Ny sjef på Preikestolen

Helge Kjellevold trur erfaringa frå bilbransjen kan vere god å ha når han skal utvikle Lysefjorden og Preikestolen som berekraftige reisemål.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Det viktigaste er å utvikle og forvalte destinasjonen på ein berekraftig måte. Det inneber at destinasjonen skal vere berekraftig på natur, miljø og kultur, meiner Helge Kjellevold som nyleg starta i jobben som dagleg leiar for Lysefjorden Utvikling og Stiftelsen Preikestolen.

- Vidare skal den vise igjen og vere forankra i lokalsamfunnet. Sist men ikkje minst skal den skape grunnlag for lønnsemd. Dette er ikkje gjort på kort sikt. Det er eit kontinuerleg arbeid som må vere forankra i ein strategi om kor me vil hen. I dette ligg det sjølvsagt mange enkeltprosjekt som i sum skal bidra til at Lysefjorden og Preikestolen framstår som attraktive reisemål for regionen og Norge, slår han fast.  

Lysefjorden Utvikling AS og Forsand Kommune har nettopp motteke merket for bærekraftig reisemål frå Innovasjon Norge og det forpliktar i det vidare arbeidet, slår han fast.

–  I tillegg til dette så inneber og jobben tilrettelegging og drift av alt som er knytt opp til sjølve trafikken til Preikestolen. Logistikk, parkering, tryggleik, miljø og tilrettelegging. Liknande ansvar har me og på Kjerag.

Helge Kjellevold har brei erfaring. Han har utdanning frå både marknadsføring og reiseliv. I karrieren så langt har han blant anna drive vandrarheim på Bømlo, vore reiselivskonsulent og næringssjef i Hjelmeland, men dei siste 15 åra har han vore dagleg leiar i bilbransjen, no sist frå Ålgård Auto. Ei erfaring han trur blir viktig, også i dette arbeidet.

Eg trur eg kan ha nytte av tre hovudområde. Først og fremst er kundefokuset viktig, det me held på med skal vere bra for kunden slik at me i neste omgang kan sikre lønnsemd. Det same gjeld både i bilbransjen og i Lysefjordenområdet. Me må utvikle ein destinasjon som er bra for gjestene, lokalbefolkninga og grunneigarane. Då kan me skape eit kommersielt grunnlag som er langsiktig. Dei andre punkta eg tar med meg er at eg er vane med stadig endring i forhold til marknad og trendar, og digitalisering og bruk av ny teknologi kombinert med miljø.

– Her må vi ha eit langsiktig og berekraftig perspektiv, meiner Kjellevold.

Sjølv stammar han frå Hengjane i Lysefjorden, der familien framleis er grunneigarar. Han er historieinteressert og kan fortelje mykje lokalhistorie frå fjorden.

– Eg har vel stort sett vore overalt langs fjorden. I ungdommen jobba eg på Preikestolen fjellstue og sprang opp til «stolen» heile sommaren.

– Kvifor trur du akkurat du fekk jobben?

– Sei det. Eg har variert bakgrunn frå det offentlege og det private næringslivet. Dessutan har eg reiseliv som fag og har arbeidd med næringsutvikling. Eg trur eg er ein person som kan manøvrere mellom mange miljø. I tillegg trur eg at min styrke er ein viss struktur kombinert med kreativitet.

Dei første månadane i ny jobb skal han bruke til å bli kjent med nye arbeidsoppgåver og kollegaer, så startar snart ein ny høgsesong. Han er glad tidlegare sjef Audun Rake framleis er med på laget, sjølv om han er i god ferd med å bli pensjonist.

– Kva blir viktig å tenkje på i forhold til tryggleik på turen til Preikestolen, som stadig fleire tar?

– Tryggleik er viktig med tanke på at det kjem mange ulike menneske med ulik bakgrunn og forutsetningar for å klare turen. I tillegg har me ein trend der folk besøkjer Preikestolen og om vinteren. Ein kombinasjon av menneskelege ressursar, fysisk tilrettelegging og teknologi vil bli viktig framover.

– Favoritt–tur i Ryfylke?

– Det må bli inn til Hengjane.

– Drøymer om?

– Å få vere med å utvikle ein berekraftig reiselivsdestinasjon som me kan vere stolte av både lokalt og nasjonalt. ■

Tilbake til toppen