Jorda og sola varmar huset

På Håbakk på Tau står ein bygning som liknar ein klassisk avrunda UFO. Men det er ikkje det mest spesielle med huset.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Ser du nøyare etter legg du snart merke til at huset har solfangarar på taket, og utanfor i tunet er det to kumlokk som dekkjer over to 130 meter djupe brønnar. Brønnane skal henta jordvarme, slik som innretninga på taket hentar solvarme.

Blir det overskot på solvarme, blir denne også lagra i brønnane.

Husværet med den særprega forma, er eit av dei mest miljøvenlege husa i Rogland. Nesvik og Johannes Svendsen er glade for kvart år dei får leiga bustaden av Hallgeir Langeland.

Huset som stod ferdig hausten 2011, har blitt ein snakkis. Ikkje først og fremst fordi det er eit miljøhus av Rolls Royce-standard, men mest fordi det eine husværet i bygget er eigd av den profilerte SV-politikaren Hallgeir Langeland.

Nå er Langeland i tillegg styreleiar i Rogaland Naturvernforbund. Huset kjem dermed ikkje mindre til sin rett. Det gagnar miljøet, men også Hallgeirs gode namn og rykte.

Og han er stolt av huset, og snakkar meir enn gjerne om korleis naturvernaren og miljøpolitikaren ville syna engasjement i praksis, og ikkje berre gjennom tusenvis av fine ord. Dermed kosta han på seg ein energisentral til 800.000 kroner. Ei investering som først vil lønna seg for hans privatøkonomi om rundt 12 år.

— Hadde eg ikkje arva pengar, ville eg ikkje hatt råd til å bygga eit hus av energiklasse A. Det har diverre vore altfor dyrt å bygga miljøvenlege hus i Noreg. Men nå veit eg at Enova har tilskotsordningar på gong for å gjera det lettare for folk flest å byggja hus som er mindre energikrevjande enn dagens hus, seier han.

Frå dette panelet i stova kan leigebuar Johannes Svendsen regulera lys og temperatur i alle rom i huset.

Langeland ser for seg at heile byggefelt i framtida kan bli kopla på Energisentralar som den han er knytt til og som nyttar varme frå jord, hav og sol. I Hallgeir sitt hus blir tre fjerdedeler av energibehovet dekka av sol - og jordvarme.

Energisentralen på Tau dekker energibehovet til fem bueiningar. I Hallgeir Langelands leilighet er det for tida Johannes Svendsen og Reidun Nesvik som rår grunnen. Dei har leigt hjå Hallgeir heilt sidan huset stod ferdig. Sjølv har ikkje Langeland bestemt seg for når han gjer strandbu av seg att. Førebels trivst han utmerkt i blokka si i Stavanger, og blokkbuing er også ein miljøvenleg levemåte, skyt han inn.

Det er difor Svendsen og Nesvik som ønskjer velkommen til huset i Smiurvegen på Tau ein solblenkjande vårdag i mars. Begge to er fulle av lovord om huset kor det å fyra i vedomnen, fører til at dei må gå ut, fordi det blir for varmt. Og straumrekningane er svært moderate, for både varmtvasstank og golvvarme (vannboren varme) kjem frå Energisentralen. Og airconditionanlegget er drive av solcellene på taket.

Sola står lenge på i Smiursvegen på Håbakk og er såleis ein ypparleg plass for eit hus med solfangarar på taket. Reidun Nesvik og Johannes Svendsen nyt ofte terrasselivet.

Via ein skjerm i stova kan ein styre temperaturar og lys i kvart einaste rom, og skulle det vera noko paret ikkje får til, eller stussar på, kan Energimesteren på Randaberg, fjernstyra både lys og varme i bueininga deira. Stove og kjøkken held 22 grader på dagtid. I Hallgeirs husvære blir tre fjerdedelar av energibehovet dekka av sol-og jordvarmen.

Lyset kjem frå ledlys. Både Johannes og Reidun forsikrar om at dei ikkje manglar komfort på nokon måte, og så er vindauga i huset sjølvreinsande, slik at det trengst berre ein hageslange for å spyle dei reine. Vindauga er også innsette med eit stoff som hindrar UV-strålane å trengja gjennom.

Hallgeir Langeland helsar alle tiltak som kan gjera det lettare å ha råd til å byggja miljøvenleg velkommen. Han viser til kor nyttig det er for samfunnet å redusera kraftbehovet frå gass, olje og straum. Til hans frustrasjon blir energiøkonomiserande løysingar bremsa på Nord-Jæren, fordi Lyse er avhengig av å få seld Kårstø-gassen sin. Men i Ryfylke er det ting på gong.  Fleire hus, mellom anna i det nye bustadfeltet i Taumarka, blir no knytte til ein energisentral med biovarme i form av flisfyring. ■

Tilbake til toppen