Berekraftig livsstil

Ho kallar seg sjølv ein moderne hippie. Elin Rydningen (51) har opna dørene til eit drivhus av dei sjeldne.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 1
Mitt Ryfylke 2018 1

Elin Rydningen står i drivhusdøra og ler hjarteleg samstundes som ho vinkar oss inn i varmen. Ute trommar dei store vassdropane på drivhustaket, inne er det hjarterom og ein heilt særeigen atmosfære. Elin og gartnar Kjetil Grøtte har tent stearinlysa, dei heng opp på raude, innbydande chili, medan dei vandrar mellom urte-planter, blømande roser, gamle oljefat, ein pallesofa og eit gamalt badekar fylt med blomar. Drivhuset på Helland i Rennesøy er ikkje heilt som andre drivhus. Her veks det ikkje berre urter og blomar, det veks og meiningar og meiningars mot, det handlar om å ta vare på den jordkloden ein bur på, og ikkje minst våge å seie det høgt. Våge å innsjå at miljøvern ikkje berre er fine ord, men og handling.

– Det er ingen løyndom at me bur i eit kjøp og kast-samfunn. Me kan ikkje ha det slik for framtida, men eg har tru på ungdommen, det veks ein trend for gjenbruk og om å ta vare på naturen på ein betre måte. Eg stolar på ungdommen, slår Elin fast.

‍Elin Rydningen og gartnar Kjetil Grøtte har tent stearinlysa, dei heng opp på raude, innbydande chili, medan dei vandrar mellom urte-planter, blømande roser, gamle oljefat, innbydande langbord og nokre ideologiske ord som er spikra på veggen.

Sjølv står ho fjellstøtt midt i drivhuset, kledd i dongeribukse, svart t-skjorte og kufte. Håret er dandert i rette sveisen og dei svarte designbrillene dansar på nasen. Ho svingar seg gjennom drivhuset medan ho fortel at her kan dei dekke til opp mot 140 bryllaupsgjester, eller at lag og organisasjonar har hatt alt frå tacokveldar til yoga-arrangement i drivhuset.

– I min eigen 50–årsdag var me 190 gjester her, det var fullt hus, men det gjekk kjempebra, seier ho og kikkar rundt seg.

I den eine enden av drivhuset er det ein eigen scene med piano, her er langbord som er laga av gamle dører og fargerike tønner fungerer som bord der det er utstilt stearinlys og fargerike dekorasjonar med grønsaker og blomar. Der andre ser rust og utdaterte møbler ser Elin sjel og eleganse.

– Det er mange som stikk innom her og blir overraska. «Er det slik det ser ut», seier dei ofte.

Og Elin er glad i folk, og glad i besøk. Før jul i fjor arrangerte dei den første julemarknaden i drivhuset. Det er også fleire aktørar som allereie er inne i drivhuset. Møyfrids urter har sin eigen parsell her, og Ledaal teppeveveri er her med si teppeutstilling.

– Det er jo ein del av draumen, at andre småprodusentar kan ha jobben sin her, og at me kan selje mat produsert på lokale råvarer.  

Den tidlegare SV-politikaren er grøn til fingerspissane. Ikkje berre er ho miljøvernar og tilhengar av økologisk mat, klede og blomar. Ho er også gartnar og driv eit hagearkitektfirma som aller mest ynskjer å lage hagar med sjel, hagar som nesten snakkar på eiga hand. Ideen til å skape liv i gamle drivhus kom då ho tok studiet samfunnsentrepenørskap der ho kom i kontakt med fleire bønder som hadde slutta med drift i drivhusa, no sto berre husa igjen.

– Då me flytta til Rennesøy hadde eg ikkje lyst til å bruka tid på køyring til Stavanger på jobb, og det var eit mål å bu nært på jobben. Då kom ideen om å skape noko nytt i det som var her frå før. Det var mange moglegheiter i dei tomme drivhusa, som sto her utan liv. Bøndene var og veldig opne for at me kunne skape noko nytt, seier Elin som opphavleg er frå Bømlo.  

– Me kan ikkje sjå på at desse flotte bygningane forfell. Det er godt å få inn nytt innhald i dei.

I dag leiger ho drivhuset som er 1000 kvadrat, framover drøymer ho om fleire liknande hus. Grensene for kva drivhusa kan innehalde er det berre fantasien som set. Draumen er at dei to bedriftene hennar kan få kontorplass samla i drivhuset. I dag har ho kontorplass i Ryfylke Næringshage i Vikevåg.

– Så drøymer eg om at andre skal bli inspirert, at me får til ein småskalaproduksjon av mat og urter, og at dette kan fungere som ein samlingsplass for dei som vil produsere noko. Tenk om me kunne fått opp eit kjøkken med kule kokkar, det hadde vore spanande det, der me kunne selje mat frå Ryfylke.

– Det er ein livsstil dette, slår ho fast og snur seg rundt. Drivhuset vart opna i februar 2016 og Elin vil helst ikkje tenkje på alle arbeidstimane som er lagde ned på kort tid for å få huset opp å gå.

I dag leiger dei inn kokkar til arrangement. Og maten som blir servert skal i all hovudsak vere økologisk, aller helst skulle Elin sett at alt var økologisk, frå bryllaupskjolar til festmiddagar.

– Me har hatt nokre økologiske bryllaup her, det er tøft. Men eg skjønar jo at ikkje alle som leiger lokalet her er like interessert i dette som meg, men det er viktig for meg å inspirere og få fortelje litt om kvifor eg brenn for miljø og berekraftig livsstil.

Redesign og gjenbruk er trendi, det er in å vere oppteken av miljøvern og grøne verdiar. Elin er glad for at spesielt yngre generasjonar ynskjer å leve meir berekraftig. Ho løftar fram permakulturen, som i følgje Norsk Økosamfunns Forening kan bli definert som eit planleggingssystem der ein baserer seg på å arbeide med, og ikkje mot naturen. I permakulturen er ein oppteken av fornuftig forbruk og fordeling av ressursar. Ein må forvalte jordkloden på rette måten skal det vere noko å ta over for komande generasjonar, meiner Elin.

Ho forsvinn inn på kjøkkenet og hentar sin eigen komponerte urtete til oss. Urtedrikken blir servert i små syletyglass med kvar sin rosa serviett rundt. Detaljane er viktige.

– Eg veit jo aldri heilt korleis smaken blir, men den er i alle fall laga frå botnen av, seier ho og ramsar opp urtene som har funne vegen oppi. Deriblant Alchemilla, eller marikåpe som ho og blir kalla, denne planta som starta det heile, og som har gitt namnet sitt til drivhuset på Rennesøy. ■

Tilbake til toppen