Fargerike blomegleder

Med friske fargar og ein god porsjon kreativitet skaper Anne Dale Nordbø blomehelsingar som er til glede for mange.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 3
Mitt Ryfylke 2018 3

Anne Dale Nordbø står bak den knallgule disken på garasjeloftet heime på Byrkja på Hjelmeland. På disken ligg det blomar i alle slags fargar, julepynt, greiner og grønt, midt mellom alt står ho sjølv og tryllar fram eit såkalla reir, ein låg blomebukett som passar godt i låge vasar. Med rutinerte hender legg ho reiret i den eine handa før ho plasserer blomar og dekor i ein imponerande fart. Den mest hektiske tida for blomsterdekoratør Nordbø står for tur, og i desember kan ho sjå langt etter lange kveldar med kakebaking og adventskos. Allereie på sommaren byrjar Anne å planlegge jul.

— Før jul blir det mange lange arbeidsdagar ja, men det er kjekt, ikkje minst å kunne glede alle kundane som tar kontakt og som skal ha blomegåver eller pynt til sin eigen heim, seier ho og kikkar rundt seg.

— Du skulle vore her i går, då såg det ikkje ut her, seier ho og lar hendene gå ein runde i lufta. Eg har på ein måte system i rotet og, men eg måtte rydde før de skulle kome.

Bak lilla skåpdører skjuler det seg ei imponerande samling av små detaljar som kongler, tørka epleskiver, og nostalgisk julepynt. I ein krok på loftet står det sirlege stablar med korger, spann og vasar. Etter 12 år i bransjen veit Anne kva som må til for å kunne trylle fram vakre blomar til alt frå dåp, bryllaup, gravferd eller som no når julefeiringa står for tur.

Ho starta hjå Blomsterhjørnet på Hjelmeland i 2006, etter kvart vart ho lærling og tok fagbrev som blomsterdekoratør i 2011. I 2016 vart blomebutikken ho jobba på lagt ned, og Anne sto framfor eit avgjerande val. Enten kunne ho finne seg ein annan jobb, eller starte for seg sjølv.

— Det var berre å hoppe i det, eg opna dørene her rett etter at eg mista jobben, og det har eg ikkje angra på. Gründerlivet passar meg godt, eg styrer dagane mine sjølv og får meir fridom, slår den kreative blomsterdekoratøren fast.

— Det gjekk unna i rekordfart då eg først hadde bestemt meg, det var jo ingenting å vente på. Eg har ikkje investert mykje heller, her oppe på loftet var det barna som styrte, eg måtte kaste dei ut, men det gjekk greitt, seier ho og ler. Barna Daniel (18), Christoffer (16), Maren (10) er blitt så gamle at det er lettare for mor å satse på ei eiga bedrift der mange arbeidstimar blir lagt ned. Både dei og mannen Rune støttar mor sitt val.

I tillegg til fagbrevet som blomsterdekoratør er ho utdanna utstillingsdesignar, noko som gjer at ho ikkje berre kan levere blomar, men også ta seg av utstillingar for butikkar og bedrifter. I tillegg sel ho helse- og velværeprodukt frå blomeverkstaden. Ho har ikkje noko stort blomelager, så hjå Anne må ein bestille i god tid dersom ein vil sikre seg noko frå verkstaden hennar.

—  Tenk enkelt, eg likar det rustikt og naturleg.
[Anne Dale Nordbø]

Ho blir inspirert av å skape noko som kan glede andre, og ikkje minst ved å kunne spele ei rolle på dei store dagane hjå folk. Anna inspirasjon finn ho også på Instagram, og så er ho alltid innom blomebutikkar som ho passerer.

— Eg kjem tett på folk, og er ofte med i både sorg og glede. Nokre kjem her kvart år med same skåla og vil ha den same juledekorasjonen dei alltid har hatt. Andre ynskjer eit annleis uttrykk i bryllaup eller ein spesiell bursdag.

— Og eg er der når familien er i sorg, gravferder er jo ein stor del av bedrifta mi. Sjølv om det er tungt, er det og godt å kunne vere der for dei, fortel Anne med ettertanke.

Ho speidar utover juletreskogen til faren Jon E. Dale, tidlegare denne dagen tok ho på seg regnklede og støvlar før ho vandra ut i juletreskogen for å samle inn grønt til juledekorasjonar, kransar og bukettar. På benken inne på loftet står ein julenisse som treng ny og grøn drakt, så blir den raskt klar for nok ei julefeiring hjå ein av Anne sine mange faste kundar.

— Eg har kundar frå heile kommunen, og det er eg glad for. Det handlar jo og litt om å kunne halde opp eit godt tilbod her lokalt.

— Har du gode førjulstips til korleis ein kan pynte til ei vakker adventstid og julefeiring?

— Tenk enkelt, eg likar det rustikt og naturleg. Prøv å samle inn kongler og mose frå alle slags tre, nokre greiner med litt kvit mose på er vakkert i seg sjølv. Og hugs på at ein enkel krans på døra gir god stemning. Det er ikkje alltid det treng å vere så avansert, fortel blomedekoratøren.

— Hugs på at du må vaske vasane som  blomebukettane dine står i. Dei aller fleste hugsar på å vatne blomane, men viss ein klarer å vaske dei ein gong i veka, så unngår ein bakteriar og blomane klarer å stå lenger. Hugs også på å setje dei kaldt på natta viss du kan, slår Anne fast.

Jula er høgsesong for blomedekoratør Anne Dale Nordbø, i desember blir det mange lange arbeidskveldar.

Yndlingsfargane til Anne går igjen i alle dei bognande blomane, her er det nydelege variantar av lilla og rosa. Ho trivst godt med å bruke kreativiteten fritt, sjølv om det viktigaste er å lytte til kunden.

— Det er travle, men gode dagar dette. Sjølv om det no er blitt luksus å få sjansen til å lese ei bok eller å strikke litt, seier Anne og viser fram det ferdige reiret. Buketten blir sett saman med dei andre blomehelsingane som ventar på nye eigarar, kvar og ein får sitt eige klistremerke med logoen på. ■

Tilbake til toppen