Optimisme på Helgøy

Helgøy, ei frodig øy i Årdalsfjorden i Ryfylke. I mange år har øyfolket drøymt om å kunne koma seg tørrskodd til lands. Aldri har optimismen vore så stor som nå.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 4
Mitt Ryfylke 2015 4

Det er ikkje meir enn eit strekk på 220 meter der brua er tenkt, og med fyllmasse frå Ryfast, meiner senior Jon Arne Helgøy (60) at alt ligg til rette for å få fart på prosessen. Med dagens estimat på rundt 25 millionar er prisen mest halvert frå tidlegare rundar, fortel han.

– Med ferjeavløysingsmidlar på 40 år vil det ha lønt seg med bru etter 25 år, held han fram. Men det er viktig at politikarane handlar raskt og nyttar seg av Ryfast-massen i staden for å dumpa han i Byfjorden. Det er berre 170 000 kubikk som skal til.

Det er berre nokre skyer på himmelen og vindstille der Anne Norunn Helgøy tek oss over fjorden frå kaien i Grønvik på Hjelmeland i open båt. Ho er inngift og tilflyttar til øya, og har funne seg godt til rette saman med odelsguten Kristen Helgøy. Saman har dei fire barn i alderen to til 10 år.

Skjergardsidyll tenkjer me. Ja, smiler ho, det er flott på dagar som dette – men når det ruskar er det ikkje like greit å kryssa metrane over fjorden eller fortøye og få store og små trygt i hamn. Ho er og ivrig tilhengar av brusamband.

– I dag betalar me meir i billettpengar over fjorden for å levera barna i barnehagen, enn det me betalar for barnehageplassen, fortel Anne Norunn.

Aromaepla trillar rundt i setet på transporteren  i det Anne Norunn tek oss med frå kaien på ein rundtur frå kaien på øya. Jordsmonnet er godt – her veks det både moreller, plommer, pærer og tomater, fortel ho. Epla er nett hausta og redda frå dei fyrste frostnettene. Der eit flott skue når sola skin og lauvet frå eple-og morelltre blenkjer i raudt og gult. Det er ikkje lange køyreturen og me passerer «sentrum» ved postkassestativet før me køyrer heim via nabotun og parkerer på toppen av øya heime hjå Anne Norunn og familien.

Hønene er ute, men likevel godt skjerma med netting for grådig hauk.Hundane tuslar fredeleg rundt på tunet, men av og til må dei trø til å jaga rådyr, som kjem sjøvegen for å boltre seg i frukthagane, fortel Anne Norunn.

Jon Arne hugsar godt tilbake til 1971 då dei berre var fem fastbuande på øya.

Den yngre generasjonen på øya utgjer 18 barn. Her ventar f.v Andrea (3), Tiril (20 mnd), Vårinn (3) og Ingeborg (2) spent på at storesysken og søskenbarn skal koma frå skulen.‍

– Då var det mange som meinte me berre skulle pakka saman og flytta, fortel han. Men han og broren Håkon har blitt verande og saman har dei sytt for solid tilvekst på den vesle øya. I dag er det blitt 34 fastbuande med stort og smått fordelt på ni hus. Av atten barn er den eldste 11 år. I tillegg til dei fastbuande er det rundt 25 hytter på øya, så dei fastbuande er godt vane med nokre ekstra barn i sandkassen i ferien.

– Det blir nokre turar over fjorden for familiane som er busette på Helgøy, både for å koma seg på jobb, skule og i barnehage. Men det er kan hende ikkje før ein har barn som skal på aktiviteter etter skuletid ein merkar trykket mest.

Familien Helgøy eig og bedrifta Helgøy Skyssbåt som i dag har 10 årsverk. Av desse er det fire «utlendingar», det vil seia som ikkje er i slekt. Medan rutepakken i samarbeid med Norled står for førti til femti prosent av den årlege omsetninga står firmaturar og andre reiser for resten. Trass i nedgangstider i bransjar rundt dei er 2015 så langt eit toppår for familiebedrifta, som til nå har investert meir enn 35 millionar i nye båtar.

Kristen Helgøy, meiner det ville vore lettare for folk å jobba i firmaet om dei hadde vore landfaste. For dei som har skyssvakt er transporttidene frå så tidleg som 04.45-10.00 og frå 14.00-19.00 og dei har krav om å vera to om bord og har ei responstid på ein time. Då må ein ha base på øya.

Familiebedrifta hadde sin spede start då frukt- og tomatdyrkar Jon Arne starta med båtskyss og skulerute rett over sundet for trettifem år sidan.

Men der nokre løysingar bidreg til utvikling bringer andre heller frustrasjon. Fram til 2000 gjekk bilferja, Lysefjord, som tok alt av bil innom Helgøy. Ferja blei erstatta av hurtigbåt med same namn. Men denne tek berre personbilar og går berre i land på Helgøy tre dagar i veka. Medan tyngre maskinar kunne fraktast på den gamle ferja, må dei i dag leiga ekstra ferje for tungtransport. Det merkast godt for Kristen og Anne Norunn si nye fruktsatsing som har kravd maskinar til både nyrydding og sprenging av haugar for å legge til rette for optimal fruktproduksjon etter modell frå Nederland.

— Eg skal bli skipper, som farfar, når eg blir stor.
[Kristoffer Helgøy (11)]

Han nyttar tida flittig mellom morgon- og ettermiddagsskiftet i Helgøy skyssbåt til å få ferdig den nye eplehagen. Ikkje mindre enn 3000 nye epletre er venta, så her er det berre å henga i med å få stolpar i jord og bambusstenger hengt opp til å feste epletrea i. Dei samarbeidar godt Anne Norunn og Kristen. Han er eldste son til Jon Arne og har nyleg tatt over garden. Inntil nyleg jobba ho som sjukepleiar på Hjelmeland, men nå blir ho ansvarleg for fruktproduksjonen. Etter avgjerda med nysatsing på eple blei det litt vel mykje med turnusarbeid, båtskyss og fire barn.

Svigerfar er særs nøgd med at me vel å satsa stort på frukt, fortel ho. Han kjem stadig og gir meg ein klem. Og det er god hjelp i svigerfamilien både til barnepass, hausting og gode råd.

Den nye metoden krev nye eplebuskar, og ikkje mindre enn 3000 bambusstokkar skal på plass i dei nye rekkene før dei er klare til å  ta imot dei nye epletrea. Målet er å effektivisera og auka produksjonen, med fleire og mindre tre, som er lettare både å halda og hausta. Det er og installert drypp- og gjødselanlegg etter modell frå tomatnæringa.

– Det er for risikabelt å gambla på at det held med den naturlege nedbøren slik ein gjorde tidlegare, smiler Kristen.

Fruktproduksjon har lang tradisjon på Helgøy og Kristen er fjerde generasjons epleprodusent. Etter mange år med dårlege kår for norske epleprodusentar er etterspurnaden etter norske råvarer og kortreist mat i vekst. I tillegg har Innovasjon Norge sidan 2014 opna for frukt som satsingsområde. Ekteparet har blitt inspirert av Roald og Marianne Voll frå Ombo, som starta opp for tre år sidan og nå har hatt si fyrste skikkelege avling.

Med investeringar på vel tre millionar er det godt og avgjerdande for satsinga med støtta dei får frå Innovasjon Norge, seier Kristen. For å få maskinparken til øya for å sprenga og dyrka fem nye mål i fjell har ekteparet måtta leiga ferje med kapasitet til tungtransport ni gonger, som har gitt prosjektet ein meirkostnad på mellom 150-180 000.

Låtten sit laust når familien samlast på tunet på toppen av øya rundt lunsjtider. Her kjem både søsken, søskenbarn, tremenningar, svigerinner og svograr.

– Me føler oss plassert veldig sentralt, ler Kristen Helgøy. Herifrå ser me det mesta.

‍Kristoffer Helgøy (11) trivst godt saman med farfar Jon Arne Helgøy, og som farfar vil Kristoffer bli skipper når han blir stor.

Jon Arne trivs godt med storfamilien rundt seg, og tonen er god mellom han og Olaug Helgøy. Ho kjem opprinneleg frå Kristiansand, der ho var van med å jobba midt i sentrum, så overgangen til Helgøy var temmeleg stor.

– Då eg kom til Helgøy var det ikkje lys her, så eg såg ikkje korleis han såg ut, skjemtar ho. Dei har glimt i auga replikkane er kjappe og låtten sit laust.

Klokka er tolv og dei eldste er nett blitt henta på kaien. Det er kortare skuledag for Malene (11) og Kristoffer (10) tysdagar, og nå er det grilling av pølser på tunet med store og små som ventar. Dei minste borna stråler opp når dei ser storesøsken og søskenbarna som kjem frå skulen.

Kristoffer er eldste guten til Anne Norunn og Kristen og hadde det vore opp til han ville han ha vore med farfar på sjøen heile dagen. Men han må nøya seg med tida etter skulen. Då kan han fortelja at han både er skipper og matros og han har framtidsplanane klare.

– Eg skal bli skipper. Sjølv om han er kjempeglad i eple og likar å hjelpa til på garden, er det sjøen som lokkar mest. Det kjekkaste er å vera på sjøen, og det skal litt til før eg blir sjuk, smiler han lurt.

Dei er glade i livet på sjøen heile familien, men for at den oppveksande generasjonen skal sjå mon i å bli etablera seg på øya er eit landfast tilbod på sikt mest naudsynt.

– Eg som driv med skyssbåt burde vel strengt tatt ikkje vore for verken bru eller tunell, smiler farfar Jon Arne. Men, seier han meir alvorleg, eg ser at det er framtida og me har hatt mange framsteg og velvilje frå Hjelmeland kommune i prosessen. ■

Tilbake til toppen