kortreiste maten. Sjølv er han glad i tomatar, og et i følgje seg sjølv sikkert for mykje.

— Mange er bevisste forbrukarar, men det er viktig at me er gode på å kommunisere slik at valet blir enklare. Merket «Nyt Norge» er eit godt tiltak, det gjer jobben litt enklare, meiner han.

— Det er jo ein kontrast at ein i Frankrike syklar til gourmetbutikken for å handle, medan me her i landet køyrer SUV til supermarknaden. Då er det noko som ikkje stemmer. ■

Tilbake til toppen