Designhotell med lokal mat

Midt blant kraftlinjer og høge fjell ligg eit ekte designhotell som serverer fersk fjellaure.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 3
Mitt Ryfylke 2015 3

Energihotellet badar i sola denne dagen. Bubilane har inntatt vegane i Suldal og designhotellet på Nesflaten ventar gjester frå både Belgia og Nederland. Det er hektiske tider på hotellet som ligg plassert midt i den norske krafthistoria med ein majestetisk kraftstasjon og tunge kraftmaster som næraste nabo.

Dette er ikkje eit heilt vanleg hotell, her er det ekte krafthistorie, design og arkitektur i veggane.  Dei aller fleste gjestane, om dei er lokale eller frå fjerne strøk, blir imponerte over den slåande utsikta utover Suldalsvatnet, 60-talsmøblane frå Sven Ivar Dysthe, gullpeisen eller den særprega arkitekturen teikna av Geir Grung. Klokka har så vidt passert 14 på ettermiddagen, hotellsjefen Olav Lindseth har nett tatt av seg hotellhatten og reist heim til det nybygde funkishuset på garden Mokleiv litt lenger nede i dalen. Der ventar minstemann, vesle Jonas, på at far skal ta over skiftet i heimen. Storebror Noah på fire er derimot i barnehagen.

Kona, Gunhild Moe, kjem til hotellet for å ta eit skift som resepsjonist, kokk og vertskap. Ho beklagar at ho er litt sein, ho vart nemleg liggande bak ein av desse bubilane som ikkje har den største farten i svingane langs Suldalsvatnet. Gunhild skifter til hotelluniform og pustar letta ut.

— Slik. Då er eg ikkje småbarnsmor lenger, då er eg på jobb, seier ho og stryk hendene over det svarte forkledet. Ekteparet innehar dei fleste rollane på hotellet, og meiner sjølv det er eit fortrinn at gjestene møter hotellsjefen i resepsjonen, slikt blir det ein intim og nær atmosfære av.

— Me vil helst ha det slik. Det skal vere kort veg mellom gjestene og leiinga. Det handlar om å vere eit godt vertskap, seier ho og snur plutseleg over til klingande engelsk. Den eine nederlandske gjesten stikk hovudet inn på kjøkkenet og vil gjerne ha ei ekstra colaflaske.

‍‍‍Gunhild Moe er glad i jobben som vertskap på Energihotellet og meiner krafthistoria og arkitekturen er noko av det viktigaste dei kan vise fram.

I dag er det fjellaure som står på menyen. Så fersk som det går an å få den. Den er fiska og levert av Reidar Sandal som driv Skattkammeret på Nes, ei lokal bedrift som både foredlar lokale råvarer samstundes som dei arrangerer alt frå fotokveldar til quiz-maraton. Nesflaten er ei bygd der innbyggjarane skaper det meste sjølv. Det gjeld også kultur – og matverksemda til Sandal.

— Nesflaten er ein god stad å bu, og det er ein god stad å drive bedrift. Me støttar kvarandre her. Me handlar på den lokale butikken, og me handlar lokale råvarer. Og så viser dei tilsette på butikken turistane opp til oss.

— Det er sikkert hotell som har betre kokke-kompetanse enn oss, men me leverer god, enkel og lokal mat. Det er ofte viktigare enn å ha eit enormt utval.

Hotellet har ein sjudagarsmeny på sommaren. Kvar torsdag er det fjellaure fylt med urter, med poteter, rømme, lokalt flatbrød og agurksalat.

— Og her er det verkeleg lokale råvarer. Ingen fiskar er like her, nokre er små, andre større, nokre gjester må få to aurar for at porsjonane skal bli like. Gjestane likar det, det blir ekte då.

Energihotellet legg bak seg eit hektisk år med utbygging av 15 nye rom og konferansesal. Målet er ikkje å bli veldig store, men å bli eit hotell ein kan rekne med i framtida. Ein stayer som ikkje forsvinn med det første.

— Me såg at det vart for lite med 14 rom, me måtte ha meir for å sikre  veksten. No har me 29 dobbeltrom, og dermed kan me ta i mot større grupper enn me gjorde før. Dei nye romma er bygd i ein eigen fløy der ein kan ligge i sengene og sjå rett ut over Suldalsvatnet. Eller ein kan sitje i dei breie glaskarmane og tenkje over livet.

Dei er nesten ferdige med nybygget. No ventar dei berre på dei gullfarga platene som skal trone på fasaden til bygget.  Konseptet er og blir det viktigaste. Dei tilsette får alle opplæring i krafthistoria som ligg til grunn for hotellet. Dette var opphavleg messa til Hydro og framleis blir hotellet av mange kalla kona til Hydro. Framleis vaskar dei arbeidskleda til dei tilsette, og  lagar til både overtidsmat og finare festmiddagar Hydro arrangerer. Designhotellet er ikkje konstruert som eit hotell, her er det krafthistoria og arkitekturen som har arbeidd fram designuttrykket.

Energihotellet serverer lokal og god mat. Fjellauren kjem direkte frå Suldalsvatnet.

Olav og Gunhild kom til Energihotellet i 2008. Mykje har skjedd etterpå. Dei er glade for å sjå at hotellet har forandra seg frå å vere eit reint konferansehotell over til turisme. Hotellet blir også brukt av store entreprenørar som har utbyggingsprosjekt i kommunen. Gunhild serverer familien frå Nederland som har sett seg på terrassen. Ho balanserer brettet med stø hand og smiler medan ho svarer på spørsmål om hotellet og bygda.

— Me snakkar så mykje om Slow Food,  på mange måtar driv me også med slow reiseliv, seier ho. ■

Tilbake til toppen