Rekordløp gjennom Ryfast

Laurdag 5.oktober skal 7000 personar springe gjennom Ryfast. Slikt blir det rekordar av.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 2
Mitt Ryfylke 2019 2

Beate Jåsund frå MIL (f.v.), i lag med Anne Carr Jørpeland og Rune Harestad frå Staal Jørpeland er klare for å invitere mosjonistar til å springe gjennom Ryfast før tunellane opnar for biltrafikk.

Rune Harestad er dagleg leiar i Staal Jørpeland IL og kan knapt vente til verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton skal gjennomførast. Det var prosjektleiar i Ryfast, Gunnar Eiterjord, som kom på ideen, han meinte ein måtte arrangere eit løp i tunnelen før den blei opna for biltrafikk.

– Han lurte på om idrettslaga her på Strandalandet kunne vere interesserte i å arrangere eit slikt løp. Det sa både Jørpeland IL og MIL ja til på strak arm, fortel Rune Harestad.

– Kven er den typiske deltakaren trur du?

– Om eg skal tippe så er det gjennomsnitt-nordmannen som tar seg ein treningstur eller to i veka. Men sjølvsagt vil me også få inn deltakarar frå ytterkantane her, alt frå folk som nesten er utan grunntrening til dei som er meir seriøse, seier Harestad.

Ideen til Eiterjord blei sett ut i livet, og viste seg å bli populær. Løpet med dei 7000 plassane vart utselde for eit halvt år sidan.

– Fordelen med at det er så mange påmelde er at det alltid vil vere nokon som ikkje kan, det kan lønne seg å fylgje med på facebooksida til løpet, det vil heilt garantert dukke opp ledige startnummer der, meiner idrettslagsleiaren.

På nettsidene til Ryfastløpet kan ein lese treningstips frå Eiterjord sjølv, det gjeld å legge ned ei god grunntrening før det brakar laus i sjølve løpet. Ryfastløpet går frå  Kiellandsmyra/«gamle» Gamlingen i Stavanger til Solbakk i Strand og er 21 kilometer langt. Hundvågtunnelen er 5,7 kilometer og Ryfylketunnelen 14,3 kilometer. Arrangøren fristar med at temperaturen i tunellen er om lag 12 grader, noko som gir lyse, klare og luftige forhold for turen. Det blir fire drikkestasjonar undervegs. I botn av Hundvågtunnelen (ca 3,5 km), på Hundvåg (ca 6 km), i Fjellhallen (ca 13,5 km) og i botn, 292 meter under havet av Ryfylketunnelen (ca 16,5 km). På dei tre siste drikkestasjonane vil det også vere toalett.

Etter målgang får alle løparane varm mat og drikke i tillegg til Ryfastmedalje og diplom  Dei tre beste i både kvinne- og herreklassen får flotte premiar, med ryfastkunstverk frå Glasskjellaren i Strand.

–  Som idrettslag er det jo veldig bra at det har blitt den suksessen det allereie har blitt. Arrangementet vil gi gode pengar til klubbkassane. Idrettslag har jo ei viktig samfunnsoppgåve både med tanke på det sosiale og det helsemessige. Me veit at ved å arrangere noko som dette, får me mange folk ut på veiene i joggedressen. Mange veit at dei må kome seg i form for å klare å fullføre det store målet for året, ryfastløpet. Så å oppnå at fleire kjem seg i trening er jo ikkje lite berre det, slår Harestad fast.

I tillegg til halvmaraton for alle som er 15 år eller eldre, blir det arrangert barneløp og barneskirenn. Skirennet er det Stavanger skiklubb som arrangerer.

– Barneløpet vil garantert gi stor idrettsglede blant dei yngste, dette vil dei nok hugse resten av livet. ■

Rune Harestad (42)

Bur: Jørpeland
Sivil status: Gift, 3 barn
Aktuell: Er dagleg leiar i Staal Jørpeland IL og snart klare med verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton, Ryfastløpet.

Tilbake til toppen