Satsar på mat og kultur

Norsk Frukt- og Laksefest satsar framleis etter 23 år med festivalhistorie. Dei vil setje Hjelmeland på kartet som ein frukt- og havbrukskommune.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

Norsk Frukt- og Laksefest har som mål å vere ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får sjansen til å presentere seg, og på scena kjem det både lokale og nasjonale artistar. Årets festival går av stabelen 6.-8. september, og kan freiste med eit varierande program for både yngre og eldre.

Norsk Frukt- og Laksefest

Norsk Frukt- og Laksefest har som mål å vere ein festdag for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som frukt-dyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk står sentralt. Årets festival går av stabelen 6.–8. september.

– Festivalen er jo den største hendinga på Hjelmeland og i kommunen, så klart den har betydning, og det er klart det er noko folk ser fram til kvart år. Dei fleste bygder har gjerne liknande arrangement, der folk kjem heim for å treffe kjende. Mange av dei lokale næringslivsaktørane er med som utstillarar, og me har mange lokale sponsorar, seier festivalsjef Vidar Lund.

Han viser til at eit av høgdepunkta under årets festival er konsert og bryggedans med Admiral P. Elles blir det også underhaldning og aktivitetar, både ting folk har sett før, og sjølvsagt nye attraksjonar. Årets opningstale står rådmann i Hjelmeland, Wictor Juul for.

– Kokkelauget Rogaland har vore med ein del år no, dette er nokre av dei aller beste kokkane i regionen, og dei serverer mat av særs høg kvalitet. Det er eit populært innslag, meiner Vidar.

Nytt av året er open dag på Helgøy, der innbyggarane viser fram kva som rører seg på den aktive øya.

– Festivalen har funne ei fin form, der ting sklir veldig bra kvalitetsmessig og økonomisk. Men me ser likevel at tida er moden for ei utvikling. Dette er noko som må jobbast med framover, og målet er å kunna skape nye aktivitetar og innslag. Me vil gjerne få næringslivet, oppdrettarar, bønder, fruktdyrkarar med på ein felles innsats, slår festivalsjefen fast.

Mat og aktivitetar for barn er populært under Norsk Frukt-og Laksefiske.
Bryggedansen trekk alltid folk, her speler både lokale og internasjonale krefter.

Festivalen har lagt 22 år med historie bak seg. Det heile starta då Helge Kjellevold fekk ein god idé på veg til jobb ein dag. I 1996 jobba han som reiselivskonsulent i det som då heitte Hjelmeland Næringsutvikling. Han budde på Jørpeland og pendla inn til Hjelmeland.

– Eg hugsar så godt eg køyrde til jobb ein dag, og tenkte på kva me kunne få til her inne. Eg hugsar eg kikka ned på oppdrettsanlegget på Hundsnes før eg såg fruktgarden til Terje Pundsnes, og plutseleg sto det klart for meg. Det er jo laks og frukt som er spesielt for Hjelmeland, seier Helge og smiler. Han hugsar det like godt som det skulle vore i vår han tok den køyreturen. I dag er han dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling og har som jobb å utvikle eit av landets mest attraktive reiselivsprodukt.

– Me arrangerte festival første gong allereie den hausten, og eg hugsar korleis me snakka om at «tenk om det kjem 500 personar». Det kom 1000 og det gjekk veldig bra, sjølv om me var litt i sjokk, fortel han.

– Me visste jo ikkje kva me sette i gang, men festivalen har vist seg å bli ein suksess, me ynskte å setje Hjelmeland på kartet, og få fram næringane som me er stolte av. Det føler eg at me klarte. No har ein også fått til ei organisering som gjer at ein ikkje slit ut bygdefolket på dugnad, for det er klart det er krevjande å arrangere så store arrangement, meiner Helge Kjellevold.

Festivalen er eit krysspunkt mellom kunst, kultur og mat.

Styreleiar Geir Ims er også klar på at dette er det største som hender i Hjelmeland i løpet av året.

– Me har og ei sakte auke i talet besøkjande kvart år, no ligg det på om lag 5000 personar. Me blir litt fleire og litt betre kvart år, meiner Ims som til dagleg jobbar i Ryfylke IKS.

– Me ynskjer også å utvikle oss vidare, ikkje minst ved å styrke samarbeidet med næringsliv og kommune. Me skal bygge vidare på det som er grunnlaget vårt, nemleg kunst, handverk og mat, slår styreleiaren fast. ■

Tilbake til toppen