Idrettsglede i hundre

100 år med idrettshistorie har sett djupe spor i Sauda. No ser Sauda IL fram mot nye utfordringar.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 3
Mitt Ryfylke 2019 3

Inne på Idrettsbrakka ved Sauda Stadion står pokalane tett i tett, på veggen heng bilete av sigersrus, idrettsglede og konkurranseinstinkt. Halvor Seltveit og Irene Juvet Hugdal har opna øskjene med årets kalender idrettslaget sel på dugnad, skal ein sikre inntekter er ein heilt avhengig av gode eldsjeler som stiller opp år etter år.

– Det trengs mange frivillige gjennom året. Berre til 17. maifeiringa treng me 100 frivillige i Sauda-hallen. Mange av oss har også vore med i idrettslaget på ein eller annan måte i mange år, men det er jo veldig kjekt og givande, seier Irene medan Halvor nikkar.

Irene har sjølv bakgrunn frå handballen, både som utøvar og trenar. No er ho leiar for styrkeløftgruppa der dotter og verdsmeister Hildeborg er frontfigur. Halvor er leiar for hopp-gruppa og gler seg over å sjå nye talent hive seg utfor stadig høgare hopp. Ein gong i tida var det han sjølv som var talent. Med seg denne dagen har han dei hopp-glade ungdommane Fredrik Hocking, Nathaniel Olsen Seltveit og Vegard Drarvik. Gutane har fått smaken på å hoppe på ski, redsle har dei ikkje lenger. No er det berre spenning i svevet og gleda over å ete stadig fleire meter som gjeld.

Kjell Ole Øverland og Jakob Austrheim i parstart ved «gamle Austerheim skule» i 1962.
Stein Ivar, Edvin og Jarle Halsnes i aksjon.
Styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal. (Foto: Fotograf Nordtveit)
Glenn Tore Løland på topptur. (Foto: Privat)

Sauda Idrettslag vart stifta 22. februar 1919. I oppstarten hadde laget 23 medlemmer, i dag tel idrettslaget om lag 850 medlemmer fordelt på ni ulike grupper. I jubileumsboka som Odd Magne Lønseth og Kåre Rød har skrive blir det peika på at overgangen frå eit tradisjonelt bondesamfunn til ein industriby med mange tilflyttarar truleg er noko av grunnlaget for at idrettslaget vart starta nett då.

– Idrettslaget i Sauda er stort og har veldig mange idrettar. Dei aller fleste i Sauda er innom idrettslaget i livet, som utøvar eller frivillig, meiner styreleiar Håvard Rosnes.

Dei siste åra har idrettslaget investert om lag 10-12 millionar i ny varmestove, ny trakkemaskin i langrennsløypa, nytt løypenett og lysanlegg. Hoppgruppa har også kjøpt inn trakkemaskin, i tillegg til at dei har eit stort garasjeprosjekt som ikkje er gjennomført endå.

– Me har òg gjennomført prosjekter ved stadion, tuftepark og kiosk. Det er klart så store prosjekt krev mykje, både av økonomiske midlar og dugnadstimar. I Slettedalen er det lagt ned over 1000 dugnadstimar dei siste åra, fortel Håvard som er glad for støtta frå det lokale næringslivet og Sparebankstiftingane som har gjort alle investeringane mogleg.

– No vil me sluttføre prosjekta som ikkje er ferdige, og så er me i gang med eit arbeid for å sjå på korleis me skal organisere oss framover.

Gladys Halsnes var forut si tid i bakken.
Thomas Karbøl Oxaal satsar mot Paralympics i 2022. (Foto: Privat)
Luftige svev over Sauda under Sauda Backcountry Challenge. (Foto: Per Inge Fjellheim)
Per Ivar Sivle var i si tid Norges fjerde raskaste på løpebana.

I Sauda IL kan ein delta både i handball, fotball, styrkeløft, langrenn, randonee-klubb, friidrett, freeski & snowboard, alpin, langrenn og hopp.

Det er lenge sidan Kjell Ole Øverland og Jakob Austrheim konkurrerte i langrenn på 1960-talet.

Då var det treski, nikkers, anorakk og topp-hue som gjaldt. Historiebileta som blir tatt i dag ser annleis ut, men idrettsgleda innerst i industribyen er den same. ■

– Idrettslaget i Sauda er stort og har veldig mange idrettar. Dei aller fleste i Sauda er innom idrettslaget i livet, som utøvar eller frivillig
[Håvard Rosnes, Styreleiar Sauda IL]
Tilbake til toppen