Portrettet: Vertinne med utsyn

Ho trivst best når ho kan skape noko nytt. Sissel Marie Bjerga (37) har funne sin fargepalett på Utsyn Misjonssenter.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

Året er 2015. Sissel Marie Bjerga jobbar som serviceleiar  på Val videregående skole i Nord–Trøndelag, ein jobb ho stortrivst i. Heime på garden på Halsnøy sit mor Brita og nærmar seg 70 år. Etter ei tragisk ulukke i 2005 der faren omkom, kom no spørsmålet: kven skulle ta over heimegarden av dei fire søskena, eller skulle garden seljast?

– Mor sa ein gong at det med garden måtte me fikse opp i før ho blei 70, eg trur berre det var eg som hugsa det i grunn, seier Sissel Marie tankefullt. Ho mimrar om den dagen ho ringde heim til mora for å fortelje at ho ville flytte heim for godt, og at ho skulle ta over jobben som dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter.

– Det vart ganske stilt i telefonen ja, før mor fint sa at no måtte ho setje seg, humrar ho.

Sissel Marie Bjerga (37)

Sivil status: Singel
Aktuell: Dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter
Drøymer om: Utbygging, fornying og utvikling - på fleire områder
Førebilete: Egil Svartdahl
Les: Samfunnsbygger av Hermund Haaland og ettårsbibelen
Høyrer på: Likar mykje forskjellig av moderne lovsang, men er ikkje den som høyrer mest på musikk

Nokre år tidlegare hadde søster hennar gifta seg på Utsyn, og mor Brita var blitt utfordra munnleg om ikkje nokre av døtrene hennar kunne tenkje seg jobben, når tidlegare dagleg leiar Inger Steinsland skulle slutte av. Men tanken streifa ikkje Sissel Marie, som allereie hadde drøymejobben. Ikkje før stillingsannonsa var ute, og den nemnde 70-årsdagen kom tett på.  Å reise frå Val skulle vise seg å bli tøffare enn først trudd. Då det vart offentleg at ho skulle slutte, og flytte frå kollegaer, fellesskapen og elevane, fekk ho ein sorgreaksjon. I jobben på skulen hadde ho ansvar for internatet, det kristne arbeidet som føregjekk på skulen i fritida, kjøkkenet og vaktmeistarane. Ho likte å møte ungdom som var klare for å ta neste steg ut i livet, på internatet kunne ho bety noko for dei dagleg.

– Eg hadde budd der i nesten 12 år, eg var knytt til plassen, og ikkje minst dei eg hadde rundt meg. Mange sa til meg at det blir nok godt å flytte heim, men det var og vanskeleg å reise frå alle kollegar, venner og naboar som nesten var blitt som ein familie for meg, seier ho bestemt.

– Men etter kvart vart tanken om jobb på Utsyn  aktuelt, eg visste jo at eg gjerne kunne tenkje meg ein jobb der eg fekk utfordre meg sjølv, og skape noko. Og tida for å flytte heim var truleg komen. Etter at eg kom heim igjen til Ryfylke i januar 2016 har eg ikkje angra ein dag.

– Og trua er ein viktig del av livet, å arbeide på ein stad der eg kan formidle trua mi er ein ekstra dimensjon.

Utsyn Misjonssenter er blitt både lunt og moderne etter at Sissel Marie tok over leiinga.

Skape har ho sanneleg fått lov til i sjefsstolen ho allereie har sote tre år i. Utsyn Misjonssenter som ligg nydeleg til på Finnøy tilbyr både leir– og weekend–opphald, overnatting, kurs, konferanse– og selskapslokale i tillegg til catering. Det blir sagt at Sissel Marie har snudd opp ned på heile Utsyn, sjølv om ho har tatt med seg verdiane som ligg her frå før. Denne dagen danderer ho vårblomar ved inngangsdøra, og testar ut nokre nye oppskrifter til bryllaupa ho skal arrangere seinare i vår. Jobben som dagleg leiar er variert, nettopp noko den friske dama med den burgunderraude kufta likar. Med seg inn i jobben har ho også eit årsstudium i kristen sjelesorg frå høgskulen VID.

– Menneskemøta og dialogen mellom menneske er viktig for meg. Dersom eg skal velje kvalitetstid med venner vil eg velje den gode samtalen, og då gjerne på tomannshand. Då får ein gå i djupna og verkeleg treffe den andre.

– Ein må kanskje vere glad i folk for å jobbe her?

– Det er klart, som vertinne må ein ta i mot folk på ein god måte. Eg trivst best med at det skjer noko heile tida, og treng ikkje vere så mykje åleine.

— Fornyingar må til, og eg likar å setje ting i sving
[Sissel Marie Bjerga]

Ho viser veg gjennom eit misjonssenter som ikkje minner om tradisjonelle bedehus lenger. Her er blå sofagrupper og møtestolar i moderne jordtonar. Dette er huset der det rustikke og minimalistiske møter det rause bedehuset.  

– Eg er jo over snittet glad i interiør og fargar og då, eg kan bruke lang tid på Jotun–appen med fargekartet for å seie det slik. I løpet av fem dagar målte eg mitt eige kjøkken tre gonger før eg var skikkeleg nøgd. Eg er glad i fargar, slår ho fast.

– Fornyingar må til, og ikkje minst likar eg å setje ting i sving. Eg sette nok mitt preg på alle internata på Val og. Eg var heldig der, skulen var offensiv og likte at me moderniserte.

Sissel Marie likar å ha det fint rundt seg. No kjem snart våren med mange bryllaup og arrangement på Utsyn Misjonssenter.

Investeringane i Utsyn har vore store dei siste åra, Sissel Marie er klår i talen; skal misjonssenteret tene pengar må dei investere og auke kapasiteten. Då ho fekk jobben ville ho helst gjere alt på ein gong, tolmodet var ikkje stort nok. Men ho veit at ein treng å ta eit steg om gongen skal ein få gjort det skikkeleg.

– Det er viktig å seie at Utsyn var utruleg veldrive då eg tok over, her var stødig økonomi, det var mellom anna skifta tak på alle bygg, og velhalde både utvending og inne. Utsyn hadde eit veldig godt rykte.

– Og tenk på alle som går her på dugnad, ein kan ikkje tenkje på min jobb som ein 8–4–jobb når ein har med seg folk som går her time etter time på fritida si.

Omsetnaden på Utsyn har auka med 83 prosent dei tre siste åra, mykje på grunn av ei auka satsing på catering. Då Sissel Marie overtok hadde bedrifta ei budsjettert inntekt på catering med 30 000 kroner, rekneskapen frå i fjor viser at dei nådde om lag 450 000 på denne posten. Utsyn Misjonssenter har ei tredelt oppgåve, for det første skal dei vere eit regionalt senter som kristen leirplass, i tillegg til å vere eit lokalt misjonssenter med ulike tilbod for Finnøy og omegn, og til slutt skal dei utvikle den kommersielle biten av drifta.

– Eg blir nok motivert av gode tal, sjølv om eg sto for det første underskotet her på lang tid. Fjoråret enda med eit underskot på 600 000, men sett i lys av at me brukte 1,1 million meir enn fjoråret på vedlikehald er ikkje tala så dårlege.

Og utbygginga er ikkje slutt.  Planane for ny møte- og konferansesal er på trappene. Målet er å få ein ny proff møtesal, der ein dermed kan ha fleire arrangement samstundes. I tillegg ligg planane om nytt kjøkken klare.

– Dette er spanande, og absolutt eit byggeprosjekt eg gler meg til. Dette må eg få med meg, seier Sissel Marie.

– Er du uredd?

– Tja, kanskje det er rette ordet. Eg veit ikkje. Ein ting du iallfall ikkje må skrive er at eg driv garden heime. Eg bur der, men leiger ut jorda, driftsbygningane og mjølkekvoten. Men eg har kjøpt motorsag og fliskuttar, og endeleg etter ei lang tid med berre skryt, har eg knekt koden for å bruka det og, seier ho og ler trillande.

– Skal eg drive garden må det ein mann på plass, men den saka blir det lite tid til.  Eg har iallfall tenkt å ta 40–årskrisa med storm. ■

Tilbake til toppen