Bygda mot straumen

Eit yrande revyliv, eige musikk-korps og ei pulserande dugnadsand. Jøsenfjorden har det meste, og midt i bygda ligg sjølve hjarta og samlingspunktet; butikken.

Frå
Mitt Ryfylke 2017 1
Mitt Ryfylke 2017 1

– Eg trur alle er bevisste på kor viktig butikken er, og me prøver alltid å høyre på kundane. Det er viktig for oss å kunne levere det dei ynskjer, seier butikksjef Hanne Karin Natland, medan ho kikkar ut av kontoret sitt. Butikken på kaien i Jøsenfjorden fylte 40 år i fjor, og feira med å utvide butikk–lokalet med eit nytt areal for kjølevarer.

– No har me fått betre plass, det er kjekt å kunne vise fram varene på ein betre måte, og dessutan håpar me å få på plass ein samlingsplass der ein kan ta ein kaffikopp inne og, fortel ho. Kollegane Olaug Østerhus og Helena Hauge nikkar. Mange ser på butikken som ein god sosial arena i bygda der det bur om lag 100 personar. Coop Vadla har ein omsetnad på om lag fem millionar kroner.

Denne dagen er det berre støvlar og regnklede som gjeld. Midt i påskeveka er det ikkje mykje som minner om påskestemning og sol, det er meir som ein ekte hauststorm. Men fjordafolk kan kle seg, og det stoppar heller ikkje turistar og hyttefolk som skal handle på nærbutikken før heilagdagane trer til. Dei fastbuande er sjølve kjernen i omsetnaden til butikken, men hyttefolket sikrar at ein kan satse litt ekstra.

– Butikken er kjempeviktig, den er kjernen i bygda, meiner Per Harald Vabø og Håvard Vabø som er på sin tradisjonelle påsketur til familiehytta i Jøsenfjorden.

– Dette er ein glimrande plass å vere, eit flott utgangspunkt for både fjord og fjell, barna kjem og alltid langvegsfrå for å få dette med seg, fortel Per Harald før han snur seg og lurer på om det er kome brød i dag? Ikkje det ennå, nei? Då kjem me attende seinare, seier han og smiler. Rolege feriedagar gir rom for å ta ein butikk–tur til. På butikken i Jøsenfjorden kan ein få det meste, frå fiskeutstyr og gåveartiklar til matvarer.

Bygda har eiga nettside og eiga facebook–side der dei deler store og mindre nyhende frå kvardagen. Alle stoler på alle i Jøsenfjorden. Og tru det eller ei, janteloven finst ikkje her meiner eldsjelene me møter på kaien.

‍Olaug Østerhus står i kassen, medan kollega Helena Hauge pakkar varene til kunde Per Harald Vabø.

– Eg meiner iallfall det, at her kan ein få lov til å seie meininga si utan at nokon seier noko på det, seier Bente Tednes Gjil, som er ei av eldsjelene som trossar vinden i dag. Med seg har ho Birgitte Selvikvåg Østerhus og Silje Lovra. Alle er dei unge, småbarnsforeldre og bønder i bygda. Birgitte og Silje har begge kome heim igjen for å overta gardar i bygda, Bente er sjølv frå nabobygda Jøsneset og har overtatt familiegarden til ektemannen.

Dei andre to nikkar. Jøsenfjorden er open og inkluderande. Det er lov å reise seg opp på eit foreldremøte og seie noko som er stikk i strid med kva resten meiner. Dei håpar uansett at resten av innbyggjarane kjenner det slik som dei gjer det.

– Men ein må jo gi av seg sjølv her, det er ei bygd som baserer mykje på dugnadsand, ein må hive seg utpå og bli med. Det er jo sosialt og, meiner dei.

– Det er eit år sidan me flytta inn, og spørsmåla kom med ein gong: kom på jentekveld, bli med på det som skjer, fortel Birgitte.

Nyleg hadde dei revy med 160 gjester i salen, på butikken har dei ein årleg marknad, dei har påskebasar på bedehuset og sitt eige musikk–korps som står for musikken på store dagar. Eigen barnehage har dei også. Mange vil nok også hugse kampen småbarnsforeldra og resten av bygda kjempa for at barna skulle få gå på nærskulen sin i Erfjord, og ikkje måtte køyre til Nesvik for så å ta ferje over til ein skulekvardag på Hjelmeland. Kampen vart lengre og tøffare enn mange av foreldra i fjorden hadde håpa på, men slutt vann dei fram. No gler dei seg over at politikarane høyrde på folkerøysta i bygda. I dag er det 21 barn mellom 0 – 11 år i bygda, i tillegg er det to ungdommar som går på ungdomsskulen.

– Den saka var så utruleg viktig for oss. Det blir ein lettare kvardag for oss alle, dersom ein skal heim frå skulen og så ut igjen i eit barneselskap klokka 16.30 er det ikkje godt å klare det når ein må til Hjelmeland. I Erfjord går det fint, seier Bente.

– Det er litt som i Bakkebygrenda hjå oss, folk passar på kvarandre og barna kan springe kor dei vil.

– Men det er klart det er på godt og vondt det og, me blir veldig synlege her, me veit mykje om alle. Jantelov passar nok på her og.

Jentene fortel at dei for om lag ti år sidan hadde ein kampanje gåande i bygda der dei laga sin eigen reklamefilm med tittelen: me har lyst på dokke. Filmen ser ut til å ha gitt resultat for fleire har flytta heim og satsa i bygda dei kom frå.

– Det er godt mogleg me burde gjort fleire slike stunt, seier Bente og ler.

‍Det er mange eldsjeler i bygda, Bente Tednes Gjil (t.v), Silje Lovra og Birgitte Selvikvåg Østerhus er tre av dei.

I kassen på butikken betaler Maylin Hjorteland og Jahn Schjølberg, dei pakkar varene i sekken medan Tobias (10) og Lucas (7) står klar med hjelm på hovudet og sparkesykkel i hendene. Maylin er sjølv frå Jøsenfjorden og no har ho med seg familien heim på påskeferie.

– Me likar oss her, og butikken er flott. Me får det meste her, meiner familien. ■

Tilbake til toppen